fredag 26. april 2013

Forslag til ny organisering av vidaregåande skular i Sogn og Fj.

Den nye vid.g. skulen i Sogndal
(foto: Birthe Johanne Finstad/SFj fylkeskomm.
CC-BY-NC-SA 2.0)
Ikkje ofte eg skriv om slike ting, men planane for den vidaregåande opplæringa i Sogn og Fjordane som fylkeskommunen har presentert og sendt på høyring, opprører meg ganske sterkt. Så difor har eg sendt inn denne høyringsuttalen i dag:


Innspel til skulebruksplan for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane 2013-2024
Sjølv om borna mine ikkje blir omfatta av dei planlagde endringane for vidaregåande opplæring (vgo) i fylket, ser eg dette som ei så viktig sak for utviklinga av Sogn og Fjordane at eg må seia frå.

Skulebruksplan med skylappar
Den framlagde dokumentasjonen og forslaga til endringar i skulebruksplan for vgo manglar heilt tankar om at vidaregåande opplæring, som anna opplæring, er ein viktig del av utviklinga av samfunnet. Det er eit skremmande døme på snever sektortenking og ei administrativ innstilling til ei av dei viktigaste sakene for utviklinga av fylket vårt. To og ei halv side er brukt på ”Konsekvensar for samfunnet”, utan at ein blir så mykje klokare etter å ha lese det.

Det store spørsmålet, korleis me vil utvikla fylket vårt, er fråverande i fylket som yndar å kalla seg framtidsfylket.

Fråkopla andre satsingar
Den snevre innstillinga til arbeidet får underlege utslag der utviklinga i vgo synest isolert frå andre viktige satsingar i fylket. Kva verknad organisering av vgo har for næringsutvikling, ser ut til å vera uinteressant. Difor presterer ein forslag som at idrettsfag og mediefag blir flytta frå Sogndal og Fosshaugane Campus og til Nordfjord. Er ikkje Fosshaugane Campus nettopp eksempelet som viser at ei heilskapleg tenking og satsing kan gi store effektar? Sogndal har landets nest største og beste idrettsfaglege miljø på utdanningssida, og så føreslår ein å flytta idrettsfag frå ein slik utviklingsarena!

Mykje av det same kan seiast om mediefag, der særleg samspelet med fotballsatsinga har gitt elevane unike mulegheiter for praksis i profesjonelle mediemiljø og der det gryr av næringsetableringar. Mediefag samarbeider også godt med både Høgskulen og Vestlandsforsking, til gjensidig nytte. Fosshaugane Campus har vorte meir enn dei fleste kunne tenkja seg, og så vil fylkeskommunen plukka ut att bitar av byggverket. Det er ikkje råd å forstå.

Eksempla er henta frå heimkommunen Sogndal, men ein del av det same kan sikkert seiast om andre stader i fylket. I Nordfjord har det til dømes vore ei imponerande utvikling på kultursida på Nordfjordeid og i Måløy skjer det interessante ting innan teknologi og maritim sektor. Florø treng styrking av oljerelaterte aktivitetar og Førde er leiande på tenesteytande næringar. Den framtidige vidaregåande opplæringa må sjåast i eit slikt perspektiv.

Kva med dei det gjeld?
Eit anna perspektiv som manglar i dei framlagde planane er elevane sjølve. Kvar elevane sjølve ønskjer å gå, ser ikkje ut til å vera viktig for fylkeskommunen. Sjølv om slike ønskje ikkje kan styra utviklinga åleine, blir det feil å sjå bort frå elevønskja slik ein har gjort i altfor lang tid. Utviklinga ser ut til å gå i ei retning der elevane sine ønskje får større betydning og det burde også vore teke omsyn til i desse planane.
Andre sider som synest fråverande er mellom anna kva fullføringsprosent dei ulike vidaregåande skulane har. Det må vera interessant å sjå på gjennomføringsgrad fordi det seier ein god del om kvaliteten på opplæringa og ikkje minst leiinga av skulane. Også skulane sitt samarbeid med samfunnet elles, særleg næringslivet, burde vore meir vektlagt.

Manglande politisk vilje og visjon
Det framlagde materialet er nærmast fritt for politiske visjonar for fylket vårt. Arbeidet er prega av ei bokhaldar-innstilling, med møysommeleg teljing av elevar og bygningar. Det er eit reknemeister-verk som er lagt fram, ikkje eit politisk dokument med vyar for Sogn og Fjordane.

Elevtalet går ned i den neste 10-årsperioden, det er klart. Fylkeskommunen svarer på utfordringa med ei deterministisk haldning og reknar seg med bind for auga fram til ein plan der det blir visst mange kroner pr. elev. Kva om politikarane tenkte som så: Elevtalet går ned og økonomiske ressursar frå staten blir reduserte som følgje av det, men for å styrka utviklinga i fylket vil me satsa meir av eigne midlar på vidaregåande opplæring fordi me trur det samla sett gir det beste resultatet. Det betyr ikkje at alt skal vera som det er. Dei skulane der elevgrunnlaget blir for lite, må det endringar til. Men i det store og heile vil ein styrka den vidaregåande opplæringa, ikkje svekkja den.

Det neste spørsmålet blir då fort: Kvar skal me ta pengane frå? Ja, ikkje forstår eg at det skal vera ei viktigare oppgåve for Sogn og Fjordane fylkeskommune å driva ferjedrift rundt om i landet enn å utdanna ungdommen i fylket.

Til slutt vil eg be om at alle høyringsuttalar blir lagde ut på nettet slik at alle kan få tilgang til dei.

Med helsing
Svein Ølnes, Sogndal, 26.04.2013

torsdag 25. april 2013

Ny strategi for Altinn

Artig sak frå MinID: Sikker innlogging til "Ukjent tjenesteeier" (!)
Norstella og Semicolon II-prosjektet inviterte til diskusjonsmøte om ny Altinn-strategi forrige torsdag. Vestlandsforsking tok ansvar for videostrøyming, og referat i form av Twitter-meldingar, kan lesast på Vestforsk-bloggen. På Norstella sine sider kan du få tilgang til presentasjonane frå møtet.

Her vil eg ta opp nokre punkt som eg har ei kjensle av ligg under diskusjonen, men som det av ulike grunnar er vanskelege å ta opp i slike samanhengar.

Først ei nyttig påminning om kva Altinn faktisk står for: Alternativ innrapportering. I dag er Altinn nesten synonymt med "alt skal inn her", men det starta altså som ei alternativ innrapportering. Alternativ må her forståast som alternativ til papir-basert pluss den Edifact-løysinga som representerte det første digitale forsøket på innrapportering.

Så til dei vanskelege punkta:

1. Brønnøysundreg.: Elefanten i rommet
Eg har ei klar kjensle av at Brønnøysundregistra er elefanten i rommet når Altinn blir diskutert. Eg trur det er, og har vore, stor skepsis til om Brreg er i stand til å utføra den forvaltar-rolla dei har på ein god nok måte. Dette har vore murra om kvar gong Altinn har vore ute for problem. Eit utslag av dette er at konsulentane (særleg Accenture) har fått stor makt. Eg trur særleg Skattedirektoratet, med sin tunge IT-kompetanse historisk sett, er skeptiske til Brreg.

Men dette har også vore temmeleg klart i evalueringsrapportar om Altinn, t.d. er ei av hovudtilrådingane frå DNV i deira evaluering av Altinn II i 2011:
Organisatorisk, styrke forvalter og systemeier av Altinn. Organisasjonen må styrkes kompetansemessig for å ta et sterkere lederskap både på visjon, strategi, operativt og teknisk nivå.
Også CapGemini peiker på organisatoriske utfordringar og svakheiter i sin gjennomgang av Altinn.

2. Kvar er NAV?
Tradisjonelt har det vore to "IT-kjemper" i offentleg sektor: Skattedirektoratet og NAV (tidlegare Aetat og Rikstrygdeverket). Dei har hatt store IT-avdelingar på størrelse med store konsulentselskap, og har ein tradisjon med å vera sjølvforsynte og ordna opp sjølve. Når Skatteetaten har fått så dominerande plass i Altinn, som den sentrale pådrivaren, har eg ein mistanke om at NAV vegrar seg for å gå "all in" og heller satsar på eigne løysingar.

