tirsdag 22. mai 2018

Digitale sentralbankpengar

Norges Bank har i ein ny rapport (Memo 1/2018) vurdert digitale sentralbankpengar (DSP). Dei er ikkje åleine om å gjera dette, og andre sentralbankar har komme ein god del lenger. Det er uansett positivt, og nødvendig, at Norges Bank tek tak i problemstillinga og informerer om kva dei tenkjer. Endå betre ville det vore om dei opna for ein tovegs-dialog, t.d. ved å oppretta ein blogg.

Problemstillinga er klar nok: Kontantdelen av pengebruken i samfunnet er fallande og utgjer no berre 2,3 % av pengebehaldninga (M1). Den andre gunnen til å vurdera DSP er den teknologiske utviklinga og særleg utviklinga innan kryptovaluta og blokkjede. Samtidig vil etablering av DSP kunna sikra følgjande viktige føremål som kontantar dekkjer i dag:

  • Eit kredittrisikofritt alternativ til kontopengar (bankinnskot)
  • Ei uavhengig betalingsløysing som eit alternativ til bankane si løysing (sårbarheit og beredskap)
  • Eit sporingsfritt betalingsalternativ

I utgreiinga blir det sett fram to alternative modellar for DSP:
  1. Kontobasert
    Lagring av både verdiar og prosessering skjer sentralt. Pengane er på konto i eit felles konto-system og blir flytta mellom konti. Dette blir parallelt med bankane sittt system for konto-pengar, berre med skilnaden at det er Norges Bank fordringa er mot.
  2. Verdibasert
    Denne modellen har desentral lagring og prosessering. Den enkelte brukaren har pengane lokalt hjå seg, sannsynlegvis på mobilen eller på eit kort. Overføring av pengar skjer direkte mellom partane utan å gå vegen om Norges Bank. 
Den verdibaserte modellen liknar mest på dagens kontantar, Denne modellen kan også løysast ved bruk av Distributed Ledger Technology, DLT (me manglar eit godt norsk uttrykk for dette!). Men Norges Bank meiner denne teknologien er for umoden, både på kort og mellomlang sikt (kva er mellomlang sikt?) og avviser med det bruk av blokkjede.

Etablering av DSP vil kunna få store følgjer for bankane, avhengig av korleis eit slikt system blir utforma. Bankane kan få konkurranse om innskot, noko som igjen kan påverka kredittfunksjonen deira.

Det er i det heile mange opne spørsmål kring DSP, og det er også konklusjonen i rapporten frå Norges Bank. Her er det viktige spørsmål som må utgreiast nærmare. Bruken av blokkjede-teknologi er det som får minst merksemd, og det er på ein måte naturleg. Dei vanskelege spørsmåla er først og fremst knytte til andre forhold enn teknologiske. Samtidig ville det ikkje vore unaturleg om Norges Bank gjekk grundigare inn på også denne delen av utfordringa på ein litt grundigare måte enn dei har gjort. Dei har nærmast avfeidd teknologien, i alle fall på "kort og mellomlang sikt". Kva er mellomlang sikt??

Ingen kommentarer: