torsdag 28. november 2013

Studietur til India

Frå baksetet på ein autorickshaw - eller tuk-tuk
som det også heiter
IT-forum Sogn og Fjordane arrangerte studietur til India 16. - 24. november. Føremålet var å sjå nærmare på IT-industrien i Bangalore og omegn. Forrige studietur gjekk til San Francisco og Silicon Valley i 2010. Den turen var umuleg å toppa, så det måtte bli noko heilt anna.

Kollega Rajendra er ein viktig grunn til at me valde India. Han er indar og har mange kontaktar både i akademia og i IT-industrien. Han var ansvarleg for programmet og opplegget under turen og gjorde ein formidabel innsats!

India = kaos = normaltilstand
India er eit utruleg fascinerande land. Heilt sidan eg såvidt var innom i 1985 (ein dags mellomlanding i New Delhi), og seinare ei veke i 1988 (Delhi - Jaipur - Agra), har India stått på lista over stader eg må tilbake til. Samtidig er India ein stad for vidarekomne. Det er mildt sagt kaotiske tilstandar, og kaos er normaltilstanden. Det nyttar ikkje å kjempa mot dette kaoset, då blir du berre totalt frustrert. Du må berre gi deg over og prøva å følgja med straumen uansett kor tærande det kan vera på tolmodet.

Først nokre bøker for å auka motivasjonen for India endå meir:
  • "India - en vinterreise" av Göran Tunström er ikkje boka som har fått mest omtale. Men det er ei varm og poetisk bok om livet på landsbygda i India.
  • "Shantaram" av Gregory David Roberts er ei skikkeleg røvarhistorie, visst nok bygd på ei sann historie. Den gir eit fascinerande bilete av ein vestleg fyr, tidlegare kriminell, som rømmer frå fengsel i Australia og hamnar i slummen i Mumbai.
  • "A Passage to India" er først og fremst kjend som ein storslått film av David Lean. Den byggjer på ein roman av E. M. Forster.
Det indiske flagget
(Wikipedia.org)
India - verdas største demokrati
India er enormt, både i folketal og i utstrekning. Landet er i ferd med å ta att Kina når det gjeld folketal. Framleis har Kina flest med 1,36 mrd menneske, men India kjem raskt etter med sine 1,24 mrd. I utstrekning er landet 10 ganger så stort som Norge.

Sjølv om India har ein lang historie, er det uråd å komma bort frå det engelske styret i kolonitida; British Raj. Det varte frå 1858 til 1947 og har prega India mykje, både på godt og vondt. Framleis er engelsk det dominerande fellesspråket, og her har indarane ein stor fordel når det kjem til IT og konkurranse med andre land.

Trafikken i sentrum av Bangalore.
(Foto: Jan Heggheim)
IT-hovudstaden Bangalore
Målet for studieturen vår var Bangalore, eller Bengaluru som byen heiter på indisk. Det er den dominerande teknologibyen i India og heimstad for dei største IT-selskapa. Det på same tid ein storby med rundt 9 millionar innbyggjarar. Veksten har skjedd utan at infrastruktur i form av vegar m.m. har følgt med, med det resultatet at kommunikasjonen i byen er mildt sagt vanskeleg. Det kan ta fleire timar å komma frå ein ende av byen til ein annan.

Det første som slo meg då me kom fram, var kor fattig det var i sentrumsområda. Eg hadde førestilt meg Bangalore som ein (hyper-)moderne by, men her var det det fattigaste av det fattige side om side med det storslåtte og hypermoderne. På mange måtar India i eit nøtteskal.

Denne typen blomster-
dekorasjonar var i alle inngangs-
parti. Dei laga nye kvar dag!
IT-revolusjonen
India var eit ganske lukka land fram til slutten av 1980- og overgangen til 1990-talet. Banda til Sovjetunionen var sterke, og med oppløysinga av denne, måtte India finna på noko nytt. Eit opnare land vart noko av resultatet, og ei tydeleg satsing på IT-industri vart sett i gang. IT-organisasjonen NASSCOM var viktig for satsinga, og den første leiaren, dr. Dewang Mehta, var ein svært aktiv kar og skal ha ein stor del av æra for IT-eventyret som er skapt i India. NASSCOM liknar vår eigen Dataforening, men har ei langt meir aktiv rolle.

Frå starten av IT-satsinga vart utdanninga prioritert. Det vart etablert ei rekkje IIIT-institutt rundt om i India. Desse har namna Indian Institute of Information Technology, eller International .... Desse vart knutepunkta i IT-utviklinga i dei ulike delane av landet. Me besøkte IIIT Bangalore og dei tilsette der var sentrale i planlegginga av studieturen vår. Dei ga oss innpass og avtalar med dei største selskapa.

IIIT er ei vidareutvikling og spesialtilpassing av Indian Institute of Technology, ei kjend teknologi-/ingeniørutdanning med 16 universitet rundt om i India (merkeleg nok ikkje i Bangalore).

IIIT Bangalore
IIIT Bangalore var det andre IIIT-instituttet som vart oppretta; det første var i Hyderabad i 1998. IIIT Bangalore vart oppretta same året. Målsetjinga var å få eit miljø for læring, forsking og rådgivar for IT-industrien Men det var Bangalore som etter kvart vart IT-senteret i India, og IIIT har spelt, og ein viktig rolle her. Dei spelar framleis ein viktig rolle og har god kontakt med dei ulike selskapa. IT-industrien er også inne på finansieringssida som er tredelt mellom studentavgifter, IT-industrien og myndigheitene (stat og føderalt).

Studentavgiftene går direkte til lønn for dei tilsette, noko som skaper eit tett forhold mellom student og lærar (professor). Det er rundt 60 fagleg tilsette; halvparten på full tid. Studentane er også representerte i styret for IIIT Bangalore, noko som er uvanleg i India. Eit anna område instituttet peikar seg ut på, er andelen jenter. Den er 40 % og dei håpar å kunna auka den ytterlegare. Sikkerheit for jentene vart trekt fram som den viktigaste forklaringa på den relativt høge kvinne-andelen. Det er rundt 400 studentar ved instituttet, eit tal som vil auka til 600 når M. Tech-programmet er oppe i full kapasitet.

IIIT Bangalore har både master- og PhD-program. I masterprogrammet rekrutterer dei blant dei 2 % beste av 500 000 undergrad.studentar! Det seier seg sjølv at kvaliteten på studentane er høg. I tillegg til desse to programma har dei også starta opp eit Integrated  M.Tech-program. Det er eit 5-års studium.

Me besøkte IIIT Bangalore 18.11 og 19.11.

Studentar på opplæring hos Infosys i Mysore
Infosys
Starta: 1981
Tilsette: ca. 170.000
Omsetning: ca. US$ 7 mrd (siste rekneskapsår)
Omsetning pr. tilsett: ca. $ 41.000
Besøk: 18.11.13 (og 20.11 i Mysore)

Infosys er eit av dei 3-4 største IT-selskapa i India. Dei har bygd seg opp på tradisjonelle outsourcings-tenester, og det er framleis kjernen i verksemda. Dei prøver å arbeida seg oppover i næringskjeda ved å tilby stadig meir rådgiving og strategiske IT-tenester.

Infosys har samla all aktiviteten i Bangalore på ein stad, ein diger campus i Electronic City. I tillegg har dei eit imponerande treningssenter i Mysore, 2-3 timar med bil frå Bangalore. Dette treningssenteret, som er verdas største i sitt slag, har plass til 14.000 studentar.
Frå Mysore-campusen til Infosys
Dei blir rekrutterte frå dei beste universiteta og tekniske institutta i India og går gjennom eit beinhardt opplæringsprogram på 6 månader før dei går inn i ordinært arbeid i konsernet. Strykprosenten er 1 - 1,5 %, så me snakkar om topp motiverte studentar her. Men det er ikkje så rart, dei som får innpass i Infosys eller eit av dei andre store selskapa, har verkeleg vunne i lotto.



