søndag 4. mai 2008

Bad Boy Bubby

Den grufulle historia frå Østerrike om faren som heldt dottera innesperra i 24 år og misbrukte ho på det grovaste, viser at verkelegheita ofte går fantasien ein høg gang.

Saka minner meg om filmen Bad Boy Bubby. Den australske/italienske filmen kom ut i 1993 og var på alle måtar sjokkerande. Den 30 år gamle Bubby hadde vore halden innesperra av mor si som også misbrukte sonen seksuelt. Ein dag døyr mora og Bubby kjem seg ut av fengselet og ut i verda. Det blir eit sjokk både for han og for dei han møter.

Filmen er god, men det kunne innvendast den gongen at manuset kanskje var litt vel ekstremt. Men det var før Josef Fritzl...

1 kommentar:

Rein Hamburgerniste sa...

Det verste er at 1993 faktisk ikkje var FØR Fritzl - han var på det tidspunktet allereie i gong!