fredag 27. august 2010

HTML5 og revolusjonen i W3C


HTML5 er det store "summe"-ordet for tida. Bakgrunnen for arbeidet med den nye standardversjonen av HTML er interessant og viser ein del av problemet med standardiseringsarbeidet i W3C. W3C køyrde nemleg i grøfta i dette prosjektet.

xhtml
xhtml var W3C sin definerte retning for HTML-standarden. Det begynte med xhtml 1.0, som var HTML 4.01 i xml-syntaks. Med xhtml 1.1 tok utviklinga for alvor ny retning. Her var det rein og skjer xml og det betydde m.a. at den ikkje kunne serverast som Mime-type text/html. Noko som igjen betydde at viss forfattarar publiserte eit dokument med xml mime-type, kunne ikkje den mest brukte nettlesaren - Internet Explorer - tolka det! Hallo, W3C, på tide å sjå ut glaset?

Men W3C såg ikkje ut av glaset og heldt fram med xhtml-utviklinga, no med versjon 2.0. Den skulle visa vegen til ei lysande xml-framtid, og ville bryta totalt med HTML og ikkje vera bakover-kompatibel. Den skulle bli rein og ubesudla av HTML-feil - den vart ein katastrofe.

Nok er nok!
Utviklarar begynte å få nok av W3Cs elfenbeins-tårn (and, dare I say: teoretiske og akademiske tilnærming) og tok saka i eigne hender. Representantar for nettlesarane  gjorde opprør og starta ei eiga arbeidsgruppe - WHATWG - leia av Ian Hickson frå Opera. Dei arbeida med spesifikasjonar for Web Apps 1.0 og Web Forms 2.0.

Til Tim Berners-Lee ære innsåg han sjølv at xml-vegen var eit feilspor, og let det vidare arbeidet med ny HTML-standard bli overført til WHATWG.

Dynamisk web
HTML5 introduserer mange nye ting, og særleg støtte for dynamisk vising. canvas er eitt av dei nye elementa som definerer eit rektangel og let utviklaren fylla det med dynamisk innhald via Javascript. video er eit anna nytt element som let utviklaren inkludera video på sida. Desse elementa utgjer ein reell trussel for Flash, sidan det til no nesten har vore einerådande for å visa dynamisk innhald og særleg video.

I samband med prosjektet "Kunnskap kryssar grenser" fekk me prøvd ut video-elementet ein god del og innleigd hjelpemann Odin Hørthe Omdal fekk i gang ein diskusjon i WHATWG som resulterte i endringar i video-delen av HTML5-spesifikasjonen - ikkje dårleg!

Den nye nettlesar-krigen
Det er full krig mellom nettlesarane, igjen. Det nye, og positive, denne gangen er at dei konkurrerer om å vera raskast ute med støtte for HTML5-standarden. Til og med Microsoft har kasta seg på standard-racet og IE9 skal bli den beste på å følgja standardar!

Som Jeffrey Zeldman, gjesteredaktør i siste nr. av magasinet .net og ein av dei viktigaste forkjemparane for bruk av web-standardar, avsluttar med:

"I see CSS3 and HTML5... I see the web I used to dream about. And I see you and me having a lot of fun over the next decade."

Les meir om HTML5 i "HTML5 for Web Designers", utgjeven på Zeldmans nye A Book Apart forlag. Han har frå før hatt stor suksess med nettstaden A List Apart (obligatorisk lesing!) og konferanseserien An Event  Apart. Boka, eller rettare sagt heftet, er på 85 sider og med det eit motstykke til dei fleste publikasjonar i denne sjangeren. Men dei 85 sidene gir ei god innføring i arbeidet med HTML5 og dei viktigaste endringane, utan å gå inn på detaljar. Boka er skriven av Jeremy Keith.

Ingen kommentarer: