torsdag 30. april 2020

Monero og Hagen-saka


Kryptovalutaen Monero er igjen i søkjelyset etter den nye vendinga i saka om Anne-Elisabeth Hagen (AEH), der mannen Tom Hagen nyleg vart sikta og arrestert. Bruken av Monero er berre ein av mange merkelege ingrediensar i denne kriminalsaka.

Monero vart utvikla i 2014, men har som alle kryptovalutaer eit sterkt slektskap med Bitcoin og kan føra anene tilbake dit. Namnet tyder «mynt» på esperanto. I motsetnad til Bitcoin er Monero eit fullstendig anonymt system som let deg overføra verdiar utan at avsendar, mottakar eller beløp kan sporast. Alle transaksjonane er likevel tilgjengelege på Monero si blokkjede (https://moneroblocks.info/).

Monero er den einaste kryptovalutaen av betydning der anonymitet er standard. Andre kryptovalutaer, som ZCash og Dash, kan overføra anonymt, men der må anonymiteten slåast på av brukaren. Monero er difor rekna som den tryggaste kryptovalutaen for å hindra sporing av overføringar.

Mange koplar Monero til kriminelle miljø, men du er ikkje nødvendigvis kriminell fordi om du eig eller brukar Monero. Det kan vera mange grunnar til å ønskja at transaksjonar ikkje kan sporast. Eg eig sjølv monero, utan at eg dermed er kriminell eller har planar om å bruka valutaen i kriminell samanheng.

I følgje trusselbrevet som vart funne i huset etter at AEH forsvann, skulle det betalast 9 mill. euro i løysepengar i form av kryptovalutaen monero. Det er mykje pengar i ein liten valuta som Monero, og det er uklart korleis Tom Hagen skulle klart å skaffa den summen utan at det ville vorte lagt merke til. Transaksjonane i Monero er skjulte, men handelen med Monero via vekslingstenester, som er dei stadene med mest likviditet, er opne og ville vist at nokon veksla store mengder av valutaen. Monero kan også kjøpast av privatpersonar og på den måten ikkje leggja att spor, men ein måtte då ha handla med ganske mange for å skaffa ein slik sum.

Monero skal også ha vorte brukt til utveksling av meldingar mellom dei påståtte bortførarane av AEH. Det er mildt sagt eit lite egna system for dialog. Ein monero-transaksjon kan utstyrast med ei melding (ein ID), enten i klartekst eller kryptert, men sidan du ikkje veit kven avsendar er, kan du ikkje svara på meldinga.

Monero-miljøet er lite, og i Norge er det truleg eit fåtal personar som har kjennskap til, og brukar kryptovalutaen. Politiet har nok difor måtta ty til internasjonale nettverk for å prøva å finna ut av dette sporet.

Ingen kommentarer: