Foredraget hans hadde same tema som siste boka, Everything is Miscellaneous - The Power of the New Digital Disorder. Tittelen spelar på at på nettet blir alt ulikt/unikt/eigenarta. Boka er bygd opp om ein tese om tre utviklingssteg for strukturering av informasjon:
- Første ordens ordning av informasjon: Måten vi organiserer dei fysiske objekta på (t.d. korleis me plasserer bøkene i eit bibliotek). Det finst berre ein måte å gjera dette på til ei kvar tid.
- Andre ordens ordning: Innføring av metadata for å kunna ta i bruk parallelle organiseringsprinisipp. For bibliotekseksempelet er det sjølvsagt bruk av kartotek-kort. Framleis er det fysiske grenser som set rammer og det er eit poeng å la metadata vera så kort som muleg, elles får me problem med plasseringa av metadata.
- Tredje ordens ordning: Dette er den digitale versjonen der dei gamle fysiske grensene (lagringsplass m.m.) er oppheva. Metadata kan no i prinsippet vera (minst) like omfattande som objektet som skal beskrivast. Her gjeld grunnen til meir, til betre. Kvart objekt blir unikt og kan gjenfinnast via ei rekkje inngangar.
Boka spenner på den måten vidt - frå web 2.0 til klassisk kategoriserings-teori, men sjølv om det ved første augnekast kan verka overflatisk, er Weinberger så skulert at det stikk djupare enn først tenkt. Omtalane på Amazon.com tyder på at lesarane er delte på dette punktet, men sjølv meiner eg boka har substans trass i at den spenner nokså vidt.
Weinberger er også innom semantisk web-diskusjonen og levnar lite tvil om kvar han står: Her passar det tidlegare slagordet han har formulert og som også er tittel på ei tidlegare bok - small pieces loosely joined. Han er klart ein talsmann for det enkle og pragmatiske og ikkje tilhengjar av ontologiar med stor O.
Sjølv om den berande ideen i boka er nokså enkel og det kan innvendast at det blir skrive mykje rundt desse enkle setningane, er boka interessant og velformulert og kan tilrådast.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar