Lanseringskampanjen er stramt styrt, så stramt som berre Apple kan. Aftenposten melde i går om tøffe kontraktar for media for å få tilgang til prøveeksemplar, ein kontrakt dei sjølve nekta å skriva under på. Dessverre er det mange som skriv under berre for å få hendene i eit eksemplar. På dette området er Apple typisk amerikansk: ein tilsynelatande fri og uformell stil (jfr. Steve Jobs ulike lanseringskonferansar) som skjuler eit beinhardt regime. Dongeri utanpå, militæruniform under..
Men det er andre ting som er verre med iPhone: Låsing av telefonen både til mobiloperatør og låsing av plattform. Det første er ikkje noko nytt, men Apple har teke det eit par steg lenger enn konkurrentane. Det siste er typisk Apple; Microsoft er den som får kjeften medan Apple i det store og heile er mykje verre når det gjeld låsing og proprietære haldningar. Forbrukarombodet Bjørn Erik Thon har fleire gonger kritisert Apples iPhone-planar i Norge og har pressa på for større openheit.
Ingen skal ta frå Apple evna til å laga kule ting. Dei har dei ypparste designarane og lagar rett og slett dei kulaste dingsane. Slik er det også med iPhone som redefinerer mobiltelefonen og legg lista høgt for konkurrentane. Ikkje minst er brukargrensesnittet, med peiking og ulike bevegelsar for forstørring og forminsking, genialt.
Men bak det tiltalande ytre er det ein filosofi som skremmer. Det er låsinga av telefonen og total tilgangskontroll som er det mest skumle. Det varslar ein ny trend som på lenger sikt kan bli heilt øydeleggjande for det kreative og innovative Internettet me kjenner. Jonathan Zittrain brukar iPhone som eksempel på den nye bølgja som han meiner kan føra Internett-utviklinga lukst i avgrunnen ("The Future of Internet - and How to Stop It"). Den boka skal eg komma grundigare tilbake til om litt.
3 kommentarer:
Samd med deg! Kjøp ein HTC Touch Cruise eller HTC Touch Diamond og du har langt på veg same funksjonaliteten. Ikkje like kult på cafè kanhende, men du treng i allefall ikkje vere ein av dei som støtter Apple sin jippo rundt denne dingsen. For det er ein dings det er snakk om. Og til våren......
Du glemmer kapitalismen oppi det hele. Et produkt som er så profilert som iPhone, har potensiale for prisdiskriminering. Eller melking av kunder om du vil.
Et par punkter:
1. Jeg tipper Apple har bevisst begrenset tilgangen på iPhone på grunn av høy etterspørsel. Og slik det er nå, så har til og med NetCom, med sine skyhøye prisplaner, problemer med å levere nok av telefonen. Apple har selv myndighet til å velge hvem som skal markedsføre telefonen, og så lenge det ikke finnes et lovverk mot eksklusivitet, så er det fint lite å gjøre med det. Da er det også vanskelig å argumentere mot "militærstil" og "umoralsk".
2. Vær du sikker på at telefonen blir sluppet fritt på markedet, enten ved at Apple blir pålagt dette gjennom lovendring, eller at de velger å gjøre det selv når produksjonskapasiteten overstiger kortsiktig tilbud. Dessverre har man ikke mulighet til å regulere priser, og Apple kan fint gjøre som de gjorde i Tyskland, å prise den til 8000 kroner. Likevel kan stole på markedsmekanismene, global handel har ikke akkurat bidrar til redusert arbitrage.
Joakim: Det er ikkje prisinga eg reagerer på. For min del kan Apple ta 20 000,- pr. tlf utan at det bryr meg. Og prisregulering på slike produkt er sjølvsagt heilt uaktuelt og ikkje ønskjeleg.
Problemet er innelåsing og at plattformen ikkje innbyr til generell utvikling, men at utvikling av tilleggsprodukt er strengt styrt av Apple. Det er den motsette filosofien av den opne pc-en og det opne Internettet - som Jonathan Zittrain gjer grundig greie for i boka om The Future of Internet..
Legg inn en kommentar