“Respect for failure” er kanskje den viktigaste faktoren som skil Silicon Valley/California/USA frå andre kulturar. Særleg gjeld dette i Silicon Valley. Prof. William Miller, Stanford Univ., seier at "Det er aksepteringa av å feila som er nøkkelen til Silicon Valleys suksess og som er så vanskeleg å kopiera for andre”.
Silicon Valley” vart elles første gang brukt som begrep av Don Hoefler i artikkelen ”Silicon Valley, USA” i tidsskriftet Microelectronic News, 1971.
Utivklinga av California sidan midten av 1800-talet er nødvendig for å forstå dagens kultur.
1846: 7 500 innbyggjarar i heile California! (ehh, utan å rekna med dei innfødde – indianarane).Den enorme auken i folketal kravde utvikling av jordbruket for å forsyna folk med mat. Jordbruks-produkt vart etter kvart meir verdt enn gull.
1848: ”Goldmine found”!
1865: 365 000 innbyggjarar
Leland Standford, ein av dei "fire store" som var med og bygde infrastruktur og opparbeidde seg store formuer. Stanford brukte den mellom anna til å kjøpa store landområde i Palo Alto. Seinare vart eigedommen overdregen til Stanford University, med ein klausul om at jorda ikkje måtte seljast. Universitetet vart oppkalla til minne etter sonen Leland Stanford jr., som døydde i ung alder.
Frederick Terman, tilsett i Poulson Wireless (radio, telegrafi..), er rekna som ”The Godfather of Silicon Valley”. Terman føreslo at dei store landområda til universitetet, som ikkje kunne seljast, kunne leasast ut til bedrifter som ville starta opp. Dette førte til svært tette band mellom Stanford og bedriftene rundt universitetet. Desse banda har heile tida vore sterke og er også i dag.
Geografisk nærleik er viktig for suksessen i Silicon Valley – den sosiale dimensjonen er viktig. Horning trur difor ikkje moderne, høgkapasitets breiband kan kompensera for dette.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar