fredag 26. april 2013

Forslag til ny organisering av vidaregåande skular i Sogn og Fj.

Den nye vid.g. skulen i Sogndal
(foto: Birthe Johanne Finstad/SFj fylkeskomm.
CC-BY-NC-SA 2.0)
Ikkje ofte eg skriv om slike ting, men planane for den vidaregåande opplæringa i Sogn og Fjordane som fylkeskommunen har presentert og sendt på høyring, opprører meg ganske sterkt. Så difor har eg sendt inn denne høyringsuttalen i dag:


Innspel til skulebruksplan for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane 2013-2024
Sjølv om borna mine ikkje blir omfatta av dei planlagde endringane for vidaregåande opplæring (vgo) i fylket, ser eg dette som ei så viktig sak for utviklinga av Sogn og Fjordane at eg må seia frå.

Skulebruksplan med skylappar
Den framlagde dokumentasjonen og forslaga til endringar i skulebruksplan for vgo manglar heilt tankar om at vidaregåande opplæring, som anna opplæring, er ein viktig del av utviklinga av samfunnet. Det er eit skremmande døme på snever sektortenking og ei administrativ innstilling til ei av dei viktigaste sakene for utviklinga av fylket vårt. To og ei halv side er brukt på ”Konsekvensar for samfunnet”, utan at ein blir så mykje klokare etter å ha lese det.

Det store spørsmålet, korleis me vil utvikla fylket vårt, er fråverande i fylket som yndar å kalla seg framtidsfylket.

Fråkopla andre satsingar
Den snevre innstillinga til arbeidet får underlege utslag der utviklinga i vgo synest isolert frå andre viktige satsingar i fylket. Kva verknad organisering av vgo har for næringsutvikling, ser ut til å vera uinteressant. Difor presterer ein forslag som at idrettsfag og mediefag blir flytta frå Sogndal og Fosshaugane Campus og til Nordfjord. Er ikkje Fosshaugane Campus nettopp eksempelet som viser at ei heilskapleg tenking og satsing kan gi store effektar? Sogndal har landets nest største og beste idrettsfaglege miljø på utdanningssida, og så føreslår ein å flytta idrettsfag frå ein slik utviklingsarena!

Mykje av det same kan seiast om mediefag, der særleg samspelet med fotballsatsinga har gitt elevane unike mulegheiter for praksis i profesjonelle mediemiljø og der det gryr av næringsetableringar. Mediefag samarbeider også godt med både Høgskulen og Vestlandsforsking, til gjensidig nytte. Fosshaugane Campus har vorte meir enn dei fleste kunne tenkja seg, og så vil fylkeskommunen plukka ut att bitar av byggverket. Det er ikkje råd å forstå.

Eksempla er henta frå heimkommunen Sogndal, men ein del av det same kan sikkert seiast om andre stader i fylket. I Nordfjord har det til dømes vore ei imponerande utvikling på kultursida på Nordfjordeid og i Måløy skjer det interessante ting innan teknologi og maritim sektor. Florø treng styrking av oljerelaterte aktivitetar og Førde er leiande på tenesteytande næringar. Den framtidige vidaregåande opplæringa må sjåast i eit slikt perspektiv.

Kva med dei det gjeld?
Eit anna perspektiv som manglar i dei framlagde planane er elevane sjølve. Kvar elevane sjølve ønskjer å gå, ser ikkje ut til å vera viktig for fylkeskommunen. Sjølv om slike ønskje ikkje kan styra utviklinga åleine, blir det feil å sjå bort frå elevønskja slik ein har gjort i altfor lang tid. Utviklinga ser ut til å gå i ei retning der elevane sine ønskje får større betydning og det burde også vore teke omsyn til i desse planane.
Andre sider som synest fråverande er mellom anna kva fullføringsprosent dei ulike vidaregåande skulane har. Det må vera interessant å sjå på gjennomføringsgrad fordi det seier ein god del om kvaliteten på opplæringa og ikkje minst leiinga av skulane. Også skulane sitt samarbeid med samfunnet elles, særleg næringslivet, burde vore meir vektlagt.

Manglande politisk vilje og visjon
Det framlagde materialet er nærmast fritt for politiske visjonar for fylket vårt. Arbeidet er prega av ei bokhaldar-innstilling, med møysommeleg teljing av elevar og bygningar. Det er eit reknemeister-verk som er lagt fram, ikkje eit politisk dokument med vyar for Sogn og Fjordane.

Elevtalet går ned i den neste 10-årsperioden, det er klart. Fylkeskommunen svarer på utfordringa med ei deterministisk haldning og reknar seg med bind for auga fram til ein plan der det blir visst mange kroner pr. elev. Kva om politikarane tenkte som så: Elevtalet går ned og økonomiske ressursar frå staten blir reduserte som følgje av det, men for å styrka utviklinga i fylket vil me satsa meir av eigne midlar på vidaregåande opplæring fordi me trur det samla sett gir det beste resultatet. Det betyr ikkje at alt skal vera som det er. Dei skulane der elevgrunnlaget blir for lite, må det endringar til. Men i det store og heile vil ein styrka den vidaregåande opplæringa, ikkje svekkja den.

Det neste spørsmålet blir då fort: Kvar skal me ta pengane frå? Ja, ikkje forstår eg at det skal vera ei viktigare oppgåve for Sogn og Fjordane fylkeskommune å driva ferjedrift rundt om i landet enn å utdanna ungdommen i fylket.

Til slutt vil eg be om at alle høyringsuttalar blir lagde ut på nettet slik at alle kan få tilgang til dei.

Med helsing
Svein Ølnes, Sogndal, 26.04.2013

Ingen kommentarer: