mandag 17. november 2008

Svaret er Facebook - kva var spørsmålet?

Statsråd Heidi Grande Røys er over seg av entusiasme etter å ha fått rapporten eBorger 2.0 frå SINTEF i fanget. Den fortel at det offentlege må kasta seg på web 2.0-bølgja, og det fort. Eg er ikkje ueinig i at offentleg sektor må få opp farten når det gjeld å fanga og formidla brukarimpulsar, men eg meiner rapporten er utruleg naiv på ei rekkje område her.

Eg har for det første problem med begrepet eBorger, og det burde strengt teke Heidi ha også. Borgar er ikkje eit vanleg begrep i norsk terminologi, det er innbyggjar. Dessutan er det helst høgresida som brukar borgar-begrepet, om det i det heile blir brukt.

Men det er innhaldet i rapporten som er viktig. Oppsummert får eg ei kjensle av at "web 2.0 er svaret - kva er spørsmålet?". Eg ser lite og dårleg grunngjeving for kvifor, og gode eksempel som argumenterer for dette. Det blir mest at offentleg sektor må ta teknologien/trenden i bruk fordi web 2.0 er brukt på så mange andre område.

Ei spørjeundersøking dannar ein viktig basis for konklusjonane i rapporten. Den undersøkinga er etter mi meining lite verdt, og blir også tøygd veldig langt for å få kartet til å stemma med terrenget. 17 % av dei spurde er ueinige i påstanden "informasjonen [offentleg informasjon] var enkel og rask å finna fram til". 17 % er ikkje mykje, og særleg ikkje når dei 17 prosenta blir brukte som sanningsvitne for at offentleg informasjon er vanskeleg å finna fram til. Til samanlikning svarte 54 % at dei var einige/svært einige i påstanden over.

Eit anna og kanskje større problem, er inndelinga i aldersgrupper i undersøkinga. Aldersgruppa 15-30 år er klaska saman, og det blir for meg ei altfor ueinsarta gruppe. Det er her det store problemet med rapporten kjem fram: har offentleg informasjon ei hovudmålgruppe eller er den like viktig for alle aldersgrupper? Etter mi meining har offentleg informasjon ei hovudmålgruppe av innbyggjarar som er i etableringsfasen, altså i hovudsak 25 - 50 år (med eit visst slingringsmonn). Det er i denne fasen det blir viktig å finna informasjon frå det offentlege og komma i dialog om tenester.

Eg vil påstå at gruppa 15 - 20/25 år i svært liten grad har bruk for offentleg informasjon og at offentleg sektor ikkje bør bruka store ressursar på å nå dei. Og då blir det også mindre viktig å dela offentleg informasjon på Facebook og Twitter ++.

Eg seier ikkje at web 2.0-tankegang og -innretning ikkje er viktig for offentleg sektor, heller tvert om. Men den må komma på område som er viktig for folk, og ikkje i form av heller tynne eksempel som i rapporten. Opne høyringar og diskusjon rundt viktige saker er berre eitt av mange bruksområde der det er viktig å få innbyggjarane i tale.

2 kommentarer:

jazzyhal sa...

"Eg vil påstå at gruppa 15 - 20/25 år i svært liten grad har bruk for offentleg informasjon og at offentleg sektor ikkje bør bruka store ressursar på å nå dei."

Aldersgruppa 15 - 20/25 har absolutt bruk for lett tilgang til offentleg informasjon. Ein ting er at dei skal lære om samfunnet vårt i skulesamanheng og har bruk for å få tilgang til informasjon. Den andre delen er at dei skal vere borgar/innbygjar i samfunnet på lik linje som oss eldre andre. Ungdom har rett på medverknad i lokalsamfunn og politikk. Dei skal bli høyrt på i samfunnet generelt for ikkje å snakke om på skulen.

Døme: Kvar gong forskrifter for skulen/utdanning blir endra burde denne informasjonen komme ut til dei unge brukarane på ein måte og eit språk som gjer at dei forstår og kan ta del i den offentlege diskusjonen.

Svein Ø sa...

Eg skal moderera meg til å seia "i mindre grad bruk for offentleg informasjon" enn "i svært liten grad".

På vegne av Direktoratet for forvaltning og ikt, DIFI, intervjua eg (og ein samarb.kollega frå Bouvet) ein del personar om tilgang til offentleg informasjon, kjennskap til offentlege verksemder m.m. Intervjua skjedde i sommar og det var mange unge mellom dei som vart intervjua.

Felles for dei som var i alderen 20 (+/-)var at dei brukte offentleg verksemder (fysisk og nett) lite - dei hadde rett og slett ikkje bruk for dei tenestene.

Er ikkje ueinig i at unge bør delta i samfunnet på lik linje med andre aldersgrupper, men det går meir spesifikt på demokrati (og e-demokrati), i eBorger 2.0-rapporten er det forvaltningsbiten som er via mest plass.