onsdag 7. april 2010

USA-inntrykk


Knut Hamsun var i USA i to periodar; frå 1882 til 1884 og så frå 1886 til 1888. Han var innom mange yrke; frå grisepassar på prærien til sporvognskonduktør i Chicago! Inntrykka frå USA-opphaldet publiserte han i "Fra det moderne Amerikas aandsliv". Det var heller beisk kritikk av det samfunnet han i utgangspunktet hadde store forvetningar til og sympatiar med. Konklusjonen  hans var at det var pengemakta som rådde grunnen åleine.



Etter 10 dagar i San Francisco har eg ikkje veldig god ballast for å ytra meg om det usa-ske (Amerika er meir enn USA!) samfunnet. Men 125 år etter Hamsun er pengemakta og pengesamfunnet like tydeleg. Og den nesten blinde trua på at alle har det same utgangspunktet og at det berre er opp til deg sjølv om du lukkast eller ikkje. Du har berre deg sjølv å takka eller klandra.




Særleg merkeleg er det for nordmenn å sjå reaksjonane på helsereforma som Obama nett har fått vedteke. Den innbitte motstanden er vanskeleg å forstå, sjølv om me ikkje akkurat er ukjende med diskusjonar om helsevesenet både lokalt og nasjonalt.

Noko av forklaringa på motstanden mot helsereform og andre offentlege satsingar ligg i det faktum at USA er ei samling med nokså sjølvstyrte statar, og at me har vanskeleg for å forstå kor fjernt, og upopulært, det føderale nivået i USA er for den vanlege innbyggjaren.



San Francisco og California er heller ikkje typisk USA. Vestkysten har tradisjonelt vore eit liberalt område og i California har i stor grad demokratane rådd grunnen. Det endra seg med valet av Arnold Schwartzenegger til guvernør for snart 8 år sidan. Den gode Arnold har i desse åra klart å køyra staten ut i ei økonomisk hengjemyr. California, som har den 8. største økonomien i verda, er på det nærmaste konkurs.

San Francisco er også ulik mange andre byar i USA. Det er faktisk heilt ok å ta seg fram til fots eller på sykkel, noko som nærmast er eit unnatak her. Slik sett minner byen mykje om europeiske byar, med unnatak av at det ikkje finst nokon "gamleby". Det meste av bygningar er mindre enn 100 år gammalt.












Til slutt ei overflatisk oppsummering av likt og ulikt i beste USA-stil:

Generelt veldig høflege og imøtekommande folk. Merka det særleg på bedriftsbesøka der me vart tekne godt i mot og dei viste ei genuin interesse for oss.

Enormt pågangsmot og entreprenør-ånd - lov å feila og prøva igjen.

Kjem ikkje bort frå at det er her det skjer it-messig - ingen andre er i nærleiken av det drivet og den nyskapinga som blir vist i akkurat denne delen av verda.

Stor etnisk toleranse, i alle fall i it-sektoren. Over halvparten av entreprenørar er utanlandske, og mange asiatiske (særleg frå Kina og India)

Godt øl, rimeleg øl og stort utval - også godt utval i mat og STORE porsjonar!

Håplaust paranoide - skjema på skjema og kontroll på kontroll for å komma inn!

 Merkeleg gammaldags på ein del område, ikkje minst pengemessig. Framleis er det kontantar som gjeld, og ein må alltid ha ein bunke med 1-dollarsetlar på seg (sjå også neste punkt).

Ordninga med tips over alt er veldig sjenerande - veit aldri heilt kva prisen er (minte meg særleg om Indonesia for 20 år sidan der alt måtte prutast, ikkje noko var fast pris).

Ikkje spesielt mottakelege for kritisk tenking - her er det "tenk positivt" som gjeld (".. det moderne Amerikas aandsliv..")

2 kommentarer:

njål sa...

Veldig informative og spennande artiklar om universitetsmiljøet. Tenkjer at her ligg mange norske universitet frykteleg på etterskot når det gjeld å legge ut/frigjere undervisning. Bruke nettet aktivt til undervisningsformål. Også store forskjellar innanfor same universitet, som f.eks NTNU. Teknologimiljøet rundt det gamle NTH ligg naturleg nok i forkant, medan andre deler av universitetet er på Juranivå. Trur også at ein del har vikla seg så inn i håplaust lite brukarvennlege intranett.

Svein Ø sa...

Ja, du har eit godt poeng med intranett. Eg trur dei er ein trussel mot opning av data. Opnare intranett er ein trend eg trur me vil sjå framover (håpar i alle fall det).