tirsdag 13. februar 2007

Regjeringa.no

Regjeringa dått no (ja, ho sa faktisk det, Heidi) vart opna av statsråden i går (12.2). Regjeringa.no tek over for Odin-portalen som vart opna for så lenge sidan som 1995. Portalen har fått eit etterlengta løft, og det nye namnet signaliserer også tydelegare kven som er avsendar.

Førsteinntrykket er eit ryddig design med eit "moderne" signal. Portalen ville ikkje utan vidare gi meg nynorsk-versjonen, det var høgst motvilleg. Den såg min engelske Firefox og insisterte på at eg skulle ha engelsk. Eit klikk på nynorsk-lenka, ga med nynorsk utgåve, men neste klikk førte meg tilbake til engelske sider. Men litt smårusk i starten må ein rekna med.

Litt overraska over at lenkene ikkje skil seg ut på startsida. Svart farge på lenketekst er ikkje bra, uansett.

Så var det emnekartet då, det har vore mykje snakk om dette. Eg går straks til søket, det er her portalen verkeleg skal visa seg fram. Men eg blir skuffa! Eit søk på 'Jens Stoltenberg' avslører at portalen ikkje har høyrt om den karen. Heller ikkje 'Stoltenberg' gir portalen eit hint. Kva er poenget med emnekart då?

Liv Signe Navarsete og Heidi Grande Røys er derimot kjende for regjeringa.no. Kanskje det er eit Sogn og Fjordane-kupp?

Men dette er ikkje lett. Eg har framleis til gode å sjå ein portal, emnekart eller ikkje, som verkeleg står som ein påle når det gjeld søk. Eit problem med regjeringa.no, som med så mange andre, er at søkeresultata ikkje blir godt prioriterte. Eit søk på 'statsbudsjett' gir resultat som ikkje heilt overbeviser. Stussar også litt på tittelen på søkeresultata: Her er det valt informasjonseigar (avdeling, seksjon), men det verkar veldig avsendarstyrt. Når søket 'statsbudsjett' returnerer eit treff med tittel 'Fellesseksjonen (FS)' osar det avsendar og internt syn.

Det vart kanskje litt negativt dette, men det er mest fordi eg hadde store forventningar og fordi eg framleis ventar på den ultimate emnekartportalen (ved sida av vestforsk.no då sjølvsagt). Eg skal sjå nærmare på regjeringa.no litt seinare.

2 kommentarer:

Lars Marius Garshol sa...

Jeg får opp Jens Stoltenberg som første treff når jeg søker på "Stoltenberg" (på bokmål med Opera), så jeg er litt overrasket over at det ikke virket for deg.

Ellers enig i at presentasjonen av søkeresultatene kunne vært bedre. Jeg synes den er ganske god, og liker filter-funksjonaliteten, men dette kunne vært bedre, ja.

Søker jeg på "statsbudsjettet" får jeg Finansdepartementets samleside om emnet som første treff. Stort bedre får det jo ikke blitt. "Statsbudsjett" gir akkurat det samme.

Hmmmm. Kanskje du bør teste på nytt? :-)

Svein Ø sa...

Ja, her er det nok nokon som har vore inne og "tuna" systemet - eller hardkoda kanskje. Det er uansett bra. Det var dumt eg ikkje tok kopi av søkeresultatet frå måndag, då var nemleg Jens ukjendt.

'Statsbudsjett' gir også eit nytt resultat som du seier, så her er det også jobba bra. Begynner jo faktisk å lura på om eg har drøymt dette? Men nei, det var ikkje slik på oppstartsdagen. Det som manglar her, er betre opplysning om kva sider som kjem opp. Eg får 20 treff som alle har tittel 'Statsbudsjettet', men som også har ein beskrivelse i tillegg til tittelen. Ut frå beskrivelsen er det likevel ikkje lett å sjå at det første treffet skal vera mykje betre enn treff lenger nede på lista. Og Finansdep. samleside som du får opp, kjem først som treff nr. 17. Her er eit eksempel på søk der ein må inn og overstyra automatikken. Enkelte sider (samlesider, kjernesider) er så viktige at dei skal komma først. Det er for viktig til å overlata til søkemotoren å bestemma.