onsdag 17. februar 2010

Innovasjon i skiløypa


OL i Vancouver har vel ikkje heilt slått til, sett med norsk auge. Då kan det vera kjekt å melda om annan suksess i skiløypene, i alle fall potensiell suksess. Informasjonssystemet Vaviatrack let deg følgja OL-løypene i Whistler meter for meter med video, i tillegg til markering i høgdeprofil og løypeoversikt.

Dette er eit godt eksempel på innovasjon. Innovasjon er i framandordboka mi oversett med 'forandring, nyhet' og det er opprinneleg latinsk. Innovasjon blir ofte kopla til noko som er grensesprengjande nytt, men den vanlegaste forma for innovasjon er å setja saman kjende ting på ein ny måte.

Det er akkurat det personane bak Vaviatrack har gjort. Ingen av dei tre hovuddelane av tenesta er nye:
  • videofilming av trase
  • løypeprofil vist som høgdekart
  • løypeprofil i terreng (satelitt-bilete) eller på kart
Men Vaviatrack har klart å setja desse kjende elementa saman på ein ny måte og produktet synest å ha eit stort potensiale. OL i Vancouver er sjølve show-off og med filming av alle langrennsløypene har dei ein kjempebra demo å visa til.

Bak Vaviatrack står mellom anna Asbjørn Hønsi frå Vik, primus motor for det fantastiske skianlegget på Kålsete i Vik. På tekniske side har han fått med seg karane i Yast.com, Sogndal.

Om det ikkje blir gull i desse løypene, blir det kanskje suksess på eit anna område?

1 kommentar:

Paal Fosdal sa...

Flott at du skriv om dette, Svein. Dette er ei skikkeleg gladsak når det gjeld næringsutvikling i Sogn. Og Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane skal ha kreditt for støtta dei har gitt gründeren - gjennom rettleiing og gjennom opptak i Fjordinkubator.