onsdag 20. juli 2011

Offentleg nettsky?

Image by IvanWalsh.com CC-BY-NC
Så skjedde det igjen; ei ny offentleg nett-teneste knela då det gjaldt som mest. Denne gongen var det Samordna opptak som streika. Det er heller ikkje første gongen den bryt saman under omfattande bruk, det er faktisk den fjerde! Det minner om Altinn, som har feila fleire gonger i den siste tida. Men utruleg nok finst det ikkje informasjon om innloggingsproblema på www.samordnaopptak.no

Programvare og maskinvare
Skalering av nett-tenester er ikkje mitt primære kunnskapsområde, men problem av denne typen kan grovt delast i programvare og maskinvare. Sjølvsagt er det fleire nyansar; mellom anna fleire lag av programvare og også kommunikasjonen spelar ei viktig rolle. I den vidare diskusjonen om nettsky-løysingar, er det maskinvare inkl. kommunikasjon som er mest interessant.

Stor variasjon i bruksomfang
Når fleire sentrale offentlege nett-tenester bryt saman når det gjeld som mest, er det grunn til å tenkja nytt og å tenkja på tvers når løysingar skal diskuterast. Det er dårleg økonomi om kvar enkelt teneste optimaliserer for eigen maks-bruk, utan tanke på at desse toppane er spesielle og at resten av året går det stort sett på tomgang.

Nettskya (cloud computing)
Det er her nettskya ("cloud computing") peikar seg ut med ekstrem fleksibilitet til å takla stormtoppar. Nettskya er mest av alt ein forretningsmodell, der full fleksibilitet er det sentrale: du betaler berre for det du brukar i augneblinken. Det er same modellen som for straumforbruk; du betaler for det du brukar, verken meir eller mindre.

Offentleg nettsky?
Offentleg sektor er nøydde til å vurdera nettsky-løysingar som alternativ til dagens kostbare ASP- eller eigne driftsløysingar. Det største hinderet er sikkerheit og personvern (her er ein diskusjon om Narvik kommune sin bruk av Google-verktøy). Dette er viktige spørsmål som krev grundige vurderingar.

Eit spørsmål er om me kan etablera ei eiga nettsky for offentleg sektor her til lands? I Danmark har dei vurdert dette og konkludert med at marknaden er for liten til at ein kan henta ut dei gevinstane som ligg i nettsky-teknologien. Det er stordriftsfordelar som er stikkordet, og det må alvorleg store dimensjonar til for at ein skal ta ut desse fordelane.

Norge i nettskya
Teknologirådet har sett i gang prosjektet "Norge i nettskya" der dei tek opp akkurat dette problemet. Sjølv er eg med i ekspertgruppa som skal støtta sekretariatet til å finna fram til gode tilrådingar. Eg skal ikkje føregripa arbeidet, men det som er diskutert over er klart noko av det som blir teke opp i prosjektet.

Individuelle løysingar eller fellesskap?
Eg meiner dei problema både Altinn og Samordna opptak no har opplevd, må løftast opp på eit høgre nivå, på eit tverrdepartementalt nivå, og ein må vera villege til å sjå på og vurdera nye løysingar som nettskya for denne typen tenester som har eit veldig variabelt bruksomfang i løpet av eit år. Teknologirådet sitt prosjekt kan gjerne takast med på råd her.

Ingen kommentarer: