søndag 26. april 2009

3. Larsson

Avslutta siste boka i trilogien Millennium av Stieg Larsson. I denne boka, som er ei direkte framhald av bok nr. 2, er handlinga spenningsfylt frå første side.

Som Egil var inne på: Dette er først og fremst god samfunnsforståing og -kritikk, og særleg den siste boka viser godt faren ved eit byråkrati som blir lukka og ikkje utsett for tilsyn utanfrå. Det finst flust med eksempel frå det verkelege livet om byråkrati og embetsmenn som tek saker i eigne hender og blir ein "stat i staten".

Her til lands har Lund-kommisjonen vist at overvakingspolitiet har teke seg til rette og me har fått sjå kor farleg det er med ein instans utan tilstrekkeleg innsyn.

Eg sit difor att med inntrykket av Stieg Larsson som ein veldig god journalist og samfunnsforståar, og ein meir typisk krim-forfattar. Samla sett ser hovudpersonane i trilogien slik ut for meg:

  • Mikael Blomquist = Stieg Larsson
  • Lisbeth Salander = (ultramoderne) Pippi Langstrømpe

1 kommentar:

Idun sa...

Heilt einig i dei koplinga di av hovudpersonane i trilogien med Larsson og Pippi! Eg er for tida midt på sida der den forvilla greina av svensk PST vurderer å rekruttere heltinna. Persongalleriet er litt marquezsk svimlande, men Larsson er ein meister. Dette er mi tredje krimbok (Larsson 1+2+3)(med mindre vi tel med Rosens navn, der eg datt ut 40 sider frå slutten i år 2000).