Dette er eit svar på Espen Sirnes, førsteamanuensis ved Universitetet i Tromsø, sitt lesarinnlegg i Dagens Næringsliv 5. sept. der han tok til orde for å forby Bitcoin. Innlegget er skrive saman med kollega Guttorm og med god hjelp frå kollega Idun til formulering og rettskriving. Det vart sendt til DN, men dessverre har dei valt eit anna svar og stod på trykk 11.09 (bak betalingsmur). Dessverre har dei laga ein eigen tittel.
Lesarinnlegget til Espen Sirnes finn du her på bloggen hans.
Forby framtida!
Svein Ølnes og Guttorm Flatabø, Vestlandsforsking, 06.09.2017
Bitcoin må bli forbode, meiner Espen Sirnes ved Universitetet i Tromsø, ettersom valutaen berre er egna for kriminell verksemd. Med ei slik grunngjeving, burde Sirnes også ta til orde for å forby kontantar generelt, i tillegg til over tusen alternative kryptovalutaer. Som forskar bør Sirnes også setja seg inn i forskingslitteraturen på området. Då vil han sjå at det som kan kallast «lyssky» aktivitet ved hjelp av Bitcoin har vist ein klar nedgang og no berre utgjer ein liten del av alle transaksjonar (Tasca et al.: «The Evolution of the Bitcoin Economy», 2016). Kriminelle har etter kvart forstått at Bitcoin ikkje er anonymt, men pseudonymt, og at dersom det kan etablerast ei kopling mellom ein transaksjon og ip-adressa den er sendt frå, raknar alt.
Bitcoin er ein svært viktig innovasjon, kanskje på linje med web-en. Det er vanskeleg å overvurdera betydninga av denne teknologien, og det blir nok også reflektert i den stadig stigande verdien av Bitcoin spesielt, og kryptovaluta generelt. Bitcoin og kryptovaluta er eit område med svært mykje aktivitet, både gjennom utvikling av den underliggjande teknologien (programvaren), gjennom stadig meir forsking og ikkje minst stadig aukande bruk og nye bruksområde.
Utfordringane med Bitcoin og kryptovaluta generelt må løysast på andre måtar enn med forbod. Styresmaktene har alt mange av verktøya dei treng for å handtera ein del av utfordringane, noko m.a. opprullinga av Silk Road viste.
I staden for å ropa på forbod, bør Espen Sirnes og andre i akademia bidra med forsking på utfordringane. Det har vi valt å gjera ved Vestlandsforsking.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar