Blogg for Svein Ølnes. Etter kvart har bloggen handla mest om Bitcoin, kryptovaluta og blokkjedeteknologi. Det hender eg også skriv om andre interesser, som jazz og bilar. Det som blir publisert her står for mi eiga rekning.
lørdag 29. januar 2011
Bilen og Mercedes-Benz 125 år
I januar 1886 fekk Carl Benz patent på "Wagen mit Gas-betrieb", og bilen var oppfunnen. I dei 125 åra som har gått, er det produsert
2 485 041 881 bilar (kjelde: OIAC - Organisation Internationale des Constructeurs d'Automobiles). Og talet stig!
Forbrenningsmotoren
Om lag på same tid konstruerte Gottlieb Daimler den moderne forbrenningsmotoren og brukte den i ein to-hjuling (den første motorsykkelen i 1885). Daimler var også den første til å laga ein bil med firehjuls, Carl Benz' bil var jo ein trehjuling. Seinare vart dei to bedriftene slegne saman til Daimler-Benz.
Som vanleg, var det vanskeleg for samtida å sjå potensialet i oppfinningane: "Die Erfindung eines Gottlieb Daimler wird für die Entwicklung des Verkehrs wohl ohne groβe Bedeutung bleiben" (Der Groβe Brockhaus, 1896).
Fransk raffinement
Sjølv om Tyskland var staden både for bilen og forbrenningsmotoren, gjekk utviklinga sakte. Benz var ganske motlaus etter å ha selt berre 25 bilar på 6 år. Den første kunden hans var gal, og han måtte kjøpa bilen tilbake. Den andre var ein sjølvmordskandidat som gjorde det slutt før bilen vart levert..
Franskmennene såg mulegheitene der tyskarane såg ut til å ha gitt litt opp. Dei flytta motoren fram, og sette inn ein kardang i staden for kjede eller reim. Det var Louis Renault og Armand Peugeot som var dei førande, for kvart sitt bilmerke. Og rundt århundreskiftet var fransk bilindustri leiande, og hadde også fått konkurranse frå Italia (FIAT).
El-bilen kom tidleg
Overraskande for alle som trur at el-bilen er ei ganske ny oppfinning, er det å sjå at den kom alt på slutten av 1800-talet. Den første bilen som braut 100 km/t-grensa var ein el-bil, i 1899! Også hybrid-bilar vart laga på den tida, og el-motorar i hjulnavet var vanleg. Det var batteriteknologien og den høge vekta som tok livet av vidare utvikling av el-bilen, og det skulle gå 100 før utviklinga skaut fart att.
Bilen og moderniteten
Bilen har framfor noko symbolisert den moderne tida og er vel den oppfinninga som har hatt størst innverknad på samfunnet dei siste 100 åra. Med bilen kom mobiliteten og samfunnet vart organisert rundt dette. Det har sjølvsagt også hatt sine negative sider, men på ein slik dag (!) må det vera lov å seia at bilen har vore ei fantastisk oppfinning og gitt folk fridom, i det minste i den vestlege verda.
Soleglads-industri?
Finanskrisa fekk alvorlege følgjer for bilindustrien. I USA vart forhenget trekt til sides og alle kunne sjå den sørgjelege tilstanden amerikansk bilindustri var i. Sjefane for dei store bilkonserna kom til krisemøte med Obama-adm. i eigne privatfly! Dessverre gjekk Obama inn med støtte til GM og andre der det beste truleg ville vore at dei gjekk konkurs. Det ser me i dag, då hjula bokstaveleg talt er i gang att, men utan at dei ser ut til å ha lært noko: det er store, tunge, bensinslukande monster i form av pickups og vans som framleis regjerer.
I Tyskland, der bilindustrien også er svært viktig, valde dei ein annan strategi og innførte ein vrakpant på 2 500 euro, noko som fekk fart på det innanlandske bilsalet. 2009 vart eit kanonår for den tyske bilindustrien, og tiltaket såg ut til å lykkast, om ikkje sett frå eit miljøperspektiv.
Bilen må finnast opp på nytt
Med klimakrisa har bilen komme i eit dårleg søkjelys. Den er ansvarleg for ein stor del av CO2-utsleppa, og det er eit stort press for å redusera desse. Det har gitt nye initiativ for alternative drivkjelder, som elektrisitet og også hydrogen. Førebels er det hybridløysingar som har vore mest vellykka. Toyota har selt over 1 million Prius hybridbilar. 2011 og 2012 vil truleg bli gjennomslaget for el- og hybridbilar ved at dei fleste fabrikantane vil lansera nye modellar på marknaden.
Parallelt med utviklinga av alternative energiformer, har det skjedd ei radikal forbetring av energieffektiviteten for bilar. Utviklinga av drivstoff-effektivisering har særleg samanheng med utviklinga av diesel-motoren. frå å vera ein motor nesten berre brukt i transportnæringa (buss, lastebil), er det no dieselmotor i over halvparten av bilane som vert selde her i landet. Også bensinmotoren har vorte meir energi-effektiv, ikkje minst takka vera direkteinnsprøyting og brukar av kompressor eller turbo.
Bilen og Mercedes 125 år
Den første bilen var ein (Mercedes) Benz. Mercedes-namnet vart introdusert av Daimler i 1901, men det er det som har vorte merkenamnet.
Med litt omskriving kan me seia at "i begynnelsen var bilen, og bilen var Mercedes".
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
2 kommentarer:
Har en MB W124 fra 1990 - fantastisk bil.
Sjølv om det er BMW som er favorittmerket, har eg stor sans for gamle SL-modellar. Det gjeld særleg 1. og 2. generasjon, dei er jo stil-ikon. Av relativt oppnåelege (alt er jo relativt) modellar, er ein Pagoda (230 SL eller 280 SL) favoritten.
Legg inn en kommentar