3. Kva med kommunane?
Dette er ikkje noko hemmeleg; kommunane er eit problem for Altinn. Først har visa vore at Altinn ikkje kan forhalda seg til 430 kommunar (red. til 429 i 2012 og 428 i 2013!). Med KommIT på plass og ei samordning på trappene, er melodien i den nye Altinn-strategien at ein ikkje kan ta inn nye aktørar dei første par åra fordi stabilitet må prioriterast. Kommunane får ordna seg på eiga hand, eller sitja og venta. Dette samsvarer dårleg med det nyleg framlagde Digitaliseringsprogrammet. På den andre sida er dette programmet statleg orientert og lite oppteken av kommunane. Men kommunane er nøkkelen til ei vellykka digitalisering av offentleg sektor.

søndag 7. april 2013

Bitcoin - igjen

Talande illustrasjon frå BusinessWeek (ill.: Steph Davidson)
Bitcoin, den heildigitale og anarkistisk innretta valutaen, har fått fornya interesse og kursen har gått til himmels. Det er særleg bankproblema på Kypros som har skapt den veldige interessa i det siste, men meir generelt er det nok finanskrisa og manglande tillit til dagens finanssystem som gjer Bitcoin interessant og freistande for stadig fleire.

NRK Ytring fanga opp det tidlegare blogginnlegget mitt om Bitcoin og spurde om eg kunne tenkja meg å skriva ein kronikk for dei. Det kunne eg sjølvsagt, og den er publisert på sidene deira i dag.

onsdag 3. april 2013

Gary Larson - The Complete Far Side

The Complete Far Side, vol. I og II
Årets, eller rettare sagt fjorårets, andre julepresang til meg sjølv er i hus: "The Complete Far Side 1980-1994" av Gary Larson. Det er eit gedigent verk: vol. I (1980-86) og vol. II (1987-94) med ei samla vekt på rundt 9 kg! Den første julepresangen var vol III av Churchill-biografien "The Last Lion". Stabelen med bøker (ein del andre ligg på bordet også) fekk Åsa (dotter) til å utbryta: "ser ut som du har planlagt resten av livet ditt". Ho har eit poeng der..

Første gang eg såg ein Larson-teikning var i 1981, trur eg, i musikkbladet "Beat". Det var den klassiske Larson-teikninga med ei gruppe kyr som står og snakkar saman og ei av dei plutseleg ropar "Bil!" og i neste øyeblikk står dei og et gras medan bilen passerer, før dei igjen reiser seg på to og snakkar vidare. Etter det var eg hekta.

Gary Larson slo gjennom i 1979/80 då han overraskande nok fekk ein avtale med San Francisco Chronicle som både ville bruka stripene sjølve, men også syndikera (vidareformidla) dei. Den første Larson-stripa i SF Chronicle stod 1. januar 1980. Derifrå til avslutninga i desember 1994 gjekk det i grunnen berre ein veg, med stadig større suksess og anerkjenning.

The Far Side 1980-1994 i stive permar
Den aktive karrieren frå 1980 til 1994 minner om ein annan stor teikneserie-forfattar, Bill Watterson. Hans karriere varte frå 1985 til 1995, men ulikt Watterson som slutta i protest mot kommersialieringa av Calvin and Hobbes, slutta Gary Larson medan han var på topp. Han var redd for synkande kvalitet om han heldt fram. Slikt står det respekt av!

Det er vanskeleg å trekkja fram ei Larson-teikning, men den eg har brukt desidert mest i jobb-samanheng, nær sagt i alle presentasjonar eg har hatt, er denne:


Den er rett og slett genial og er eit godt eksempel på at eit bilete seier meir enn tusen ord; her når det gjeld semantisk teknologi.



mandag 1. april 2013

Påska 2013

På veg frå Fjærlandssete mot Øvstedalen, med fjellet Bleia i bakgrunnen
Årets påske har vore den beste på lange tider når det gjeld ver og føreforhold. Det langvarige høgtrykket kombinert med ein relativt tidleg påske har gjort at snøforholda har vore optimale, i alle fall der det er oppkøyrde løyper. Her er bilete frå eit par av turane i Sogndals- og Lusterfjella.

To godt nøgde skijenter på tur i Luster