onsdag 11. desember 2019

Bestemor kvitvaskar ikkje!

Foto: Hartmut Schwarzbach (CC-BY-NC-SA-4.0)
Mor mi er snart 89 år og har verken pass eller førarkort lenger. For eit par veker sidan fekk ho melding frå banken om at ho måtte møta opp og legitimera seg, elles ville bankkontoen hennar bli stengd. Så ho må fram med rullatoren og møta opp hjå politiet for å få pass.

Den omfattande aksjonen for legitimering av bankane sine kundar er ikkje tiltak mot kvitvasking for denne aldersgruppa, det er trakassering av svake og utsette grupper!

Det var ikkje bestemødrer eller bestefedrar som stod bak slusinga av meir enn 2.000 milliardar kroner (!) i Danske Bank si Estlands-avdeling. Det var heller ikkje denne aldersgruppa som stod bak kvitvasking i Nordea, eller i SWED-bank, eller i SEB, eller i DnB som slusa 700 mill. kr gjennom systemet sitt på vegne av eit islandsk fiskerikonsern.

Dei store kvitvaskingssakene handlar om ein industri med stor profitt, og trass i aukande risiko er vurderinga slik at det er verdt å ta risikoen. Dei som tener på dette er både bankar og kundane som er involverte. Men desse kundane er ikkje nærmare 90 år og brukar rullator.

Kor vanskeleg kan det vera å leggja inn kontrollar på kontoane til denne aldersgruppa? Eg vil tru at pengestraumane inn og ut på desse kontoane er svært så føreseielege, og at det skal svært lite til å laga effektive kontrollsystem for å fanga opp uregelmessige transaksjonar. Trass alt brukar bankane milliardar på digitalisering, så det burde ikkje vera noko problem.

Kravet om legitimering av kundane stammar frå EU-direktivet om kvitvasking, og gjennom EØS-avtalen pliktar også Norge å innføra reglane. Men er det verkeleg slik at sunn fornuft og enkle løysingar er uaktuelt? Det einaste som synest sikkert i denne saka, er at kvitvaskinga vil halda fram om lag som før, og at trakasseringa av mange eldre og andre som er på utsida av det digitale samfunnet, ikkje vil ha nokon effekt i så måte.

1 kommentar:

Lars Marius Garshol sa...

"Det einaste som synest sikkert i denne saka, er at kvitvaskinga vil halda fram om lag som før"

Amen. Pengesterke folk med gode forbindelser blir neppe veldig hemmet av at alle må vise legitimasjon for å opprette konto.