Jordskjelvet i Japan har ført til øydeleggingar og lidingar som er vanskelege å fatta. Sjeldan har ordtaket "ei ulykke kjem sjeldan åleine" vore så treffande: Først jordskjelv, så tsunami, og som om ikkje det var nok; ein overhengjande fare for ei alvorleg atomulykke.
Det er den siste trusselen som kanskje er den verste. Eit alvorleg utslepp ved eitt eller fleire av atomanlegga i katastrofeområdet, vil kunna få dramatiske følgjer for Japan og også for omliggjande land.
Tsjernobyl nesten gløymt
Det er under 25 år sidan Tsjernobyl-ulykka (26. april 1986) og likevel er det lenge sidan samfunnet gløymde dei alvorleg truslane atomkraft representerer. Sjølv om det ikkje skulle gå så gale som ein fryktar i Japan, er to slike hendingar på under 25 år (og legg til fleire andre alvorlege hendingar ved atomkraft-anlegg i perioden) ein klar bodskap om faren som heng over oss.
Landbruksmeldinga
I løpet av året legg Landbruks- og matdepartementet ei landbruksmelding for Stortinget. Den skal staka ut kursen for landbruket dei neste ti åra, og kanskje lenger (bør absolutt ha lenger horisont enn det). Denne meldinga bør ta opp truslane eg nettopp har skildra og setja søkjelyset på matvaresikkerheit.
Det hjelper lite med mykje "pæeng på bok" om det ikkje er mat å få kjøpt. Situasjonen i Japan viser kor utruleg fort alvorlege situasjonar oppstår og kor viktig det dermed er å vera trygg på eiga matforsyning. Det er sjølvsagt ingen total-garanti, for tilsvarande ulykker kan også oppstå nær Norge, men å sjå bort frå ein større forsyningsgrad av mat meiner eg er direkte uansvarleg.
NOU om sårbarheit i 2000
Kåre Willoch leia arbeidet med "Et sårbart samfunn - Utfordringer for sikkerhets- og beredskapsarbeidet i samfunnet", NOU 2000:24. NOU-en begynner med desse orda:
Det er sannsynlig at noe usannsynlig vil skje (Aristoteles, 384–322 f.Kr.).Forslaga i utgreiinga har fått mange følgjer, men dei har i hovudsak vore innretta mot meir tilsyn, kontroll og koordinering. Overraskande lite vart presentert som førebyggjande tiltak, og utvalet presiserte sjølve i kapitlet om mat at dei la vekt på matvaretryggleik i forståinga trygg mat, i motsetnad til matvaresikkerheit forstått som sikker forsyning. Denne avgrensinga verkar noko merkeleg.
På tide å diskutera matsikkerheit!
I den nye landbruksmeldinga bør matvaresikkerheit adresserast, og dei seinaste hendingane bør få utvalet til å ta dette med det største alvor. Som det vart uttrykt i NOU-en frå 2000:
Litt paradoksalt kan man si at en viktig side av arbeidet med sikkerhet og beredskap er å bli mer «etterpåkloke på forhånd.»
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar