søndag 31. januar 2010

Det vanskelege teneste-begrepet


Eg hentar fram ei drøfting av teneste-begrepet, henta frå innspel til ny Miside-strategi for to år sidan (Vestlandsforsking og Bouvet, vinteren 2008).

Det vanskelege teneste-begrepet
I arbeidet med e-forvaltning er tenester eit sentralt begrep, og særleg elektroniske tenester eller tenester på nett. Det er eit uttrykt mål i mange offentlege dokument (eNorge 2009, St.mld. 17-2006) å få fleire tenester på nett.

Alt er tenester?
Men kva er eigentleg ei offentleg teneste? Tenestebegrepet har etter kvart vorte utvida til å omfatta alt som skjer av dialog med brukarane – i alle fall når det er snakk om eit nett-perspektiv. I Miside-samanheng har ein gått endå lenger; her er det jamvel snakk om tenester sjølv om det i realiteten berre er eit databaseoppslag (jfr. register-tenester).

Men dersom alt blir tenester, mister begrepet meining. Meininga i eit begrep, eller ein kategori, blir skapt i avgrensingane frå andre begrep eller kategoriar (Croft og Cruse 2004). Dersom det ikkje lenger er avgrensingar, har begrepet heller inga meining lenger. Dette blir særleg eit problem når vi arbeider med ein stadig rikare semantisk web.

Må skilja snørr & bartar
Det er difor grunn til å sjå nærmare på tenestebegrepet og skilja ”snørr og bartar”. Kva ligg t.d. bak tenesta barnehage? Er det eit elektronisk skjema på nettet der ein kan søkja om plass for barnet sitt, eller er det den fysiske barnehagen med hus, barn og tilsette? Slik spørsmålet er stilt, vil dei fleste svara det siste, men utan å stilla spørsmålet, blir også søknadsskjemaet ei teneste. Det blir feil, for skjemaet er berre ein dialog med den offentlege verksemda om å få tilgang til tenesta. Det er eit ledd i prosessen som fører fram til ei offentleg teneste, eller eit avslag på tenesta.

Statskonsult la grunnlaget for tenestebeskrivelsar i arbeidet rapporten "Til tjeneste" (Statskonsult 2002), men dei ”gløymde” å definera ordet teneste.

Tenester berre ein del av offentlege oppgåver
Offentlege verksemder har mange oppgåver, og tenesteutføring er ein viktig del av desse, men omfattar ikkje alle oppgåvene. Barnehage, heimesjukepleie, primærhelse er alle eksempel på typiske offentlege tenester. Men eksempel på andre oppgåver enn tenesteutføring er t.d. å føra tilsyn, å yta stønad, å utarbeida reguleringsplanar m.m.

Semantisk presisjon
I kommunikasjon mellom menneske er vi i stand til å forstå meininga sjølv om vi brukar upresise begrep, men i kommunikasjon mellom maskiner der det også er behov for å trekkja ut ei meining av data, er begrepspresisjon heilt avgjerande for å lukkast. Vi vil derfor møta att desse utfordringane som vi for tida tek nokså lett på.

søndag 24. januar 2010

Norge.no 10 år i dag - gratulerer med dagen!


Gratulerer med 10-årsdagen Norge.no! Men om jubilanten kan ein ikkje seia det same som om dei fleste andre 10-åringar her til lands, at "dei har alt" og at det er vanskeleg å finna på gåve. Historia om Norge.no er dessverre historia om eit forsømt barn og ein relativt ulykkeleg barndom.

Dei første åra
Informasjonsportalen Norge.no, med arbeidsnamnet "Inngang Norge" i 1997, vart i 1999 "gitt" til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Portalen vart opna 24. januar 2000 av dåverande statsminister Kjell Magne Bondevik. Norge.no var eit nasjonalt prosjekt, administrert av Fylkesmannen, fram til 1. januar 2005 då det vart ei eige verksemd under Fornyings- og administrasjonsdepartementet.

Dei første barneåra må likevel kunna karakteriserast som lykkelege. Den nyfødde vaks kraftig både i tal brukarar og som ei følgje også i tal tilsette. I 2004 vart det sett i gang eit utviklingsarbeid for å  forbetra den på ei rekkje område.

Norge.no får ein bror!
Men utviklingsarbeidet vart aldri sett skikkeleg ut i livet, og dette vart starten på mange års forsømming. Sommaren 2004 vart det klart at Norge.no skulle få ein liten bror - Miside. Gleda var stor og planlegginga av det nye barnerommet gjekk unna sjølv om mykje av sommarferien måtte ofrast og skyvast i tid. At utviklingsarbeidet med Norge.no vart sett litt på vent, var naturleg og snart skulle jo dei to utviklast parallelt.

Men snart vart det klart at Miside ikkje skulle bu i same huset som Norge.no, trass det nære slektskapet. Det vart bygt eit nytt hus for Miside og Norge.no fekk knapt komma på besøk. Verre enn det, foreldra til Norge.no fekk i oppgåve å passa det nye barnet og brukte mest all si tid til det. Stakkars Norge.no vart gåande åleine heime med lite tilsyn. Det er ikkje foreldra som kan lastast for forsømminga, dei har gjort så godt dei har kunna, men har stadig måtta bruka mesteparten av ressursane på nye oppgåver.

Norge.no og Miside flyttar saman (?)
For 2-3 år sidan innsåg dei fleste at dette var feil - Norge.no og Miside høyrde naturleg saman og burde vera i same huset. Så sa i alle fall strategiplanen for den nye innbyggjarportalen. Men åra har gått og lite har vore gjort, og spørsmålet er no heller kva håp det er for 10-åringen framover.

Eg ønskjer i alle fall jubilanten til lykke og alt godt framover. Som presang har eg berre eit ønskje: Norge.no bør bli plattform for tilgjengeleggjering av offentlege data - som ein parallell til data.gov og data.gov.uk. Dette har eg også skrive om på Vestforsk-bloggen.

"Disclaimer"
For ordens skuld bør eg gjera greie for mitt eige forhold til Norge.no. Eg vart hyra inn av Fylkesmannen i Sogn og Fjordane til å leia utviklinga av portalen i 1999. I 2004 leia eg prosjektet for vidareutvikling av Norge.no og i 2004 var eg også med i arbeidsgruppa som la fram forslag til Miside. I 2008 leverte eg innspel til ny strategi for Miside saman med Bouvet ASA.

Kreditering av bilete:

søndag 10. januar 2010

Kom jentene mine!


Av og til snublar me over bøker ved eit slumpetreff og i dette tilfellet vil eg heilt klart kalla det eit lykketreff. Kom jentene mine! er ei fantastisk bok og må vera eit av dei flottaste dokumentarverka på mange år.

Det er dei to svenske fotografane Sanna Törnemann og Anette Tamm som står bak boka. Ganske tilfeldig kom dei i kontakt med eigarane av Ellinggarden i Velledalen på Sunnmøre, Nils Drabløs og Gunhild Øigarden. Dei driv ein økologisk gard og alle kyrne er av rasen Vestlandsk fjorfe. Denne rasen var på randen av utrydding for 20-30 år sidan, men folk som Nils og Gunhild har sakte, men sikkert bygt opp att stammen slik at den no ikkje er direkte trua.

Boka er ei hylling av naturen og den økologiske forma for jordbruksdrift. Men det er gjort på ein poetisk og måte, absolutt fritt for politikk. Boka kan like gjerne opplevast som eit poetisk verk. Den følgjer arbeidet på garden året rundt, med store og små hendingar. Men heile tida er det dyra og naturen som er i sentrum.

Dei to forfattarane held seg heilt i bakgrunnen, og let Nils og Gunhild fortelja, ikkje minst gjennom bileta. Som fotografar er sjølvsagt bileta heilt sentrale, men ulikt mange praktverk om naturen, er den skrivne historia heilt essensiell i tillegg. Om det var ein liten ting som kunne vore endra, var det språket. Det kjennest litt kunstig å lesa om Vestlandsgarden og Velledalen på bokmål. Nynorsk ville nok kledd boka betre.

Denne boka må du berre oppleva! Det er Tun forlag som omset den. Interesselaget for Vestlandsk fjordfe har eigne heimesider på www.fjordfe.no

torsdag 7. januar 2010

Kortslutning i Stat & Styring


Tidsskriftet Stat & Styring presterer ei ganske grov kortslutning i siste nummeret, 4-2009. Å dra konklusjonen om at mange deltakarar på eit kurs i innkjøpsreglementet er det same som at mange bryt reglane, er oppsiktsvekkjande. Overført til andre område kan me då trygt seia at mange deltakarar på eit kurs i skattereglar betyr mange skattesnytarar!

Eg hadde vel forventa meir av eit organ som i alle fall gir seg ut for å vera meir seriøst. Stat & Styring står kanskje ikkje på leselista di. Det er eit tidsskrift som er mest oppteke av det indre liv i staten, særleg departementa. Eg har lese det med ujamne mellomrom i lange tider og ofte er det interessante artiklar. For min del handlar dei ofte om teknologi og følgjer av denne (it og org.utv.).

Problemet med tidsskriftet er kanskje ikkje først og fremst useriøsitet, som dette innlegget kan tyda på, men at det kan vera drepande kjedeleg og at det ikkje når fram til andre enn den indre krinsen av dep.tilsette. Det bør nok tidsskriftet prøva å gjera noko med om dei skal utvida lesarkrinsen. Og så ville det jo vore fint om dei kunne kombinera papir og nett. Prisinga av nettutgåva (pdf-versjon) er jo latterleg; 50 kr for ein leiar-artikkel som dette seier vel alt.

onsdag 6. januar 2010

Belgias Linus Torvalds


Belgia har meir enn godt øl og djup språkstrid, dei har ein it-fyr nesten i same klasse som Linus Torvalds. Dei fleste kjenner finnen som står bak GNU Linux (merk namnet; Torvalds stod som dei fleste før han på skuldrane til gigantar, i første rekkje Richard Stallman). I Belgia heiter mannen Dries Buytaert og han står bak publiserings-systemet Drupal.

Drupal er i ferd med å bli det "hottaste " CMS-et (Custom Management System) basert på fri programvare. Stadig fleire får augene opp for verktøyet og det er i ferd med å passera gamle favorittar som Joomla! På ein skala av fri programvare for publisering der WordPress er det enklaste og Plone det mest kompliserte (?), men også kanskje mest fleksible, er Drupal ein stad midt mellom. Men det er nok nærmare Plone enn WP, og slik sett er terskelen for å ta det i bruk høgare, men potensialet også større.

Eit viktig trekk ved Drupal er dei mange utvidingane i form av modular. Ikkje minst interessant er integrasjonen av semantisk web ved eit RDF-tillegg. Korleis det fungerer er litt tidleg å seia, det kjem i versjon 7 som enno ikkje er klar.

Dries Buytaert har faktisk ein PhD innan IT og er dermed eit godt eksempel på ein som har forstått seg både på det teoretiske og det praktiske; han har faktisk evna å omsetja det han har lært og lukkast over all forventning.

På hans eigen blogg kan du lesa om planane for Drupal, og for versjon 8 er det tydelegare skilje mellom rammeverk og publiseringssystem som står høgst på agendaen.

fredag 1. januar 2010

Bloggåret 2009

Frank Sinatra sang "It's been a very good year" - fantastisk låt, verdt å lasta ned! Om bloggåret 2009 har vore very good er eg litt usikker på, og det er på tide å gjera opp status.

2009 har utan tvil vore det året då sosiale medium og web 2.0 slo gjennom for fullt og nådde massane på nettet. Det enkeltmediet som har fått mest merksemd er Twitter. 2009 har vore det store Twitter-året trass i at det er Facebook som er det store når det gjeld tal brukarar. Samanlikna med FB blir Twitter stadig ein småkar.

Bruk av Twitter har påverka blogginga mi, både positivt og negativt. Det negative er at eg i periodar har blogga lite, det positive er Twitter som ein god kanal å gjera blogginnlegg kjende og i enkelte tilfelle også få ein diskusjon rundt dei.

Dei turre tala for 2009 er slik (tal for 2008 i parentes)

70 innlegg (70!)
78 kommentarar (85)

Med andre ord nøyaktig same tal blogginnlegg i 2009 som året før, det var litt overraskande. Eg ville trudd det var færre. Nokre færre kommentarar, men her må det også seiast at spamminga påverka - det er berre å sjå på dei siste kommentarane...

Google Analytics melder om 8 741 besøk, ein oppgang på vel 8 % frå året før. Samanlikna med andre analyseverktøy viser GA svært konservative tal, eg har aldri funne ut kvifor (for vestforsk.no oppgir t.d. det interne analyseverktøyet i CMS-et meir enn 10 gonger fleire besøk enn GA!).



GA meiner vidare at 58 % av trafikken kjem frå søkemotorar og at Google står for 52 av dei, Vidare kjem 28 % av gjestene via lenker og resten direkte trafikk (skriv inn adressa t.d.).

Det er også interessant å sjå på enkelte toppar besøksmessig og vurdera kva grunnen kan vera. Her er ein tydeleg topp torsdag 3. desember, då eg live-blogga frå Kvalitetskonferansen 2009. Live-blogging kombinert med aktiv Twitter-bruk ser ut til å ha skapt relativt stor interesse.




Dessverre har eg nyleg måtta gå over til godkjenning av kommentarar - pga. desse helvetes spammarane (måtte de få eit grusomt år i 2010!).

Då er det berre å ønskja alle eit godt nytt bloggår!