søndag 24. juli 2011

Tid for stillheit

Etter ei helg med ufattelege meldingar om tragedien ved Utøya og i Regjeringskvartalet, gjorde det godt å ha ei stille stund i kajakk på fjorden.

lørdag 23. juli 2011

22.07.2011

Det har gått over eit døgn sidan den forferdelege tragedien på Utøya og i Oslo, men det er framleis vanskeleg å fatta kva som har hendt.

Eg håpar i det lengste det er ein gal manns verk, slik det ser ut som no, og ikkje noko organisert terrorangrep med tydelege politiske og religiøse motiv.. Sjølv om det ikkje hjelper ofra og pårørande, trur eg det er bra for framtida vår at det ikkje var ei ugjerning med islamistisk tilknyting.

Den politiske leiinga i landet har synt seg vaksne for den voldsomme påkjenninga og komme med kloke ord. La oss håpa dei også blir følgde opp. Terroren må møtast med meir demokrati og meir openheit, som statsministaren sa, men utan at me dermed blir naive.

fredag 22. juli 2011

IBM i 100

IBM feirer 100 år og reknar med det oppstarten til 1911 og samanslåinga av dei fire selskapa the Tabulating Machine Company, the International Time Recording Company, the Computing Scale Company og the Bundy Manufacturing Company. Det nye selskapet fekk namnet the Computing Tabulating Recording Company. Først i 1924 skifta dei namn til International Business Machines (IBM).

Den velkjende logoen, her henta frå Wikipedia, fekk si noverande utforming i 1967. Den er eit av verdas mest kjende varemerkje, sjalusi-forma initialar i skrifttype City Medium.

Stadig i endring, men med tydelege verdiar
At eit teknologiselskap kan sjå tilbake på 100 års historie, er ganske fantastisk. Som det også blir sagt i essayet trykt i Wall Street Journal i juni i år, var berre to av dei 25 største selskapa i 1900 å finna i 1960. Og av dei 25 største selskapa i 1960 er berre seks å finna i dag. Det handlar mykje om å byggja for framtida, og det er noko IBM har vore flinke til. I tillegg til konstant vilje og evne til endring og tilpassing, har ein sterk bedriftskultur forankra i ein stolt tradisjon, vore det viktigaste.

Den sterke bedriftskulturen i IBM er først og fremst Thomas J. Watson si forteneste. Han leia selskapet frå 1914 til 1956 og var den som bygde fundamentet for konsernet. Han vart etterfølgt av sonen, Thomas J. Watson Jr. Evna til å endra seg i takt med omgivnaden og samtidig halda fast på kjerneverdiane, formulerte TJW Jr. slik:
“I believe that if an organizationis to meet the challenges of a changing world, it must be prepared to change everything about itself, except its beliefs.”
IBM er i dag sterkare enn nokon gong, etter ein del vanskelege år på slutten av 1990-talet og starten av 2000. Dei har hatt ei enorm betydning for IT-utviklinga, og dette er berre nokre av dei viktige bidraga deira dei siste 40-50 åra:

FORTRAN
FORmula TRANslation - FORTRAN - var det første høgnivå programmeringsspråket og vart presentert i 1957. Fram til den tid innebar programmering koding i maskinkode og difor tilpassing til kvar einaste datamaskin. Med FORTRAN vart det nesten "write once - run everywhere", i alle fall gjaldt det for alle datamaskiner som hadde FORTRAN-kompilator.

CICS
Customer Information Control System - CICS - er eit mellomvare-system (program) som handterer transaksjonar. Dagens finanssystem ville vore utenkjelege utan CICS, og det er framleis sentralt rundt om.

RISC
Reduced Instruction Set Compuer - RISC - er ein meir effektiv og optimalisert arkitektur for prosessoren i ei datamaskin. Tanken bak arkitekturen er ei slags 80/20-haldning: Reduser talet på instruksjonar til dei 20 % mest brukte, og dei vil til gjengjeld blir utførte mykje raskare.

DES
Data Encryption Standard - DES - vart utvikla av IBM på 1960- og 70-talet og vart ein offisiell krypteringsstandard i USA i 1977. DES har vore arbeidshesten i moderne kryptering i fleire tiår, ikkje minst i finanssektoren (minibankar ++). Som sikkerheits-guru Bruce Schneier seier: “Almost all of the encryption algorithms ... can trace their roots back to DES.”

Computer Science som fag
IBM har alltid sett forsking og utvikling (FoU) i høgsete, og har fostra mange framståande forskarar. Tett kopling til akademia har vore eit varemerkje frå tidleg av, og i 1945 opna dei the Watson Scientific Computing Laboratory ved Columbia University. Året etter vart den første IT-utdanninga (Computer Science Curriculum) tilbydd.

Fraktal-geometri
IBM-forskaren Benoît Mandelbrot vart verdskjend etter publisering av det som seinare vart kalla "fraktal-geometri". Det er ei matematisk løysing på ikkje-Euclidske geometriske førekomstar, vanlege i naturen. Eit eksempel er kystlinja til eit land. I grove trekk kan den beskrivast med Euclidsk geometri, men til meir ein forstørrar målestokken, til større blir irregularitetane i høve vanleg geometri. Men visse mønster blir gjentekne tilsynelatande uendeleg, og det er dette fenomenet som blir kalla fraktalar og fraktal-geometri.

PC-en
I august 1981 presenterte IBM den første PC-en (den første som brukte DOS operativsystem), og "historia vart endra for alltid". PC-en sette standarden for all utvikling innan personlege datamaskiner, og takka vera den opne arkitekturen og ingen patent-barrierer, vart det fritt fram for andre å kopiera og forbetra produktet. Den opne arkitekturen var heilt avgjerande, men mykje tyder på at det var IBM si eiga undervurdering av kva betydning PC-en ville få, som gjorde at den vart så open. PC-en og val av MS-DOS markerte også for alvor starten for Microsoft - ein allianse som seinare vart endra til at dei to vart knallharde konkurrentar (Windows mot OS/2).

Magnetstripa (på kort)
For denne oppfinninga gjeld i høgste grad at "bak ein kvar stor mann, står ei kvinne". IBM-ingeniør Forrest Parry streva i 1969 med å kombinera ein magnetisert tape-bit med eit kort for å laga eit identitetskort for CIA. Han nemnde problemet for kona som tilfeldigvis stod og strauk klede (skjortene hans, sannsynlegvis:). Ho føreslo å bruka eit strykejarn, og det gjorde han. Voila - magnetkortet var oppfunne!

DRAM
Forskar Bob Dennard ved IBM laga det første ein-transistor-minnet midt på 1960-talet og kalla det "Dynamic Random Access Memory". Det er nesten unødvendig å seia at dette revolusjonerte utviklinga av datamaskiner. Alle som har sett kor stor skilnad det er å ha data/program i minnet kontra på lagringsmedium, veit kva ytelses-dimensjonar me snakkar om.

UPC strekkode
Universal Product Code - UPC -  vart oppfunnen i 1973 og har hatt enorm innverknad innan alt av varehandel og transport. Strekkoden som symbol er i sanning universell og lett gjenkjenneleg. Men sjølve strekkoden vart alt teken patent på i 1949, av N. Joseph Woodland. Han begynte seinare i IBM, men var då ved Drexel Institute of Technology. Men strekkoden låg urørt heilt til rundt 1973 då laser-scanning var begynt å ta form. Først med kombinasjonen strekkode og laser-scanning, vart UPC ein realitet.

Også mistak
IBM er store nok til også å innrømma at dei har teke feil nokre gonger. Eg trur ikkje IBM hadde vore der dei er i dag, om dei ikkje hadde den evna også. Sjølv nemner dei OS/2 som eit feilgrep. Det vil seia, sjølve OS/2 var ikkje eit feilgrep, men å halda fast på operativsystemet så lenge etter at brukarane hadde forkasta det, var ei feilvurdering.

Dei nemner også IBM PCjr som ein monumental fiasko. Oppfølgjaren til den originale PC-en var tenkt å bli ein kjempesuksess, men vart det motsette. Prodigy var ei online-teneste på linje med AOL og CompuServe. På det meste hadde dei nesten 500 000 abonnentar (1990), men så kom World Wide Web og slo knock out på dei lukka online-tenestene. IBM omtalar sjølv tenesta som "ahead of its time", men her er dei litt for lite ærlege. Sanninga er at proprietære løysingar som Prodigy, AOL og CompuServe ikkje hadde sjanse mot dei opne Internet-standardane.

Dersom det skal hellast litt malurt i jubileumsbegeret er det nettopp at IBM først og fremst har fremja sine eigne produkt og "standardar". Lenge var IBM synonymt med bransjestandard, og det vart sagt at "ingen hadde mista jobben for å ha valt IBM". Deira verdsomspennande kommunikasjonsstandard heitte SNA (Systems Network Architecture) og var i direkte konkurranse med TCP/IP. Internett kom like bardust på IBM som på mange andre store føretak, Microsoft inkludert.

Seinare har IBM innsett verdien av opne standardar og fri programvare og har gjort Linux til ei storsatsing internt. IBM leverer no like mykje programvare-løysingar bygt på fri programvare som på eigne lukka plattformer. Igjen eit godt eksempel på kor flinke dei har vore til å tyda utviklingsteikna og tilpassa seg dei. Dei har alle mulegheiter til å oppleva nye 100 år om dei held fram som dei har gjort.






onsdag 20. juli 2011

Offentleg nettsky?

Image by IvanWalsh.com CC-BY-NC
Så skjedde det igjen; ei ny offentleg nett-teneste knela då det gjaldt som mest. Denne gongen var det Samordna opptak som streika. Det er heller ikkje første gongen den bryt saman under omfattande bruk, det er faktisk den fjerde! Det minner om Altinn, som har feila fleire gonger i den siste tida. Men utruleg nok finst det ikkje informasjon om innloggingsproblema på www.samordnaopptak.no

Programvare og maskinvare
Skalering av nett-tenester er ikkje mitt primære kunnskapsområde, men problem av denne typen kan grovt delast i programvare og maskinvare. Sjølvsagt er det fleire nyansar; mellom anna fleire lag av programvare og også kommunikasjonen spelar ei viktig rolle. I den vidare diskusjonen om nettsky-løysingar, er det maskinvare inkl. kommunikasjon som er mest interessant.

Stor variasjon i bruksomfang
Når fleire sentrale offentlege nett-tenester bryt saman når det gjeld som mest, er det grunn til å tenkja nytt og å tenkja på tvers når løysingar skal diskuterast. Det er dårleg økonomi om kvar enkelt teneste optimaliserer for eigen maks-bruk, utan tanke på at desse toppane er spesielle og at resten av året går det stort sett på tomgang.

Nettskya (cloud computing)
Det er her nettskya ("cloud computing") peikar seg ut med ekstrem fleksibilitet til å takla stormtoppar. Nettskya er mest av alt ein forretningsmodell, der full fleksibilitet er det sentrale: du betaler berre for det du brukar i augneblinken. Det er same modellen som for straumforbruk; du betaler for det du brukar, verken meir eller mindre.

Offentleg nettsky?
Offentleg sektor er nøydde til å vurdera nettsky-løysingar som alternativ til dagens kostbare ASP- eller eigne driftsløysingar. Det største hinderet er sikkerheit og personvern (her er ein diskusjon om Narvik kommune sin bruk av Google-verktøy). Dette er viktige spørsmål som krev grundige vurderingar.

Eit spørsmål er om me kan etablera ei eiga nettsky for offentleg sektor her til lands? I Danmark har dei vurdert dette og konkludert med at marknaden er for liten til at ein kan henta ut dei gevinstane som ligg i nettsky-teknologien. Det er stordriftsfordelar som er stikkordet, og det må alvorleg store dimensjonar til for at ein skal ta ut desse fordelane.

Norge i nettskya
Teknologirådet har sett i gang prosjektet "Norge i nettskya" der dei tek opp akkurat dette problemet. Sjølv er eg med i ekspertgruppa som skal støtta sekretariatet til å finna fram til gode tilrådingar. Eg skal ikkje føregripa arbeidet, men det som er diskutert over er klart noko av det som blir teke opp i prosjektet.

