NILF (Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking) oppgir i ein rapport frå 2009 at talet på jordbruksverksemder har gått ned med 35 % i Sogn og Fj. og 39 % i Hordaland på dei siste 10 åra. Landsgjennomsnittet er 31 % i same perioden. Utgangspunktet for statistikken er søknader om produksjons-tilskot. I 2008 var det 3 389 bruk som søkte om tilskot - for heile landet var det 47 289.
I NILF-rapporten går det fram at tal mjølkebruk i Sogn og Fjordane er bortimot halvert (nedgang på 46 % i perioden), og i Hordaland er det meir enn halvert. Ikkje rart då at desse firbeinte skapningane begynner å bli sjeldne.
Sauer er ålreite dyr og meir vanlege å treffa på. Men også her har det vore kraftig nedgang i fylket vårt. Frå 1998 til 2008 er tal sauebruk redusert med 44 % og talet på sauer 26 %. Det blir altså færre bruk, men med fleire sauer. Auken i besetning kan likevel ikkje kompensera for bruksnedgangen.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar