fredag 31. oktober 2008

Geneva!

I dag er eg ein lykkeleg eigar av ein Geneva modell L (som på biletet). Eg las første gangen om dette anlegget i Dagens Næringsliv og vart straks fascinert. Her såg det ut som ein sjelda kombinasjon av stil og lydkvalitet.

Alt-i-eitt-type anlegg var fy-fy den gangen interessa for musikk og hifi starta hjå meg (ehmm, for ein del år sidan..). Om dette har endra seg, veit eg ikkje. For eigen del har den pragmatiske sida av spørsmålet fått større plass. Viss eg kan spara plass og det framleis høyrest ok ut, er det bra.

Eg var innom Soundgarden (tidl. Hi-Fi Center-kjeda) i Kirkeveien, Majorstua, og høyrde på anlegget for eit halvt års tid sidan. Då høyrde eg både på modell L og XL. Den siste er massiv, med enorm lyd, men også til ein stiv pris. Valet var difor enkelt; modell L høyrest bra ut og er overkommeleg i pris.

Førsteinntrykket var likevel ei aning skuffande då eg pakka den ut og sette i første cd-en. Eg fekk ein liten følelse av "boks"-lyd. Muleg rommet her er litt for stort til denne modellen. Får sjå når eg får testa anlegget med større variasjon av musikk.

Eg har aldri hatt sans for overdriven stil-faktor a la Bang & Olufsen; lyden må stå i stil med form. Med Geneva håpa eg å finna ein god kombinasjon. Stilen er i alle fall ikkje noko å utsetja på, eg synest den ser "drit-lekker" ut. Det er litt Apple-aktig over design og innpakning - sjølv tape-en rundt emballasjen var raud! Og anlegget er sjølvsagt i knall raudt...

Vel eitt år seinare (21.12.2009):
Er alt i alt veldig godt fornøyd med anlegget. Lyden er god (nok) i stova på ca. 35 kv.m. og ikkje minst er anlegget veldig praktisk med berre ein kabel (straum) å tenkja på. Det praktiske er viktig når lyden elles er veldig bra.

Den største mangelen ved anlegget er at det ikkje er tilkopling for hovudtelefon; eit uforståeleg val av Geneva. Har prøvt å kopla til den gamle platespelaren (LP!) til 'Line in', men lyden blir veldig svak - sjølv på maks. lydvolum. No er kanskje ikkje gamle platespelarar det første du vil kopla til denne boksen, men likevel.

Fjernkontrollen verkar billeg i forhold til resten av anlegget, og er ikkje alltid med på notane. Det er også eit lite irritasjonsmoment. Men totalt sett gir eg Geneva-en nesten topp-karakter: 5 av 6 stjerner!

3 kommentarer:

Anonym sa...

Hei jeg holder på å kjøpe geneva og fant denne kommentarern på google. For meg er også valget mellom l og xl. Nå har du hatt anlegget i over et halvt år, er du fornøyd? Du skrev at du var litt skuffet første gang du tok det i bruk. Du skrev også at rommet ditt var for stort, hvordan ville i så fall XL ha fungert? hilsen Bjørn

Svein Ø sa...

Førsteinntrykket i stova var litt skuffande, men etter vel eit halvt år er eg godt fornøyd med anlegget. Har ikkje brukt det veldig mykje, men synest i grunnen det lever opp til forventningane eg hadde.

Litt svakt at det f.eks. ikkje er utgang for hovudtlf.

XL ville sikkert gitt mykje meir lyd, men eg tykkjer den ser klumpete ut samanlikna med L, og prisen er også altfor høg.

Anonym sa...

Hei, satt og googlet litt om butikken min og fant denne kommentaren om lav lyd fra platespilleren. Koble til en platespiller forsterker (liten boks) mellom spilleren og anlegget, så får du godt volum. Det er desverre ikke alle anlegg som har innebygget platespiller forsterker lengre.

Mvh Thomas hos Soundgarden