Individuelle løysingar eller fellesskap?
Eg meiner dei problema både Altinn og Samordna opptak no har opplevd, må løftast opp på eit høgre nivå, på eit tverrdepartementalt nivå, og ein må vera villege til å sjå på og vurdera nye løysingar som nettskya for denne typen tenester som har eit veldig variabelt bruksomfang i løpet av eit år. Teknologirådet sitt prosjekt kan gjerne takast med på råd her.

søndag 17. juli 2011

Dansk og norsk jazz

Danskane har lange tradisjonar for nært samarbeid med amerikanske (les amerikansk som 'USAnsk') jazz-musikarar. Alt frå 1950-talet var Danmark eit populært land for amerikanske jazzmusikarar, og store namn som Stan Getz, Oscar Pettiford, Dexter Gordon, Ben Webster, Thad Jones med fleire busette seg i landet. Jazzhouse Montmartre var ein sentral samlingsstad for danske og amerikanske musikarar (og andre). Seinare tok Copenhagen Jazzhouse over som den sentrale møteplassen for jazz i København.

Thad Jones var mellom anna leiar av DR Big Band (Danmark Radios BB), noko som heilt klart har sett sitt preg på særleg dansk storbandjazz. Det forklarer at ein kan finna utilslørte soul-/funkstorband som MI22 (biletet) som framfører amerikansk-inspirert storbandmusikk på høgt nivå (bandet har faktisk spelt med Thad Jones). Her til lands ville det nærmast vera utenkjeleg anna enn på amatørnivå.

Stolte amerikanske inspirasjonar
Danskane legg ikkje skjul på den amerikanske inspirasjonen, og Copenhagen Jazz Festival er også prega av dette, på ein positiv måte. Den amerikanske påverkinga kjem til uttrykk gjennom ei utover-retta haldning til musikken der underhaldning av publikum er eit mål.

Norge: Alt bortsett frå amerikansk
Dette står til dels i sterk kontrast til den norske jazzen og dei norske haldningane. Her overforenklar eg sjølvsagt biletet, for det finst variasjonar og unnatak. Men for norske jazzmusikarar har det nærmast vorte tabu å seia at du er inspirert av amerikansk jazz. Det er "såå 50-/60-tals". Norske jazzmusikarar skal helst vera inspirerte av norsk folkemusikk (det er jo forsåvidt bra), indisk raga, kinesiske pentaton-skalaer, ghanesiske trommer - kort sagt alt bortsett frå amerikansk musikk.

Sært og gravalvorleg
Legg til også ei meir innoverretta haldning til musikk og publikum, og du får eit bilete der jazz blir noko sært og gravalvorleg. Eg saknar den vitale, livsglade musikkhaldninga og musikken som jazzen ein gong representerte. Det betyr ikkje at musikken må vera nostalgisk og "neo-bop"-orientert, berre at ein tek med seg dei mest positive sidene av jazzrøtene.

Norsk jazz = ECM?
Norsk jazz har vore sterkt prega av selskapet ECM (Mannfred Eicher), og det har skapt ein eigen "sound" som står langt frå den amerikanske. "Amerikansk" er her i litt overført tyding, for det finst også amerikanske artistar i ECM-stallen (ikkje minst store namn som Keith Jarrett). Eg meiner likevel at ECM-dominansen har vore litt for sterk her til lands, og at me med den har mista litt av den sprudlande, overskots-baserte musikken som jazz i høgste grad kan og bør vera.

Norsk jazz som har nådd ut
Det er interessant å sjå på dei få publikumssuksessane innan norsk jazz. Utanom Jan Garbarek, som ei nokså einsleg stjerne med sin høgst eigenarta musikk, er det få som har evna å nå ut til eit breiare publikum. Eit eksempel er gruppa Come Shine, som for snart 10 år sidan var noko så sjeldant som ei jazzgruppe med ein appell som nådde langt utanfor dei tradisjonelle, litt lukka, jazzkrinsane. Eg meiner det skuldast nettopp den utoverretta, overskots-baserte musikken som brukar det beste frå amerikansk jazz.

Come Shine avslutta samarbeidet for 4-5 år sidan, men er samla att i høvet opninga av Oslo Jazzfestival 15. august - ei opning som markerer 25-årsjubileum for OJF.

torsdag 14. juli 2011

Dejlige Danmark


Det er dejlig å vere norsk i Danmark, så årets sommar-tur gjekk igjen til nabo-landet i sør og til Copenhagen Jazz Festival. Som i fjor var det "slow travel" med ekspressbuss Sogndal - Oslo, Danskebåten til København og same vegen tilbake. Når ein reiser slik, blir reisa ein del av heile turen og ikkje berre ein måte å komma seg til bestemmelsesstaden. Det kan absolutt tilrådast.

Prega av flaum
København var framleis prega av det enorme styrtregnet som hadde gjort stor skade. Oppryddinga etter flaumen pågjekk, og mykje var skada. Fleire arrangement var også avlyste fordi lokala ikkje var brukande. Av den grunnen meiner CJF at årets festival vil gå med underskot.

Desentral jazzfestival
Copenhagen Jazz Festival er ikkje som andre jazzfestivalar. Den er ekstremt desentral og distribuert. Over 1000 arrangement var lista under årets CJF, og dei føregjekk over alt i byen - frå dei største konserthusa som Operaen til dei minste kaféane og utandørsscener. Det er ikkje noko sentralt festivalkontor med sal av t-skjorter og effektar, i det minste såg eg ikkje noko slikt. Det er rett og slett heile byen som er fylt av musikk.

Danske Politiken refererer til utanlandske omtalar av festivalen og dei rosar nettopp denne måten å organisera ein festival på.

Biletet under er frå ein gratiskonsert med det danske funk-/soul-storbandet MI22 søndag føremiddag, på ei utescene ved Fredriksberg. Slike arrangement var det mange av rundt om.



Mehldau/Redman
Sjølv om CJF er ein hovudgrunn til å reisa til København på denne tida, vart det ikkje veldig mykje musikk. Ein konsert var plukka ut på førehand: pianist Brad Mehldau saman med saksofonist Joshua Redman. Denne konserten føregjekk i det nye Skuespilhuset (biletet under), vis a vis Operaen. Det vart eit magisk møte mellom to meistarar. Kvar for seg er dei einarar på sitt område; Brad Mehldau som ein av dei (den?) fremste jazz-pianistane og Joshua Redman som den fremste saksofonisten (vel, etter mi meining). Det er ikkje gitt at eit møte mellom slike gigantar blir vellykka, men dette møtet vart det. Og då var i grunnen den musikalske delen av CJF redda for min del. Det var ein opplevelse som blir sitjande ei stund (Politiken er rett nok litt meir avmålt i vurderinga av konserten).




I tillegg til Mehldau/Redman var det  andre store namn, ikkje minst Keith Jarrett Trio (Gary Peacock og Jack DeJohnette). Denne konserten (i Opera-huset) vart utselt med ein gong den var annonsert, og billettprisar på 900 DKK la ikkje nokon dempar på interessen. Vi prøvde å få tak i billettar, men det var uråd.


fredag 1. juli 2011

Ekstremsport: Oppgradering av Samsung Galaxy S


Mitt bidrag til Ekstremsportveko har vore oppgradering av Android på mobilen (Samsung Galaxy S). Eg har oppgradert frå ver. 2.2 (Froyo) til 2.3 (Gingerbread). Heilt nøyaktig har eg versjon 2.3.3.

Det er risikosport å oppgradera Samsungs Android-mobil. Siste eg prøvde, gjekk det heilt galt. Prosessen fraus, og telefonen måtte sendast inn til reparasjon. Det var oppgradering frå 2.1 (Eclair) til 2.2.

"If it ain't broken, don't fix it" heiter eit godt jungelord. Det er merkeleg at det skal vera så vanskeleg å motstå freistinga å oppgradera noko som fungerer greitt. Men slik er det altså. Versjon 2.1 fungerte heilt ok, likevel klarte eg ikkje å dy meg.

Men versjon 2.2 var på mange måtar eit steg tilbake. Eg tykte fleire ting vart dårlegare. Spesielt ille var registrering av trådlause nett. Den vart veldig treg til å gjenkjenna trådlause nett, og det var ikkje muleg å "tvinga" den til å kopla seg til heller.

Etter berre kort tid med 2.3.3 ser dette ut til å vera fiksa. Den er mykje kjappare til å gjenkjenna nettverk, så her er det i alle fall ein stor fordel med ny versjon. Verkar også som ein del andre ting går kjappare. Av nye funksjonar er klipp & lim-funksjonen kanskje den mest iaugefallande, elles er det nye tema/layout som visstnok skal spara meir straum enn tidlegare.

Men enkelte ting går framleis litt tregt. Lasting av nettsider kunne gått raskare, litt hakking og lugging er det framleis.

[biletet henta frå Samsung.no]