mandag 2. mars 2009

Pirates of Scandinavia

Saka mot Pirate Bay får naturlegvis mykje merksemd og det er ei viktig og interessant sak. Den rører ved prinsipielle utfordringar som t.d. om det er lov å lenka til ulovleg materiale/distribusjon på nettet. Reaksjonane er mange, både til støtte for Pirate Bay (om ikkje direkte støtte til ulovleg nedlasting) og sterk motstand. Av synspunkta i saka er eg veldig overraska over ein kapasitet som Jon Bing som synest villeg til å gå nokså langt når det gjeld definisjon og tiltak for å stoppa ulovlege eller tvilsame handlingar.

Bing seier at lenking til ulovleg materiale på nettet bør vera straffbart og han går langt i å forsvara at ISP-ane må ta ansvar for innhaldet dei distribuerer. Han støttar difor forslaget om at Telenor må stengja tilgangen til ei teneste som Pirate Bay. I mine auge blir dette nokså drøyt. Eg er ingen jurist, men dette må vera sensur av beste/verste sort.

Ei relevant samanlikning her meiner eg er Google sitt biletsøk gir tilgang til tusenvis/millionvis av bilete. Opphavsretten til desse bileta er uklar, i alle fall seier ikkje images.google.com noko om opphavsrett og kva du må passa på i tilfelle du lastar ned bileta. Er ikkje dette nokså likt operasjonen til Pirate Bay? I følgje Jon Bing har eg no medverka til ei straffbar handling ved å lenka til tenesta, via det klikkbare biletet.

Fildelingsteknologien BitTorrent har også komme i søkjelyset, men eg har enno ikkje sett forslag om å forby denne. Men i diskusjonen om nett-nøytralitet er dette eit heitt tema. Skal ISP-ane kanskje prioritera ned BitTorrent til fordel for annan trafikk, pga. nett-belastninga?

Etter mitt syn er saka om Pirate Bay begynnelsen på slutten for tradisjonell opphavsrett. Eg meiner åndsverklova og opphavsrett ikkje er tilpassa den nye teknologien, og må igjen understreka at eg ikkje er jurist.

Heldigvis har me fått alterantiv lisensiering i form av Creative Commons. Dette systemet, med Larry Lessig i spissen, har fått ei eksplosiv utvikling og det er nærliggjande å tolka det som at CC er svaret mange har leita etter i eit forsøk på å finna system som kan fungera på nettet.

Tilbake til Pirate Bay-saka: Eg tykkjer den har klare parallellar til Napster-saka for snart 10 år sidan. Saka mot Napster var også ei sak mot fildeling og ei teneste som ga tilgang til ulovleg materiale. Napster vart som kjendt dømt og måtte stengjast, og endra seinare forretningside.

Det er godt muleg Pirate Bay også blir dømde, men eg trur det blir ein Pyrrhos-seier for plate- og filmbransjen. Det blir som Gary Larson-teikninga: Dinosaurane som ler seg skakke når dei ser det første pelskledde pattedyret spring forbi, samtidig som dei første snøfillene er i lufta. Har dessverre ikkje funne teikninga på nettet, elles skulle eg ha gjort meg skuldig i endå eit lovbrot.

2 kommentarer:

Harald sa...

Thumbnail-bildene i bildesøk faller i USAsk rett inn under den ullene "fair use"-unntaket i opphavrett. Dette etter en føderal dom for fem års tid siden. I Norge (og de fleste andre europeiske land) vil thumbnail-søk være ulovlig. Dette fordi et minibilde regnes som en eksemplarfremstilling, ikke som et "sitat"

Svein Ø sa...

Interessant, og det viser vel det problematiske landskapet me er inne i når det gjeld saka mot Pirate Bay.