tirsdag 27. mars 2007

Ikkje gull alt Google tek i

Google har vore innovative når det gjeld brukargrensesnitt. Deira reine søkeside stod i sterk kontrast til andre søkemotorar som etter kvart fekk portal-sykja og dynga på med lenker. Google sitt uttrykk er minimalistisk og står for trenden kuttisme (sjå eigen blogg frå firmaet idx). På same måte har Google Maps revolusjonert brukargrenesnittet for kart på internett. Akkurat det kan vera verdt ein eigen omtale.

Men Gmail har dei ikkje vore særleg heldige med, etter mi meining. Eg er sporadisk Gmail-brukar og likar absolutt ikkje grensesnittet. Det er rotete og lite intuitivt. Her om dagen skulle eg vidaresenda ein e-post og det tok meg lang tid før eg oppdaga at eg først måtte opna meldinga før den kunne vidaresendast. Det er ikkje logisk eller intuitivt i det heile, tvert om er det dårleg designa funksjonalitet. Så skjerpings, Google!

4 kommentarer:

admin sa...

Det som er bra med Gmail er mye gratis lagringsplass, muligheten til å tag'e e-post og å se dialoger i stedet for enkle e-poster.

http://erlendforsund.blogspot.com

Anonym sa...

Forsåvidt enig når det gjelder videresending. Men hvilke andre gratis online nettlesere har skikkelig søkefunksjon av all epost, 2gig lagring og automatisk dialog oppsett mm. Og for ikke å glemme, gmail er fortsatt i beta versjon.

Svein Ø sa...

Det med "beta" er jo berre ein gimmick! Det er omtrent som å gi seg sjølv immunitet mot kritikk.

Eg synest Google misbrukar "beta"-ordet, kor mange år kan du eigentleg vera i beta?

Det andre du seier stemmer jo, og den er gratis (men det finst mange gode epost-prog. som er gratis).

Anonym sa...

Jeg var skeptisk til Gmail i starten, men etter å ha prøvd det en stund og lært å bruke "hent mail" funksjonaliteten og mobilklienten, så vurderer jeg faktisk å bytte ut Thunderbird(e-post klienten min) og bruke GMAIL til alt!

KP
http://www.kuttisme.no