Cognizant
Starta: 1989
Tilsette: ca. 170.000
Omsetning: ca. US$ 7 mrd siste rekneskapsår (reknar med å nå nesten 9 mrd i 2013)
Omsetning pr. tilsett: ca. $ 41.000
Besøkt: 19.11.13

Cognizant vart etablert i 1994 som ein del av Dun & Bradstreet India. I 1998 vart selskapet skilt ut frå D & B og børsnotert. I dag er majoriteten av selskapet eigd av USA-interesser. Hovudaktiviteten er framleis i India, og selskapet framstår som eit indisk selskap. I størrelse er dei svært like Infosys, men dei er mindre kjende. Dei kalla seg sjølv "the best kept secret". I filosofi skil dei seg ved at dei i sterkare grad satsar på lokal forankring og leiing i dei landa dei etablerer seg. Me fekk helsa på Norges-sjefen som var i Bangalore på same tida og fekk dermed eit godt innblikk i den norske og skandinaviske satsinga og strategien. Det er tydeleg at Cognizant har ambisjonar om å bli ein leiande leverandør av IT-tenester i Norge og Skandinavia.

Førebels har dei fått kontraktar berre med private kundar, men offentleg sektor står også på ønskjelista. Litt av problemet med offentleg sektor er innkjøpsreglementet, særleg når me høyrer at det viktigaste for selskapet er å byggja langsiktige alliansar med kundane. Det er vanskeleg med eit reglement for offentleg innkjøp som krev at du rykkjer tilbake til start for kvar ny periode. Kva tidlegare leverandørar har gjort for deg, både positivt og negativt, tel ikkje med i det heile. Her er det opplagt noko gale med innkjøpsordningane. For ein nykommar som Cognizant kan det likevel opna opp for val av ein ny leverandør.

Tata-logoen, som er synleg
over alt i India
Tata Consultancy Services
Starta: 1989
Tilsette: ca. 285.000
Omsetning: ca. US$ 3,3 mrd siste rekneskapsår
Omsetning pr. tilsett: ca. $ 11.500
Besøkt: 21.11.13

Tata er giganten i indisk næringsliv. Som dei sjølve seier, driv dei med alt "from salt to software". Tata består av ei rekkje sjølvstendige selskap med ei overordna stifting på toppen. Mange av selskapa er blant dei 3-5 største i verda på sitt område.

Tata vart grunnlagt av Jamsetji Tata, ein indar med røter i persisk zoroastrisk kultur og religion. Ei gruppe zoroastrar flykta frå Persia (Iran) til India langt tilbake i tida. Dei fekk opphaldsløyve mot at dei lova å ikkje gjera noko gale, men å bidra til utvikling i India.

Etter Jamsetji Tata følgde J. R. D. Tata som bygde selskapet til eit globalt konsern. Han var spesielt oppteken av luftfart, og var ein ivrig pilot. Han etablerte Air India, som seinare vart overteke av staten. Han etablerte også m.a. Tata Motors og Tata Tea (med Tetley som det mest kjende varemerket). Han var i slekt med Jamsetji Tata (far til J. R. D. var søskenbarnet til J. T.). JRD fekk den prestisjetunge Bharat Ratna-prisen, India si høgste sivile utmerking.

Etter JRD følgde Ratan Tata som bygde vidare på den store arven frå JRD. I Ratan Tata si tid vart Tata eit endå meir globalt konsern gjennom oppkjøp innanfor ulike industriar. Eit av dei mest kjende oppkjøpa var bilmerka Jaguar og Land Rover kjøpt frå Ford og BMW. Dette kjøpet må framstå som djupt ironisk for engelskemenn, og eit slags "takk for sist" frå India til UK. På spørsmål om dette verkeleg var eit "takk for sist", insisterte TCS-folka på at det berre var business.

Ratan Tata takka av som konsernleiar på 75-årsdagen sin og vart etterfølgd av Cyrus Mistry, den første leiaren av Tata utana Tata-namnet.

TCS er det største IT-selskapet i India, og ein gigant også globalt sett. Presentasjonen deira var straumlinje-forma, som dei to andre store, og det var ikkje tvil om at Tata-namnet ga grunn til stoltheit. Dei understreka gang på gang at dei var størst på det meste.

Det er likevel interessant å sjå på omsetning pr. tilsett, og der skil TCS seg frå konkurrentane. Dei har berre ein fjerdedel av omsetninga målt pr. tilsett samanlikna med Infosys og Cognizant. Eg fekk ikkje spurt om dette, men truleg er grunnen at TCS opererer lågare i næringskjeda og utfører meir reine driftsoppgåver og mindre rådgiving.

Mindre bedrifter
Me besøkte også mindre bedrifter; alt frå oppstartsbedrifter med nokre få tilsette, til mellomstore (etter indisk målestokk) med 1200 tilsette. Den sistnemnde bedrifta var Happiest Minds. Deira slagord var "The ultimate goal is happiness". Grunnleggjaren var ein kjend IT-figur i India og han hadde fleire større etableringar bak seg. Med denne etableringa ville han via seg til kjerneverdien slik han såg det.

Ingen tilsette i Happiest Minds skal vera i tvil om verdiane
i bedrifta.
Bak den litt naive målsetjinga såg me eit IT-firma som likna ganske mykje på dei andre me hadde besøkt. Dei var kanskje litt meir framoverlente når det gjeld teknologi. Dei satsa i alle fall stort på SMAC (Social, Mobile, Analytics, Cloud) - eit akronym Cognizant brukte flittig.

Det var interessant å høyra om oppstartsbedriftene og dei tøffe vilkåra dei opererer under. Det finst ikkje noko Innovasjon India, det er berre private midlar som eksisterer.

Dei to oppstartsbedriftene me hadde møte med på IIIT, opererte med datainnsamling og tilgjengeleggjering på web-en, og utvikling av eit helserelatert produkt for måling av ymse parametrar (blodverdiar ++).

Den første bedrifta tråla nettet etter data (visse kjelder), samla dei inn og bearbeidde dei og tilrettela dei for kundane. Dei gjorde i grunne det som lenka opne data (LOD) ber bod om. På spørsmål om det ikkje nettopp var det me har LOD til, svarte dei at det ikkje er ei tilfredsstillande løysing for kundane i dag. Dei hadde stor sans for lenka data, men det fungerer ikkje kommersielt fordi det på langt nær dekkjer dei behova som er. Det er vanskeleg å argumentera mot akkurat det..

Det vart ein del Kingfisher, det lokale ølet ("yet another lager").
Når prisen er ca. 10 kr for halvliteren, på restaurant, kan ein
likevel ikkje klaga (Foto: Arild Nybø)
Goa
Turen vart avslutta i Goa - ferieparadiset for hippiar på 1970-talet. No er Goa eit meir allment feriemål, og indarar er i fleirtal. Det var bedriftsbesøk også i Goa. Først besøkte med IT-avdelinga i statsadministrasjonen (Goa State Government, IT Departement), og etterpå selskapet Persistent. Dei har hovudkontoret i Pune, men eit avdelingskontor i Goa med ca. 400 tilsette. Totalt er det rundt 6000 tilsette i Persistent. Dei tilbyr mykje dei same tenestene som dei store IT-selskapa.

Sjølv om Goa er eit ferieparadis, vart det ikkje mykje ferie. Me hadde ein dag "fri", laurdagen før me reiste tilbake. Goa var som ein oase etter å ha komme frå travle og kaotiske Bangalore. Her var ein heilt annan puls, roleg og avslappande. Goa er den minste staten i India, med rundt 1,3 mill. innbyggjarar. Det er jo for ingen ting å rekna her. Spora etter den portugisiske koloni-tida er tydelege over alt. India annekterte Goa i 1961, men først i 1987 aksepterte Portugal formelt overtakinga.

God plass på stranda i Goa (Foto: Arild Nybø)



2 kommentarer:

Arild Nybø sa...

Godt oppsummert, Svein!

Det var ein lærerik tur og ei stor oppleving.

Goa freistar til gjentaking som vanleg turist ved eit seinare høve.

Svein Ø sa...

Ja, Goa er ført opp på lista over stader som bør besøkast (igjen). Det var godt å komma frå travle, kaotiske Bangalore til rolege Goa.