lørdag 3. november 2018

Brennbare Bitcoin

Jon Hustads artikkel i Dag og Tid 19.10.2018
Jon Hustad, journalist i Dag og Tid, skreiv ein artikkel om Bitcoin og redusert el-avgift også for datasenter som driv bitcoin-utvinning. Tonen i artikkelen følgde det vanlege Bitcoin-hylekoret der det ikkje er grenser for elendigheit knytt til kryptovalutaen.

Dessverre ser det ut til at regjeringa vil prøva å gjera eit unnatak i reglane for el-avgift til datasenter slik at utvinning av kryptovaluta ikkje skal få redusert avgift. Det er etter mitt syn eit dårleg forslag og viser problemet med subsidiering i eit nøtteskal.

Her er eit lesarinnlegg eg sende som svar til Jon Hustad. Det stod på trykk i gårdagens Dag og Tid (01.11.2018). Jon Hustads artikkel er dessverre ikkje fritt tilgjengeleg.


Brennbare Bitcoin

Svein Ølnes, forskar ved Vestlandsforsking, 22.10.2018

Først vil eg gi ros til Dag og Tid for ei veldig god avis, noko prisen frå Fritt Ord i fjor var ei stadfesting av. Men Jon Hustad (JH) sin artikkel om Bitcoin 19. oktober held etter mitt syn ikkje den standarden eg forventar av avisa.

Eg sit att med eit spørsmål om kva bodskapen eigentleg er, bortsett frå at JH  kastar seg på hylekoret mot Bitcoin. Det går ikkje klart fram om han meiner datasenter generelt bør betala full el-pris, eller om det berre skal gjelda Bitcoin. Dersom argumentet er det siste, blir spørsmålet korleis det i så fall skal handhevast? Skal me etablera eit el-politi som overvaker alle digitale tenester? Kva då med tenester innan spel («betting»), porno, falske nyhende på Facebook og liknande?

Det er fleire faktiske feil og mistydingar i omtalen av bitcoin. Hustad skriv at energien går med til å «grava ut bitcoin», men energibruken går til å sikra systemet og gjera det til verdas sikraste, ope IT-system. Betalinga i form av nye bitcoin er berre ein bonus for arbeidet. For det andre er det ikkje slik at det nødvendigvis vil gå med stadig meir energi for kvar ny bitcoin som blir frigjeven, slik JH skriv. Det er i hovudsak bitcoin-kursen som avgjer lønsemda i denne industrien. Dersom vekslingskursen på bitcoin går ned, vil energiinnsatsen også gå ned over tid. For det tredje er ikkje bitcoin anonymt, men kan koplast til opphavsperson via IP-adresse, noko politiet har vist.

Bitcoin må forståast i ein global samanheng og som ein reaksjon på finanskrisa. Sjølv om me ikkje har stort behov for denne typen pengar og betalingssystem i Norge, er det dessverre lett å finna dysfunksjonelle økonomiar der bitcoin kan vera redninga for mange. Venezuela, Argentina og Tyrkia  er berre nokre få av mange eksempel. Også for den halvparten av verdas folk som ikkje har tilgang til bankkonto, kan kryptovaluta vera viktig og einaste mulegheit til å delta i den globale økonomien. Som journalist bør Hustad også kjenna til saka der styresmaktene i USA pressa Visa og  Mastercard med fleire til å stoppa betalingar til WikiLeaks i 2010. Bitcoin var då einaste betalingsmåte. I desse dagar pressar USA på for å få betalingssystemet SWIFT til å stoppa betalingar til Iran.

Eg inviterer Jon Hustad til å følgja kurset «Bitcoin, blokkjedeteknologi og den digitale økonomien» ved Høgskulen på Vestlandet (alt tilgjengeleg på nettet). Betre kunnskap om fenomenet vil truleg resultera i artiklar med ei anna vinkling.

Ingen kommentarer: