Blogg for Svein Ølnes. Etter kvart har bloggen handla mest om Bitcoin, kryptovaluta og blokkjedeteknologi. Det hender eg også skriv om andre interesser, som jazz og bilar. Det som blir publisert her står for mi eiga rekning.
torsdag 14. juli 2011
Dejlige Danmark
Det er dejlig å vere norsk i Danmark, så årets sommar-tur gjekk igjen til nabo-landet i sør og til Copenhagen Jazz Festival. Som i fjor var det "slow travel" med ekspressbuss Sogndal - Oslo, Danskebåten til København og same vegen tilbake. Når ein reiser slik, blir reisa ein del av heile turen og ikkje berre ein måte å komma seg til bestemmelsesstaden. Det kan absolutt tilrådast.
Prega av flaum
København var framleis prega av det enorme styrtregnet som hadde gjort stor skade. Oppryddinga etter flaumen pågjekk, og mykje var skada. Fleire arrangement var også avlyste fordi lokala ikkje var brukande. Av den grunnen meiner CJF at årets festival vil gå med underskot.
Desentral jazzfestival
Copenhagen Jazz Festival er ikkje som andre jazzfestivalar. Den er ekstremt desentral og distribuert. Over 1000 arrangement var lista under årets CJF, og dei føregjekk over alt i byen - frå dei største konserthusa som Operaen til dei minste kaféane og utandørsscener. Det er ikkje noko sentralt festivalkontor med sal av t-skjorter og effektar, i det minste såg eg ikkje noko slikt. Det er rett og slett heile byen som er fylt av musikk.
Danske Politiken refererer til utanlandske omtalar av festivalen og dei rosar nettopp denne måten å organisera ein festival på.
Biletet under er frå ein gratiskonsert med det danske funk-/soul-storbandet MI22 søndag føremiddag, på ei utescene ved Fredriksberg. Slike arrangement var det mange av rundt om.
Mehldau/Redman
Sjølv om CJF er ein hovudgrunn til å reisa til København på denne tida, vart det ikkje veldig mykje musikk. Ein konsert var plukka ut på førehand: pianist Brad Mehldau saman med saksofonist Joshua Redman. Denne konserten føregjekk i det nye Skuespilhuset (biletet under), vis a vis Operaen. Det vart eit magisk møte mellom to meistarar. Kvar for seg er dei einarar på sitt område; Brad Mehldau som ein av dei (den?) fremste jazz-pianistane og Joshua Redman som den fremste saksofonisten (vel, etter mi meining). Det er ikkje gitt at eit møte mellom slike gigantar blir vellykka, men dette møtet vart det. Og då var i grunnen den musikalske delen av CJF redda for min del. Det var ein opplevelse som blir sitjande ei stund (Politiken er rett nok litt meir avmålt i vurderinga av konserten).
I tillegg til Mehldau/Redman var det andre store namn, ikkje minst Keith Jarrett Trio (Gary Peacock og Jack DeJohnette). Denne konserten (i Opera-huset) vart utselt med ein gong den var annonsert, og billettprisar på 900 DKK la ikkje nokon dempar på interessen. Vi prøvde å få tak i billettar, men det var uråd.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar