torsdag 28. april 2016

Det autonome taxi-selskapet

På Jon Bing sitt minneseminar forrige veke innleia eg om Bitcoin og blokkjede-teknologi. For å halda det i Jon Bing si ånd prøvde eg å finna fram til eit eksempel han kunne ha likt. Det vart historia om korleis det første autonome taxi-selskapet kan oppstå. Eksempelet er ikkje mitt, det er henta frå Andreas Antonopolous - kjend Bitcoin-ekspert og -evangelist.

Kva får du når du koplar Bitcoin, Uber og Googles sjølvkøyrande bil: Den sjølvkøyrande taxi-en så klart! Den handterer alt sjølv; betaling for driftskostnader (lisensar, avgifter, vedlikehaldog drivstoff/straum m.m.), den hentar passasjerar automatisk og krev betaling via Bitcoin og den rapporterer til skattemyndigheiter m.m.

Men poenget er at det første autonome (sjølveigande) taxi-selskapet neppe oppstår slik utan vidare. Her er eit meir sannsynleg scenario:

Tenk deg ein eldre taxi-sjåfør. Han begynner å bli lei av å køyra taxi sjølv og sluttar å køyra, men etablerer eit selskap og får etter kvart ein del bilar. Han erstattar gradvis dei sjåfør-drivne taxi-ane med sjølvkøyrande bilar. Han automatiserer rekneskap og rapportering. Ein vakker dag døyr han, og sidan han ikkje har arvingar eller nære slektningar, er det ingen som oppdagar det!

Den neste dagen køyrer bilane ut som før, hentar passasjerar og krev inn betaling. Rekneskap og rapportar blir ordna som før og alt går som om ingen ting skulle skjedd. Det første autnomome taxi-selskapet er fødd!

Ingen kommentarer: