onsdag 3. mars 2010

Digitalt gjerde



http://www.flickr.com/photos/jay_que/ / CC BY-NC-SA 2.0

"Bondebladet" er vanlegvis ikkje staden eg hentar inspirasjon til blogginnlegg, trass i at det er eit bra blad, men i siste nummer står det ein interessant omtale av digitale gjerde. Oscar Hovde Berntsen frå Øksendal i Sunndal har heilt sidan tenåra fundert på om det er muleg å utvikla virtuelle gjerde, utan gjerdestolpar, netting eller den moderne varianten el-gjerde.

Han vidareutviklar no ideen sin om ein saueklave med innlagt solcelle-panel og med ein prosessor + minne som held på koordinatar. Koordinatane markerer "gjerdet" der sauen (eller dyret, sidan dette er generell teknologi) skal halda seg innafor. Dersom sauen går utanfor dei innlagde koordinatane, vil bjølla først gi ein lyd som vil auka i volum etter kvart og til slutt føra til eit lite straumstøyt. Forsøk viser at dyra fort lærer seg dette og snur når dei høyrer lyden blir aktivert.

Enno er prisen relativt høg, ca kr 2 000,- pr. bjølle, men den vil jo vera avhengig av volumet som blir produsert. Ein patentsøknad er til behandling og når svaret har komme, er det klart for aktiv marknadsføring og sal. Men først skal det gjennomførast stress-testar for å sikra at teknologien ikkje stressar dyra.

Det er særleg i utmark det digitale gjerde vil ha sin styrke, der det er vanskeleg eller uråd å setja opp fysisk gjerde.

Denne oppfinninga passar fint inn i den omtalen av innovasjon eg hadde i eit tidlegare innlegg om VaviaTrack. Også her er det kjendt teknologi som blir sett saman og utnytta på ein ny måte.

Ingen kommentarer: