fredag 25. september 2009

Peters sisteplass

Eg har gjennom mange år sett stor pris på Peter Hidas sine kommentarar. Det betyr ikkje at eg alltid har vore einig i vurderingane hans, men han har alltid vist stor innsikt og sjeldan komme med lettvinte påstandar.

Når eg les dei siste kommentarane hans ("Grøss og guru" og "Nytt og nytt, fru Blogg") lurer eg på om han begynner å bli merkt av alderen. Eg er har sans for ei nøktern tilnærming og kritisk vurdering av nye fenomen, men dette osar av motvilje mot å ta inn over seg ein del viktige utviklingsfenomen på nettet.

Gratiskulturen er eit fenomen, men korleis utviklinga vil bli her er uvisst. Det går likevel ikkje an å avfeia dette slik Hidas gjer, til det er det for mange gode eksempel på at det faktisk fungerer. Fri programvare er ein udiskutabel suksess, og sjølv om det totalt sett stort sett ikkje blir gratis, kostar det ikkje noko å ta programvara i bruk. Og å hevda at gratismodellen i avisverda er ein barnesjukdom, er for lettvint. Les t.d. Yochai Benchlers glimrande bok ”The Wealth of Networks” for ein grundig analyse av fenomena.

I "Nytt og nytt, fru Blogg" er det sosiale medium som får gjennomgå. Twitter blir avfeia som ryktespreiing. Brukar du Twitter, Peter? Eg får mykje nyttig informasjon frå Twitter, ikkje minst interessante lenker, og dei som berre skriv om middagen sin, er enkle å kutta ut.

Blogging får også gjennomgå, det må i det heile ha vore ein dårleg dag dette. Etter mitt syn er bloggfenomenet noko av det viktigaste og rikaste som har skjedd på nettet. Det står ikkje tilbake for Gutenberg når historia skal skrivast om ytringsmulegheiter for folk flest. Eg vil hevda at det først er med bloggen at folk flest har fått reell ytringsmulegheit, gitt at dei har nett-tilgang.

Eg håpar desse artiklane var eit feilskjer og at du kjem tilbake med betre analysar slik du har hatt for vane.

Ingen kommentarer: