torsdag 22. februar 2007

Sjølv dei beste gjer feil!

Litt kjekt å sjå at sjølv dei beste, i dette tilfelle Google, gjer feil innimellom. Eg prøvde å logga inn på Adwords med gmail-brukaren min, men det gjekk ikkje. Men kvifor skal eg bry meg om at Gmail og Adwords er totalt ulike program/applikasjonar/avdelingar osv.? For meg er det Google - punktum.

Det blir som om eg skulle få feilmelding fordi eg prøver å logga på Skandiabanken som aksjehandlar og ikkje som nettbank-brukar. For Skandiabanken er eg ein brukar, uansett kva for tenester eg brukar hjå dei.

Google har ein ryddejobb å gjera. Slik går det ofte når selskap veks kraftig ved oppkjøp. Eg har forresten fortalt tidlegare at dei snappa ideen om Adwords frå hyperentreprenøren Bill Gross.

2 kommentarer:

Per-Erik Skramstad sa...

Jeg husker at jeg også fikk denne meldingen i starten. Men jeg tror det sluttet da jeg begynte å logge inn via Google Account-innloggingen istedet for AdWords-innloggingen. Nå er det aldri noe problem.

Anonym sa...

Chris McEvoy har gjort ein studie av menyane til Google i 26 ulike modular (link via Justaddwater.dk). Google har mange tenester og det er vel ikkje alltid like lett å halde alt synkronisert verken med omsyn til autentisering eller grenseflater.