søndag 24. januar 2010

Norge.no 10 år i dag - gratulerer med dagen!


Gratulerer med 10-årsdagen Norge.no! Men om jubilanten kan ein ikkje seia det same som om dei fleste andre 10-åringar her til lands, at "dei har alt" og at det er vanskeleg å finna på gåve. Historia om Norge.no er dessverre historia om eit forsømt barn og ein relativt ulykkeleg barndom.

Dei første åra
Informasjonsportalen Norge.no, med arbeidsnamnet "Inngang Norge" i 1997, vart i 1999 "gitt" til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Portalen vart opna 24. januar 2000 av dåverande statsminister Kjell Magne Bondevik. Norge.no var eit nasjonalt prosjekt, administrert av Fylkesmannen, fram til 1. januar 2005 då det vart ei eige verksemd under Fornyings- og administrasjonsdepartementet.

Dei første barneåra må likevel kunna karakteriserast som lykkelege. Den nyfødde vaks kraftig både i tal brukarar og som ei følgje også i tal tilsette. I 2004 vart det sett i gang eit utviklingsarbeid for å  forbetra den på ei rekkje område.

Norge.no får ein bror!
Men utviklingsarbeidet vart aldri sett skikkeleg ut i livet, og dette vart starten på mange års forsømming. Sommaren 2004 vart det klart at Norge.no skulle få ein liten bror - Miside. Gleda var stor og planlegginga av det nye barnerommet gjekk unna sjølv om mykje av sommarferien måtte ofrast og skyvast i tid. At utviklingsarbeidet med Norge.no vart sett litt på vent, var naturleg og snart skulle jo dei to utviklast parallelt.

Men snart vart det klart at Miside ikkje skulle bu i same huset som Norge.no, trass det nære slektskapet. Det vart bygt eit nytt hus for Miside og Norge.no fekk knapt komma på besøk. Verre enn det, foreldra til Norge.no fekk i oppgåve å passa det nye barnet og brukte mest all si tid til det. Stakkars Norge.no vart gåande åleine heime med lite tilsyn. Det er ikkje foreldra som kan lastast for forsømminga, dei har gjort så godt dei har kunna, men har stadig måtta bruka mesteparten av ressursane på nye oppgåver.

Norge.no og Miside flyttar saman (?)
For 2-3 år sidan innsåg dei fleste at dette var feil - Norge.no og Miside høyrde naturleg saman og burde vera i same huset. Så sa i alle fall strategiplanen for den nye innbyggjarportalen. Men åra har gått og lite har vore gjort, og spørsmålet er no heller kva håp det er for 10-åringen framover.

Eg ønskjer i alle fall jubilanten til lykke og alt godt framover. Som presang har eg berre eit ønskje: Norge.no bør bli plattform for tilgjengeleggjering av offentlege data - som ein parallell til data.gov og data.gov.uk. Dette har eg også skrive om på Vestforsk-bloggen.

"Disclaimer"
For ordens skuld bør eg gjera greie for mitt eige forhold til Norge.no. Eg vart hyra inn av Fylkesmannen i Sogn og Fjordane til å leia utviklinga av portalen i 1999. I 2004 leia eg prosjektet for vidareutvikling av Norge.no og i 2004 var eg også med i arbeidsgruppa som la fram forslag til Miside. I 2008 leverte eg innspel til ny strategi for Miside saman med Bouvet ASA.

Kreditering av bilete:

2 kommentarer:

Roy Allan Hansen sa...

Hei Svein, kan du tilgjengeliggjøre den siste rapporten?

Roy Allan

PetterTh. sa...

God og metaforisk soge om eit vanskjøtta barn.
Lat oss alle håpe på eit liv etter konfirmsjonsalderen! Anten det vert med opne data eller med gode samla søk, eller med samla oversikt over tenestetilbod frå det offentlege?