onsdag 6. januar 2010

Belgias Linus Torvalds


Belgia har meir enn godt øl og djup språkstrid, dei har ein it-fyr nesten i same klasse som Linus Torvalds. Dei fleste kjenner finnen som står bak GNU Linux (merk namnet; Torvalds stod som dei fleste før han på skuldrane til gigantar, i første rekkje Richard Stallman). I Belgia heiter mannen Dries Buytaert og han står bak publiserings-systemet Drupal.

Drupal er i ferd med å bli det "hottaste " CMS-et (Custom Management System) basert på fri programvare. Stadig fleire får augene opp for verktøyet og det er i ferd med å passera gamle favorittar som Joomla! På ein skala av fri programvare for publisering der WordPress er det enklaste og Plone det mest kompliserte (?), men også kanskje mest fleksible, er Drupal ein stad midt mellom. Men det er nok nærmare Plone enn WP, og slik sett er terskelen for å ta det i bruk høgare, men potensialet også større.

Eit viktig trekk ved Drupal er dei mange utvidingane i form av modular. Ikkje minst interessant er integrasjonen av semantisk web ved eit RDF-tillegg. Korleis det fungerer er litt tidleg å seia, det kjem i versjon 7 som enno ikkje er klar.

Dries Buytaert har faktisk ein PhD innan IT og er dermed eit godt eksempel på ein som har forstått seg både på det teoretiske og det praktiske; han har faktisk evna å omsetja det han har lært og lukkast over all forventning.

På hans eigen blogg kan du lesa om planane for Drupal, og for versjon 8 er det tydelegare skilje mellom rammeverk og publiseringssystem som står høgst på agendaen.

6 kommentarer:

Anonym sa...

Etter en evaluering av flere systemer valgte vi i 2007 å bruke Drupal alle våre webprosjekter. Både NDLA, utdanning.no og senter for IKT i utdanningen er utviklet på Drupal. Da Obama-administrasjonen to år senere flyttet Whitehouse.gov til Drupal, var det et tegn på at vi hadde valgt riktig plattform.

Svein Ø sa...

Interessant. Drupal er aktuelt i eit av prosjekta våre på Vestlandsforsking. Det er semantisk web-tillegg til Drupal som er det interessante her. Men det ser ut som versjon 7 er forseinka, og det er her den nye semantiske modulen vil komma etter det eg forstår.

Anonym sa...

Det er de 2000+ gratis ferdigutviklede tilleggsmodulene til Drupal som gjør systemet så fristende for webutviklere, designere og programmerere. Disse kutter tid og kostnadnee ved å sette opp et godt nettsted drastisk.

http://drupal.org/project/modules?solrsort=sis_project_release_usage%20desc

Kjenner ingen som har valgt Drupal på grunn av semantikk, selv om det er et 10-talls moduler for RDF-støtte. Har du testa SemanticMediaWiki?

Svein Ø sa...

Nei, semantisk web (rdf + owl) eller semantisk teknologi (inkl. også emnekart - topic maps) er vanskeleg å selja inn. Men sjølv dei enklaste samanhengane (person <-> prosjekt o.l.) krev semantisk støtte for å realisera. Og eg vil påstå at alle treng dette som eit minimum.

Men så blir det eit spørsmål om ein skal halda seg til standardar eller finna opp hjulet på nytt. Mange gjer det siste.

Har ikkje sett på SemanticMediaWiki, men for mange små aktørar kan ei slik løysing kanskje vera like grei? Kjenner heller ikkje til om WordPress, som er i den same enden av kompleksitetsskalaen av CMS-system, har ferdige semantiske tillegg (?).

Anonym sa...

RDF/OWL appellerer mest til informatikk- og logikkforskere (foreløpig). Webutviklere er ikke like begeistret. Få praktiske gevinster og masse ekstraarbeid å implementere før publiseringsløsninger som Drupal, Wordpress, EZ, Joomla (+100 til) behandler RDF-data lagret "i skyen" like raskt og brukervennlig som egne data lagret lokalt i publiseringsløsningens relasjonsdatabase.

Vi implementerte en RDF/SPARQL-løsning for semantikk mellom elæreboksider og læreplanmål i NDLA i 2008-9 i Drupal. Systemet kommer vi til å gjenbruke i alle utdanningsnettsteder som skal settes opp i regi av Senter for IKT i utdanningen.

Svein Ø sa...

Ja, definitivt eit poeng. Vanskeleg å selja inn, og det er ikkje utan grunn.

Læreplanane er vel utvikla med emnekartstøtte? Blir det SPARQL-spørjingar mot emnekart-baserte ressursar?