lørdag 27. mars 2010

San Fr. - dag 3: Seesmic, San Francisco by, GoGrid og AT&T

Seesmic (Loic le Meur)
Dette var eit av dei besøka eg hadde sett mest fram til, som Seesmic-brukar over lang tid. Og @loic skuffa ikkje. Han er ein franskmann som flytta til San Francisco for 3-4 år sidan, trur det var fordi han fekk nok av europeisk (fransk) byråkrati ++.


Seesmic er det femte selskapet han har starta! Å vera i SF og miljøet rundt, er som å vera på eit universitet og aldri slutta. Hadde først trudd at sosialt nett vhja video ville vera tingen, men det tok aldri av. Må ikkje vera redd for å snu 180 grader viss ting ikkje ser ut til å ta av slik ein trudde.

Seesmic-satsinga (Twitter-klient m.m. for dei som ikkje kjenner til det) er finansiert av Skype-grunderane, eBay og andre. Seesmic som ein hub; kan senda til meir enn 50 sosiale kanalar – og samla innspel frå dei same kanalane.

1/3 av brukarane er på mobil, ca. 1/3 på web og 1/3 desktop.
Ny desktop-versjon i løpet av 4 veker, vil bli heilt plug-in-driven. Alt blir plug-in, om ein ikkje likar Twitter-modulen, kan ein laga sin eigen eller byta den ut med ein annan. Alt er heilt ope (kanskje for ope?), same filosofi som Twitter.

Støttar no 7 plattformer – eit mareritt! Heilt ulik kode og svært ressurskrevjande. Seesmic Look: for folk som ikkje er ”nerdar” på sosiale medium, altså folk flest.

Organiserer også konferansen Le Web i Paris, i år 8. og 9. desember. Det er den største web-/nett-konferansen utanfor USA. Den blir arrangert for 6. året og det har vore utselt kvart år utan at han/dei har brukt ei krone på marknadsføring. Alt har skjedd via "word of mouth".

1. Seesmic forretningsmodell: Alle bilete genererer litt inntekt
2. I Seesmic Look er det annonsar/tvitringar frå ulike merkje (lagar eigne kanalar for dei). Trur på litt smartare annonsering. Vil også ta betalt for utvikling av plug-ins
3. For dei som ikkje likar reklame, vil dei tilby ei reklamefri teneste mot betaling

Går i stikk motsett retning av TweetDeck ved å vera svært opne (som twitter.com).

Boble?
Er sos. medium i ferd med å bli ei boble? Han avfeia spørsmålet mitt som eit typisk europeisk spørsmål – ikkje snakk om noko boble (viser til brukartal og vekst).

Det er godt muleg han har rett, har har i alle fall betre føresetjing for å vurdera det enn meg. Men når han viser til brukartal og vekst, blir eg likevel litt uroleg. Det mangla ikkje på vekst i brukartal på slutten av 1990-talet heller. Eg trur faktisk at sosiale medium får seg ein korreksjon snart fordi det er overetablering av tenester rundt dette og fordi betalingsvilje og forretningsmodellar er dårleg utvikla i høve etableringane. Men som sagt, dette er mine vurderingar, og dei er ikkje så mykje verdt..

Eg har i alle fall skjønt at ordet "boble" har ein dårleg klang her i området :)

San Francisco by, Dep. of Technology

Neste post var eit besøk hjå City and Council of San Francisco, Dep. of Technology.
Det vart først orientert om eit parkeringssystem som eg ikkje refererer frå her. Får heller visa til andre som evt. bloggar om dette.

Deretter var det ei orientering om breibandutbygging som eg heller ikkje brukar så mykje tid på, sjølv om det var interessant. Dei legg opp til utbygging av "middle mile" i byen fordi det viser seg vanskeleg å få dei private selskapa til å investera akkurat her. Tanken er å leiga ut plass til lokale ISP-ar, men at byen har ansvaret for sjølve "middle mile". Det blir om lag som ein kommune som har ansvaret for vassforsyninga fram til der den lokale abonnenten koplar seg på systemet.

Open Data

Den mest interessant delen var orienteringa om strategien for opning av offentlege data, bruk av fri programvare og open deltaking.

1. Open Data
2. Open Source
3. Open participation

Open Data: DataSF.org
Har alt over 30 appl. laga på bakgrunn av off. data som er lagde ut (t.d. SF Crimespotting, 311-statistikk ++). Uvant for dei tilsette å bli kikka i korta. Strategien har difor vore ei blanding av gulrot og pisk. Jay Nath, prosjektleiar for initiativet, la til med eit glimt at han hadde ikkje så mange venner i administrasjonen..

På spørsmål om dei tilrettela data i eit spesielt format, også med tanke på integrasjon med Linked Data, var svaret at det gjorde dei ikkje. Dei samla ikkje data i ein sentral (datavarehus), men ba dei enkelte institusjonane frigi data så mykje som muleg. Det viktigaste var å få data ut og få folk til å bruka dei, raffinering fekk heller komma seinare.

Dei bearbeida likevel data med tanke på personvern. I kriminalsaker la dei til dømes ikkje ut adressa direkte, men berre kvartalet.

Open Source
GPL der det er muleg.
Brukar WordPress – sparer masse, ikkje minst slepp dei å gå gjennom lange innkjøpsprosedyrar.
Master Address DB – basert på fri programvare og dugnadsprinsipp, målet er å unngå dei siloane av informasjon som finst i dag. Men SF har også eigne utviklarar for å ha kontroll og styring med produkta.
Personvern: Må gjera enkelte tilpassingar av data slik at ein unngår sporing (opplyser t.d. berre om kvartalet for eit tilfelle av kriminalitet i staden for den eksakte adressa).

Open Participation
”Government as a platform”
Har utvikla eit nasjonalt 311-API for å spara kostnader knytta til helpdesk/help center og let brukarane registrera direkte inn i fagsystem via ulike kanalar. Å berre oppretta ein twitter-konto vil ikkje vera så stor innsparing, det er først når ein får integrert innbyggjar-innspel med fagsystema at gevinsten blir interessant. La brukarane ta kontakt der dei er, ikkje tvinga dei til å bruka ei offisiell web-side for byen.

Oppmuntring: konkurransar og prisar for å stimulera til utvikling av betre produkt og tenester.
Har nettopp hatt ei ide-myldring der dei har fått inn meir enn 1000 innspel til korleis effektivisera delar av off. tenester.

GoGrid
GoGrid er ein dataleverandør som leverer både tadisjonelle ("gammaldags") driftstenester gjennom ServePath-namnet og nye, nettskybaserte driftstenester gjennom GoGrid-plattforma. Presentasjonen knytte seg til det siste, og det var CEO og (med-)grunder John Keagy som teikna og forklarte.

Keagy teikna opp figuren over (dvs. han teikna ein sirkel, men poenget er det same) og forklarte korleis han trur utviklinga vil bli. Figuren representerer dagens kostnadsfordeling med it-drift, i grove trekk. Han meiner det blir eit stort press på arbeidskostnadene og at omfattande automatisering vil redusera denne mykje. Det er berre å sjå på kostnadsbiletet for ServePath og GoGrid for å sjå det.

Vidare vil også kostnader til maskinvare og telekomm. bli kutta. Det blir med andre ord ein omfattande kostnadskrig i driftsbransjen, og GoGrid-plattformen er selskapet sitt svar for å møta framtida.

Med GoGrid er administrasjonen overleten til kundane gjennom eit enkelt, REST-basert grensesnitt. Der kan ein setja opp type server, operativsystem, ressursbehov ++ og spara GoGrid for masse arbeid. I botnen av det heile er det ei samling billege serverar. Oppå der er det eit virualiseringslag. GoGrid bruka systemet XEN Hypervisor. Det er fri programvare og slik sett langt billegare enn VMware som er vanleg i Norge.

Også serverane er av billegaste slag og blad-serverar, som er veldig "in" i Norge, er uaktuelt pga. kostnad. Dei er altså ikkje opptekne av å pressa mest muleg inn på eit lite areal, men velja billegast muleg komponentar. John Keagy kalla blad-serverar "waste of money" og meinte dei var for dyre, det var for sein utvikling (prosessor m.m.), for lite fleksible og ein vart låst til leverandør.

GoGrid fekk spørsmål om miljøprofilering, men dei hadde ikkje brukt det i marknadsføringa si. Dette trass i at nettskya representerer store miljøgevinstar. I ein typisk frittståande serverpark i ein organisasjon blir berre rundt 5 % av kapasiteten utnytta. I nettskya er kapasitetutnyttinga typisk over 80 %. Dei medga at dei kanskej burde stara å profilera seg på miljø også (green computing), særleg fordi dei er i ferd med å etablera seg i Europa. Dei vil setja opp ein serverpark i Amsterdam for å møta behova til bedrifter og organisasjonar som av ulike grunnar ikkje vil ha informasjonen sin lagra utanom Europa.

På spørsmål om konkurrentar meinte dei at det pr. i dag ikkje er andre enn Amazon som tilbyr det same, sjølv om også RackSpace er ein viktig utfordrar. Når det gjeld nettsky-basert drift ligg GoGrid på tredjeplass, etter Amazon og RackSpace. Men det kjem til å bli trangt om plassen for det er mange selskap som satsar på dette området.

Framleis utgjer GoGrid-konseptet ein liten del av den totale omsetninga, men den er sterkt aukande. Akkurat no er det hybrid-løysingar som dominerer, men kundane prøver ut nettskya på litt mindre kritiske område som utvikling og test.

AT&T
Dagen vart avslutta med eit møte med representantar for AT&T. AT&T er ein telekom-gigant, ein av dei største i verda, om ikkje den største.

Representantane presenterte produktet U-verse, flaggskipet for breiband-tenester akkurat no. Det er ein slags hybrid-teknologi med fiber nesten heilt fram, men kopar siste 3-5 000 fot (1000 - 1500 m). Med denne kombinasjonen får dei i dag 25 Mbit/s, men arbeider med å dobla denne og på litt lenger sikt på 3- og 4-dobla den. Returkapasiteten er berre 1 Mbit/s, så det er ADSL-teknologi me snakkar om.

På Uverse tilbyr AT&T trippel-play, dvs. IP-tv, IP-tlf. og vanleg nett-tilgang. Kapasiteten er 2 HDTV-kanalar + diverse tillegg. Det er først og fremst eit forbrukarprodukt og det er video-service som driv satsinga. Trass i at produktet berre har vore lansert i to år, har dei over 2 mill. brukarar. [Men framleis er dette god, gammaldags tv-tilnæring med einvegs-kommunikasjon. Kvar blir det av den interaktive tv-en? Tida er overmoden til å gjera tv-en tovegs.]

AT&T ser for seg ei evolusjonær utvikling der neste steg er "fiber to the curbe" - altså fiber til vegkanten, noko som typisk vil vera ca. 1000 fot frå husveggen. Då vil dei kunna tilby 100 Mbit/s og oppover.

På mobilsida er det 4.-generasjons mobilnett, LTE, som er det store. Det blir reklamert med 100 Mbit/s hastigheit, men i følgje AT&T er den realistiske kapasiteten 25-30 Mbit/s, likevel eit stort sprang frå dagens 3G-teknologi.

Eg spurde om nett-nøytralitet er ei viktig sak i USA og AT&Ts syn på dette. Dei avslutta seansen med å seia litt om telekom-politikken og særleg nett-nøytralitet. FCC, som regulerer telekommunikasjonen, slo i 2005 fast fire prinsipp for nett-nøytralitet [må lenka til Wikipedia her for FCC sine sider er heilt ubrukelege!]. Desse prinsippa er no under revisjon og FCC har føreslått to nye i tillegg til dei fire:

  • Alt innhald skal behandlast likt
  • Prinsippa om nett-nøytralitet skal også gjelda trådlause nett
AT&T var ikkje veldig glad for dei nye forslaga. Som telekom-selskap elles er dei for nett-nøytralitet så lenge det ikkje grip for mykje inn i den kommersielle strategien deira, elles er dei mot. Dei var særleg skeptiske til at alt innald skal behandlast likt. Med stadig tyngre satsing på innhaldstenester har dei nok store fordelar av å skjerma eige innhald og eigne avtalar med innhaldsleverandørar. 

Ingen kommentarer: