søndag 31. januar 2010

Det vanskelege teneste-begrepet


Eg hentar fram ei drøfting av teneste-begrepet, henta frå innspel til ny Miside-strategi for to år sidan (Vestlandsforsking og Bouvet, vinteren 2008).

Det vanskelege teneste-begrepet
I arbeidet med e-forvaltning er tenester eit sentralt begrep, og særleg elektroniske tenester eller tenester på nett. Det er eit uttrykt mål i mange offentlege dokument (eNorge 2009, St.mld. 17-2006) å få fleire tenester på nett.

Alt er tenester?
Men kva er eigentleg ei offentleg teneste? Tenestebegrepet har etter kvart vorte utvida til å omfatta alt som skjer av dialog med brukarane – i alle fall når det er snakk om eit nett-perspektiv. I Miside-samanheng har ein gått endå lenger; her er det jamvel snakk om tenester sjølv om det i realiteten berre er eit databaseoppslag (jfr. register-tenester).

Men dersom alt blir tenester, mister begrepet meining. Meininga i eit begrep, eller ein kategori, blir skapt i avgrensingane frå andre begrep eller kategoriar (Croft og Cruse 2004). Dersom det ikkje lenger er avgrensingar, har begrepet heller inga meining lenger. Dette blir særleg eit problem når vi arbeider med ein stadig rikare semantisk web.

Må skilja snørr & bartar
Det er difor grunn til å sjå nærmare på tenestebegrepet og skilja ”snørr og bartar”. Kva ligg t.d. bak tenesta barnehage? Er det eit elektronisk skjema på nettet der ein kan søkja om plass for barnet sitt, eller er det den fysiske barnehagen med hus, barn og tilsette? Slik spørsmålet er stilt, vil dei fleste svara det siste, men utan å stilla spørsmålet, blir også søknadsskjemaet ei teneste. Det blir feil, for skjemaet er berre ein dialog med den offentlege verksemda om å få tilgang til tenesta. Det er eit ledd i prosessen som fører fram til ei offentleg teneste, eller eit avslag på tenesta.

Statskonsult la grunnlaget for tenestebeskrivelsar i arbeidet rapporten "Til tjeneste" (Statskonsult 2002), men dei ”gløymde” å definera ordet teneste.

Tenester berre ein del av offentlege oppgåver
Offentlege verksemder har mange oppgåver, og tenesteutføring er ein viktig del av desse, men omfattar ikkje alle oppgåvene. Barnehage, heimesjukepleie, primærhelse er alle eksempel på typiske offentlege tenester. Men eksempel på andre oppgåver enn tenesteutføring er t.d. å føra tilsyn, å yta stønad, å utarbeida reguleringsplanar m.m.

Semantisk presisjon
I kommunikasjon mellom menneske er vi i stand til å forstå meininga sjølv om vi brukar upresise begrep, men i kommunikasjon mellom maskiner der det også er behov for å trekkja ut ei meining av data, er begrepspresisjon heilt avgjerande for å lukkast. Vi vil derfor møta att desse utfordringane som vi for tida tek nokså lett på.

Ingen kommentarer: