lørdag 29. januar 2011

Bilen og Mercedes-Benz 125 år


I januar 1886 fekk Carl Benz patent på "Wagen mit Gas-betrieb", og bilen var oppfunnen. I dei 125 åra som har gått, er det produsert
2 485 041 881 bilar (kjelde: OIAC - Organisation Internationale des Constructeurs d'Automobiles). Og talet stig!

Forbrenningsmotoren
Om lag på same tid konstruerte Gottlieb Daimler den moderne forbrenningsmotoren og brukte den i ein to-hjuling (den første motorsykkelen i 1885). Daimler var også den første til å laga ein bil med firehjuls, Carl Benz' bil var jo ein trehjuling. Seinare vart dei to bedriftene slegne saman til Daimler-Benz.

Som vanleg, var det vanskeleg for samtida å sjå potensialet i oppfinningane: "Die Erfindung eines Gottlieb Daimler wird für die Entwicklung des Verkehrs wohl ohne groβe Bedeutung bleiben" (Der Groβe Brockhaus, 1896).

Fransk raffinement
Sjølv om Tyskland var staden både for bilen og forbrenningsmotoren, gjekk utviklinga sakte. Benz var ganske motlaus etter å ha selt berre 25 bilar på 6 år. Den første kunden hans var gal, og han måtte kjøpa bilen tilbake. Den andre var ein sjølvmordskandidat som gjorde det slutt før bilen vart levert..

Franskmennene såg mulegheitene der tyskarane såg ut til å ha gitt litt opp. Dei flytta motoren fram, og sette inn ein kardang i staden for kjede eller reim. Det var Louis Renault og Armand Peugeot som var dei førande, for kvart sitt bilmerke. Og rundt århundreskiftet var fransk bilindustri leiande, og hadde også fått konkurranse frå Italia (FIAT).

El-bilen kom tidleg
Overraskande for alle som trur at el-bilen er ei ganske ny oppfinning, er det å sjå at den kom alt på slutten av 1800-talet. Den første bilen som braut 100 km/t-grensa var ein el-bil, i 1899! Også hybrid-bilar vart laga på den tida, og el-motorar i hjulnavet var vanleg. Det var batteriteknologien og den høge vekta som tok livet av vidare utvikling av el-bilen, og det skulle gå 100 før utviklinga skaut fart att.

Bilen og moderniteten
Bilen har framfor noko symbolisert den moderne tida og er vel den oppfinninga som har hatt størst innverknad på samfunnet dei siste 100 åra. Med bilen kom mobiliteten og samfunnet vart organisert rundt dette. Det har sjølvsagt også hatt sine negative sider, men på ein slik dag (!) må det vera lov å seia at bilen har vore ei fantastisk oppfinning og gitt folk fridom, i det minste i den vestlege verda.

Soleglads-industri?
Finanskrisa fekk alvorlege følgjer for bilindustrien. I USA vart forhenget trekt til sides og alle kunne sjå den sørgjelege tilstanden amerikansk bilindustri var i. Sjefane for dei store bilkonserna kom til krisemøte med Obama-adm. i eigne privatfly! Dessverre gjekk Obama inn med støtte til GM og andre der det beste truleg ville vore at dei gjekk konkurs. Det ser me i dag, då hjula bokstaveleg talt er i gang att, men utan at dei ser ut til å ha lært noko: det er store, tunge, bensinslukande monster i form av pickups og vans som framleis regjerer.

I Tyskland, der bilindustrien også er svært viktig, valde dei ein annan strategi og innførte ein vrakpant på 2 500 euro, noko som fekk fart på det innanlandske bilsalet. 2009 vart eit kanonår for den tyske bilindustrien, og tiltaket såg ut til å lykkast, om ikkje sett frå eit miljøperspektiv.

Bilen må finnast opp på nytt
Med klimakrisa har bilen komme i eit dårleg søkjelys. Den er ansvarleg for ein stor del av CO2-utsleppa, og det er eit stort press for å redusera desse. Det har gitt nye initiativ for alternative drivkjelder, som elektrisitet og også hydrogen. Førebels er det hybridløysingar som har vore mest vellykka. Toyota har selt over 1 million Prius hybridbilar. 2011 og 2012 vil truleg bli gjennomslaget for el- og hybridbilar ved at dei fleste fabrikantane vil lansera nye modellar på marknaden.

Parallelt med utviklinga av alternative energiformer, har det skjedd ei radikal forbetring av energieffektiviteten for bilar. Utviklinga av drivstoff-effektivisering har særleg samanheng med utviklinga av diesel-motoren. frå å vera ein motor nesten berre brukt i transportnæringa (buss, lastebil), er det no dieselmotor i over halvparten av bilane som vert selde her i landet. Også bensinmotoren har vorte meir energi-effektiv, ikkje minst takka vera direkteinnsprøyting og brukar av kompressor eller turbo.


Bilen og Mercedes 125 år
Den første bilen var ein (Mercedes) Benz. Mercedes-namnet vart introdusert av Daimler i 1901, men det er det som har vorte merkenamnet.

Med litt omskriving kan me seia at "i begynnelsen var bilen, og bilen var Mercedes".

torsdag 20. januar 2011

11 banebrytande teknologiar


Tidsskriftet IEEE Spectrum har kåra dei 11 viktigaste teknologiane i det første 10-året av det nye årtusenet. IEEE Spectrum er eit tidsskrift av nerdar, for nerdar, berre for å ha det klart. Det er medlemsbladet til IEEE (les: I-trippel-E), som står for Institute of Electrical and Electronic Engineers og er ein verdsomspennande medlemsorganisasjon for ingeniørar.

At dei har valt 11 teknologiar er eit nikk til filmen This is Spinal Tap, og har du sett filmen, veit du kvifor 11 og ikkje 10!

Dei viktigaste teknologiane i det første 10-året:

1. Smart-telefonar
Smart-telefonane er over oss og det er ein sann revolusjon. Alt me treng, samla i ein liten dings som er med oss over alt. Framleis er det dessverre for dyrt med mobilt breiband, og for dårleg kapasitet. Men det er å håpa at det blir betre nokså raskt.

Den første smart-telefonen var IBM sin Simon Personal Communicator i 1993, med trykkfølsom skjerm!

2. Sosiale nettverk
Det er interessant at IEEE Spectrum ikkje berre ser på rein teknologi, men også kulturelle følgjer av teknologi. Sosiale nettverk er i høgste grad eit kulturelt fenomen, men har hatt minst like stor verknad på den teknologiske utviklinga som mange nyvinningar innan maskinvare.

3. Voice over IP (VoIP)
IP over alt, alt over IP. Dette har vore mantra og sjølvsagt måtte også telefoni komma til nettet. Den første kommersielle tilbydaren av IP-telefoni var det israelske firmaet VocalTec som i 1995 lanserte Internet Phone, forkorta til iPhone!

Men det var Skype som laga killer-applikasjonen. Dei styrte unna standardiseringsproblema som eksisterte på den tida der brannmurar og NAS gjorde ip-telefoni vanskeleg. Dei laga sin eigen VoIP og Skype er framleis bygd på ein proprietær protokoll.

4. LED-lys
LED, Light Emitting Diodes, har store fordelar framfor tradisjonell glødeteknologi. Teknologien leverer meir lys for mindre energi, og har også vesentleg lenger levertid. Eit problem til no har vore lysfargen; LED gir ofte eit kaldt og blåleg lys. Også her skjer det endringar.

5. Fleirkjerne-prosessorar (Multicore CPUs)
På slutten av 1990-talet vart det klart at det ville bli stadig vanskelegare å halda tritt med Moores lov (dobling av tal transistorar kvar 18. mnd.). Ein nærma seg grensa for kor raske prosessorane kunne gjerast, og kor tett krinsane kunne trykkjast. Varmeproblema begynte å bli uoverkommelege.

Kunle Olukotun ved Stanford forstod at noko nytt måtte til, og han utvikla fleirkjerne-prosessoren. Ved å byggja fleire CPU-kjernar saman til ein CPU, kunne veksttakten haldast oppe. Men hovudgrunnen til at dei store produsentane (IBM, Intel og AMD) gjekk over til fleirkjerne-prosessorar, var energisparing og ikkje effektivitet. Det reduserte energibehovet skuldast lågare klokkefrekvens. I ettertid har det vist seg at utan fleirekjerne-prosessorar, ville veksttakten vorte alvorleg redusert.

6. Cloud Computing
Interessant nok kom opptakten til CC ved at nokre studentar på midten av 1990-talet starta å interessera seg for "gammaldags" timesharing og virtualisering, utvikla av IBM på 1960- og 70-talet. Dei utvikla eit mellomlag mellom maskinvare og operativsystem og abstraherte dermed maskinvare-arkitekturen frå programma. Ein viktig grunn var den låge kapasitetsutnyttinga jamt over for serverar - ofte vart under 10 % av maks. kapasitet utnytta. Slik er det også med mange serverar i dag, viss dei ikkje har teke i bruk moderne virtualisering.

Arbeidet til studentane resulterte i VMWare, eit kjendt begrep i driftsmiljø rundt om. Virtualisering er ein avgjerande komponent i CC og betyr at kven som helst kan kjøpa kapasitet og plattform etter behov i skya. For nystarta selskap gir dette enorme fordeler der it-kapasitet kan behandlast som straum, og takserast deretter. Det er i høg grad med på å utjamna skilnader slik at om du sit på Røst eller i Oslo sentrum, kan du tilby nøyaktig den same nett-tenesta og til same kostnad. Konkurransen blir då flytta over til hjernebarken, og det er jo bra.

7. Flygande dronar (Drone Aircraft)
Flygande dronar (ubemanna fly) er ikkje lenger sci-fi og er eit mykje brukt våpen i Afghanistan-krigen. Ut over det trur eg ikkje eg vil seia så mykje om dette..

8. "Planet-køyretøy" (Planetary Rovers)
Ikkje så mykje å seia om dette heller, anna enn at eg er litt overraska over valet av både punkt 7 og 8 på denne lista!

9. Flexible AC Transmission (FACTS)
Dei elektriske ingeniørane må få sine stemmer med også, sikkert difor me har fått 7, 8 og 9 på lista. FACTS er ein teknologi for å styra straumtilførselen i netta, og har i følgje IEEE Spectrum vore avgjerande for å unngå kollaps og å kunna kopla på nye energikjelder som vindkraft m.m. For meir info, sjekk artikkelen om FACTS på Wikipedia.

10. Digitale foto (Digital Photography)
Det første digitale kameraet vart utvikla av Steven Sasson for Eastman Kodak i 1975! (det er foto av Sasson med kameraet i bladet). Som vanleg er ved store oppfinningar, var det ikkje eit digitalt kamera Sasson skulle utvikla. Han skulle prøva ut den nye CCD-brikken (charge-coupled device) for å sjå korleis den eventuelt kunne brukast i Kodaks utstyr elles.

Men Sasson, som ein god ingeniør, tenkte at det måtte vera dumt å testa ein slik brikke i eit mekanisk miljø, så han bestemde seg for å testa brikken i eit komplett digitalt miljø ved å laga eit digitalt kamera. Men det skulle ta 20 år før teknologien tok av. Det var fleire faktorar som låg til grunn: oppløysinga på dei første CCD-brikkane var altfor dårleg, lagringskapasitet mangla (Sasson brukte kasett!) og bileta tok altfor stor plass. I tillegg hadde Kodak patent fram til 1995, også bremsande for utviklinga. Det var først med introduksjon av JPEG bildekompresjon, auka oppløysing og utgått patent at digitale kamera tok av.

Det første digitale kameraet på marknaden var Kodaks Professional Digital Camera System (DCS 100). Det var eit steg tilbakes samanlikna med Sassons prototype som hadde alt innebygd i ein boks. DCS 100 var eit modifisert Nikon-kamera med elektronikken i ein eigen 5 kg-pakke i ein ryggsekk! Først året etter vart alt samla i kameraet (Kodaks DCS 200). Etter at patentet på teknologien gjekk ut i 1995, kom andre produsentar kom på bana og utviklinga skaut fart.

11. Class-D Audio
Litt rar kandidat dette også, men det kan skuldast at eg ikkje veit så mykje om lydteknologi. I følgje IEEE Spectrum har D-klasse Audio revolusjonert forsterking av lyd. Meir om Class-D Audio på Wikipedia.

søndag 16. januar 2011

Wikipedia 10 år


Nettleksikonet Wikipedia er 10 år i desse dagar. Og for ei utvikling det har vore! Det som ingen trudde skulle vera muleg, har no vorte det viktigaste oppslagsverket for alle. Den engelske versjonen av Wikipedia har i skrivande stund 3 530 152 artiklar over nesten 23 mill. sider, og med 13,8 mill. registrerte brukarar. Den norske utgåva har til samanlikning 287 000 artiklar på bokmål (Store Norske Leksikon snl.no, har 209 000) og 63 000 artiklar på nynorsk.

Først tradisjonelt, så revolusjon
Jimmy Wales starta ikkje med Wikipedia, men med ein modell som låg nærmare opp til tradisjonelle leksikon, med inviterte og betalte forfattarar. Det fungerte ikkje. Han gjekk så over til ein modell der kven som helst kunne vera forfattarar. Det einaste kravet er registrering. Men sjølv om du kan setja i gang og skriva etter å ha registrert deg, er det likevel barrierer mot å få bidraget godteke.

Alle er like, men nokre er "likare" enn andre
I Wikipedia er alle like, men nokre er "likare" enn andre og har spesielle privilegium som gjer at dei kan halda ein viss kontroll på bidraga. Mange opplever at denne kontrollen har vorte vel hard, noko også grunnleggjaren har innsett og ønskjer å endra. Ein viktig grunn for innstramminga har vore dei mange påstandane om at informasjonen på Wikipedia ikkje held mål, og at Wikipedia dermed ikkje held same standard som andre oppslagsverk.

Kvalitet
Diskusjonen gjekk lenge på om Wikipedia heldt same standard som dei tradisjonelle, redaksjonsstyrte oppslagsverka. Etter kvart som dei siste har lagt inn årene, eitt etter eitt, har diskusjonen stilna og Wikipedia er no snart einerådande.

Det betyr ikkje at kvaliteten er like god over alt. Det er stor skilnad frå tema til tema, og endå meir mellom ulike språk. Den norske utgåva er difor på langt nær av same standard som den engelske. Ei forklaring er sjølvsagt at me er ganske få som snakkar og skriv norsk, ei anna viktig forklaring er at me i Norge ikkje har klart å mobilisera fagfolka i like stor grad. Det første er ikkje noko å gjera med, men det sist må vera muleg å endra.

Revolusjonær tradisjon
Wikipedia er ein revolusjon innan oppslagsverk. Det er bygt på ein heilt annan modell enn andre verk, og så langt ser det ut som modellen er berekraftig og dankar ut den tradisjonelle. Ein viktig grunn er at modellen er veldig billeg, utanom ressursar til å halda nettsidene oppe, er alt arbeid gjort på dugnad. Og den web 2.0 har vist kva ressursar som finst i den store hopen.

Wikipedia føyer seg fint inn i historia med store omveltingar. Den franske filosofen og forfattaren Denis Diderot var sentral i utarbeidinga av oppslagsverket "Encyclopédie, ou dictionnaire raisonné des sciences, des arts et des métiers" ("Encyclopedia, or a Systematic Dictionary of the Sciences, Arts, and Crafts"), utgitt første gang i 1751. Prega av opplysingstida var det det første oppslagsverket som hadde folk flest som målgruppe, og målet var "to change the way people think".


På grunn av den radikale tilnærminga, vart leksikonet forbode av dei franske styresmaktene i 1759. På grunn av populariteten og dei mange som var sysselsette i arbeidet, vart det likevel sett gjennom fingrane og Diderot fekk lov til å halda fram arbeidet.

Støtte frå fagfolk
For å heva kvaliteten er det som tidlegare nemnt heilt avgjerande å involvera fagfolk. Ikkje fordi dei nødvendigvis sit med den einaste og beste kompetansen, men fordi det jamt over vil gi betre kvalitetssikring av informasjonen.

Eg har tidlegare skrive om ein diskusjon eg hadde med ein veldig god fransk venn. Ho arbeider i det franske nasjonalbiblioteket, ein prestisjefylt institusjon som ein viktig berar og formidlar av den franske kulturen. Då eg diskuterte Wikipedia med ho for to år sidan, i samband med at kollegaene mine og eg ved it-forsking på Vestlandsforsking donerte 10 000,- til leksikonet, var ho heilt rysta over at me som forskarar kunne ha tiltru til dette. Wikipedia bryt sjølvsagt med det meste innafor fransk kulturarbeid, ikkje minst det opphøga og sentralstyrte.

Men eit år etter denne diskusjonen kunne ho gledesstrålande melda at eg hadde rett. Nasjonalbiblioteket i Frankrike hadde bestemt seg for å bidra til å gjera Wikipedia endå betre, ved å delta med informasjon.. Også dette må kunna kallast ein revolusjon!

Wikipedia som plattform
Det er eitt område der Wikipedia ikkje har utvikla seg og det er å gjera tenesta til noko meir enn nettsider ein går til, å tilby andre kanalar for informasjonsinnhenting. Det har truleg ikkje vore Wikipedias strategi å utvikla dette, men det er lett å sjå at dei kunna spelt ei viktig rolle her.

I staden er det DBpedia som ser ut til å ta denne rolla. DBpedia er ei semantisk utgåve av Wikipedia, utstyrt med metadata og strukturert som semantisk web (rdf). DBpedia er heilt sentralt i det omfattande Linked Open Data, eller berre Linked Data, som no er under utvikling. LOD er informasjonsressursar frå ulike kjelder, laust samankopla ved hjelp av enkel semantisk teknologi. Det er "small pieces loosely joined", for å låna David Weinbergers uttrykk.

Allkunne og "ingenting-forstår"
Allkunne betyr "den som veit alt", og i denne saka er det freistande å leggja til "og ingenting forstår!". Nynorsk-leksikonet Allkunne har nyleg sendt eit krav på 75 000,- til Wikipedia for påstått brot på  opphavsretten, og dummar seg skikkeleg ut. I staden for slikt tull bør Allkunne samarbeida med Wikipedia og sørgja for at både dei og nynorskdelen av det blir betre. Som nynorskbrukar blir eg flau av slik oppførsel.

Dette handlar ikkje først og fremst om opphavsrett, som sjølvsagt må respekterast, men om kva som tener nynorskarbeidet best.

[Oppdatering 17.01: På markeringa av 10-årsdagen kunngjorde styreleiar for Allkunne, Ottar Grepstad, at dei trekkjer søksmålet mot Wikipedia. Så kjem dei ut av det med æra nokolunde i orden.]

Treng me meir enn Wikipedia?
Her i landet har det vore ein stor diskusjon om Store Norske Leksikon skal få statsstøtte til å halda fram den digitale versjonen, i konkurranse med Wikipedia. Kulturministaren har sagt nei til ideen, og bede andre ta ansvar.

snl.no vart overdrege til Fritt Ord og Sparebankstiftelsen DnB NOR i fellesskap. Eit nytt prosjekt er etablert med representantar frå Det Norske Vitenskaps-Akademi, Institusjonen Fritt Ord, Nasjonalbiblioteket, Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening, Sparebankstiftelsen DnB NOR og universiteta. Prosjektet har fått midlar fram til 2013, og artikkelbasen i snl.no dannar utgangspunktet.

Men treng me eit alternativ til Wikipedia? Ut frå konkurranseomsyn kan svaret vera ja, pluss det faktum at det alltid er greitt å ha fleire uavhengige kjelder å samanlikna. Men ut frå eit ressurssynspunkt og ikkje minst det faktum at Wikipedia er lisensiert med ein Creative Commons Attribution-Share Alike 3.0-lisens. Det betyr at innhaldet i den norske delen av Wikipedia (eller heile Wikipedia for den del) når som helst kan kopierast over til ein annan nettstad og byggjast vidare på. Den einaste føresetnaden er at opphavsmannen blir kreditert (attribution) og at det nye verket blir utstyrt med same type lisens.

Ut frå det siste, meiner eg at det vil vera betre å samla kreftene om det opne, brukarstyrte Wikipedia enn å laga endå eit lukka leksikon. Tida for det siste trur eg er over.

onsdag 12. januar 2011

The Wire


Dei siste par åra har eg begynt å kjøpa julegåve til meg sjølv. Like greitt sidan det nesten er dei einaste eg får. Jula 2009 vart det komplett "Sopranos" i gåve (eg fekk første sesong i gåve av barna!), og det slo an! Denne jula gav eg meg sjølv "The Wire", også ein HBO-serie. Dei to første sesongane gav såpass meirsmak at eg har kjøpt heile serien.

Sopranos vs. The Wire
Mange har karakterisert The Wire som arvtakar til Sopranos og også omtalt den som betre enn denne. La meg slå fast med ein gong at det er den etter mitt syn ikkje. Etter å ha fullført to sesongar synest eg serien er bra, men den manglar det heilt spesielle som gjorde Sopranos til det den vart. Framfor alt har ikkje The Wire same kvalitet på hovudrollane. Der James Gandolfini hadde den berande rolla som Tony Sopranos, og utførte det på ein framifrå måte, blir hovudrollen detektiv McNulty for klisje-prega (lett alkoholisert etterforskar..) og utan det same overbevisande uttrykket.

Vekslinga mellom det heilt familiære og det ultra-kriminelle var også ein viktig del av Sopranos, ei spennvidde som manglar i The Wire.

Som Sopranos viser også The Wire utsøkt musikksmak, men dessverre avgrensar det seg til innleiingsmusikken. Det er låta "Way Down in the Hole" av Tom Waits, framført av ulike artistar inkl. opphavsmannen sjølv. Tøff låt!

Politi vs. gangster
The Wire handlar om politi som jaktar på skurkar, ei ganske klassisk oppskrift. Staden er Baltimore og me følgjer Baltimore Police med detektiv Tim McNulty i hovudrolla. Men den kriminelle sida er via om lag like stor merksemd og får like mykje tid, dermed blir me godt kjende med dei også.

Avlytting (wire tapping) er sentralt i serien, derav namnet.

I første sesong er det narkotika og vald i Baltimore West det dreier seg om, med Avon Barksdale som den sentrale figuren i det kriminelle miljøet. Interessant nok går det bra så lenge etterforskarane held seg til narkotika (og vald), men så fort dei prøver å følgja pengane, får dei problem med sine overordna. Viss du følgjer narkotika, får du langarar og bakmenn. Følgjer du pengane, veit du aldri kvar du hamnar. Og våre venner kjem fort bort i delar av samfunnet som dei ikkje skal granska..

Parallelle hierarki
Det er interessant å sjå dei sterke hierarkia både i politiet og i den kriminelle verda, her er det mykje som er likt. Kampen mellom dei ulike narkotikabandane finn også delvis sin parallell i kampen mellom ulike avdelingar i politiet, og kampen mellom ulike delar av politiet (byen Baltimore, fylket Baltimore, staten Maryland og føderalt nivå med FBI).

Ineffektivt byråkrati
Serien får veldig godt fram den utrulege ineffektiviteten i politiet som følgje av tette skott mellom avdelingar og einingar. Eg tvilar ikkje eit sekund på at det stemmer, og dette er nok ikkje typisk berre for USA, det gjeld vel over alt. Også her i landet er det skremmande mangel på utveksling av informasjon mellom politikammer og -distrikt (tenk t.d. på Lommemannen-saka).

I politiet er det ein ting som gjeld: dekka seg sjølv ("cover your ass") - alt anna er uinteressant. "Våre heltar", McNulty og gjengen han arbeider med, har sjølvsagt edlare hensikter og prøver å gjera det me trur politiet er til for: oppklara kriminalitet og få dei skuldige dømde.

Serien gir også eit godt bilete på samspelet mellom politi, påtalemynde og rettsvesenet generelt. Ein viktig grunn til den truverdige skildringa av politi og rettsvesen er at mannen bak serien, David Simon, er ein tidlegare kriminalreportar.

Ingen happy ending
Symptomatisk nok blir ikkje politigjengen "vår" belønna etter endt oppdrag, der dei delvis har nådd fram, men straffa og flytt nedover i hierarkiet til dritt-jobbar.

Sakene blir heller ikkje løyste ved at hovudmennene blir tekne, dei går stort sett fri. I det heile verkar serien realistisk, om enn dystopisk.

mandag 10. januar 2011

Bloggåret 2010


Det er på tide å gjera opp status for bloggåret 2010. Voe har slutta å blogga, men eg har ingen planar om det. Har heller ambisjonar om å auka heller enn å redusera aktiviteten.

Eg skreiv i fjorårets oppsummering at bruken av Twitter til tider konkurrerte med blogginga mi. Twitter-aktiviteten min har minka, utan at den på noko tidspunkt har vore veldig høg.

Her er tala for 2010, med tal frå 2009 i parentes:

Innlegg: 72 (70)
Kommentarar: 63 (78)

Litt fleire innlegg, men færre kommentarar altså.

Google Analytics rapporterer om totalt 7 370 besøk og 9 738 sidevisingar. Trafikk-fordelinga er vist i den innleiande figuren.

Enkelte har spådd bloggens død, men eg trur den vil ha ei lys framtid. Kanskje blir det færre bloggarar, men eg har ei kjensle av at kvaliteten totalt sett dermed aukar. Offentleg sektor og næringslivet er også berre såvidt komne i gang med blogging, veksten her vil bli stor framover.