Det positive er at IKT blir drøfta av samfunnsforskarar. Det negative er at dei dessverre viser at dei ikkje har peiling på IT. Det siste er i utgangspunktet ein fordel, om dei berre kunne ha kvalitetssikra resultatet med den typen kunnskap.
Rapporten er skriven i ein lett og lesverdig stil - eit godt stykke unna vanlege akademiske rapportar.
Manglande IT-kunnskapar
Når eg påstår at forfattarane ikkje har peiling på IT, er det både med bakgrunn i det som står i rapporten, og det som ikkje står der. Først nokre formuleringar frå rapporten:
Ikke bare relasjonene mellom folk endres - det samme gjør relasjonene mellom maskiner, for eksempel i Internett 2.0, men også i måten maskinene kan kobles sammen på, i alt fra bredbånd til Bluetooth.Kva i alle verda betyr dette? Er det den semantiske veven dei prøver å forklara? Eg forstår det rett og slett ikkje, det gir inga meining for meg. I tillegg er det dårleg språkleg formulering. Sjølv om rapporten er lettlesen, er det ein del språkleg slurv. Forfattarane brukar uttrykk som hardware og software, men ikkje konsekvent fordi det også blir brukt maskinvare og programvare (ulike forfattarar?).
"Innenfor informasjonsteknologien taler man om "open source software".Formuleringa seier det meste - dette er skikkeleg eksotiske saker for forfattarane.
I avdelinga for detaljar, småpirk og meir nerdete innvendingar, finn eg dette:
Bill Gates (1981): "640 K ought to be enough". Nå kan man få PC-er med like mange gigabytes.640 GB minne er ikkje ein realitet enno, det vil nok ta nokre år før det blir vanleg. Om det er lagringsplass dei meiner, blir det feil samanlikning. Uttrykket er uansett upresist.
Det siste eksempelet mitt er påstanden om at Apple har vist ein ny måte å organisera forsking og utvikling i samband med utvikling av programvare for iPhone (AppStore). Det forstår eg ikkje, kva er er nytt i dette? Og har det noko med forsking å gjera?
Scenario 2025
Å spå er vanskeleg, særleg om framtida. Scenario som metode er ikkje ukjendt og det kan vera ein fin måte å førestilla seg utviklingsretningar gjennom å beskriva framtidsbilete. Men det er også krevjande, ikkje minst på eit område som omhandlar IT. IT-utviklinga går raskt og å prøva å førestilla seg konsekvensane av IT 16 år fram i tida er ikkje lett. Det er like lang tid som web-en har eksistert til no.
Forfattarane har brukt aksane sikkerheit (risikovilje) og fellesskap/individualisme som rettesnor for dei fire scenaria. Ut frå desse aksane beskriv dei følgjande scenario:
- 100 blomster (individualisme + risikovilje)
Næringslivet tek her sjansar og samfunnet legg til rette for at det kan skje ved i stor grad å satsa på private løysingar.
IT-messig er det reiselivet og avanserte bookingløysingar (!) som blir omtalt.
Bergen er hovudsete for satsingane, men merkeleg nok blir ikkje fjordane nemnde med eit ord! Det er jo dei som har gitt Norge topp-plassering i National Geographic Traveller.
- Uten en tråd (risikovilje + fellesskapsløysingar)
Myndigheitene satsar friskt og med stor fallhøgde.
Sterk sentralisering og utbygging av neste generasjons IT-infrastruktur (trådlaus kommunikasjon overtek for fiber, som er gammaldags! Ja-ja, frisk spekulering er det i alle fall).
- Styrke i velferd (tryggleikssøking + fellesskapsløysingar)
Sikring av velferd for alle er eit hovudmål. Ved å satsa på svake grupper snur ein eit problemområde til ein styrke.
Samfunnet klarer å auka sysselsetjingsgraden ved å få uføre i arbeid. IT-messig er det individuell tilpassing av arbeidssituasjonar ved hjelp av IT som er poenget (det suksessrike firmaet FunkIT..).
- Skole i spill (tryggleik + individualisme)
Satsing på skulen, men med sterk desentralisering og opning for store skilnader.
Grøn energi er hovudeksport-vara, men skule og utdanning har fått høg prioritet og Norge ligg på topp samanlikna med andre europeiske land.
Då er eg framme ved ankepunktet om det som rapporten ikkje tek opp. Web 2.0 er ikkje nemnt med eit ord (men derimot Internett 2.0?!) og den sosiale veven og nett-utviklinga dei siste åra, inkl. fri programvare, er ikkje med i utviklingsperspektiva. Korleis kan det gå an? Har ikkje forfattarane fått med seg den omveltinga som er i ferd med å skje på nettet? For meg ville det vera innlysande å vidareføra det me no ser konturane av, i framtidige scenario.
Nei, her skulle Fafo ha slått seg saman med andre enn Econ. Kanskje Fafo + Simula Research ville gitt eit spenstig resultat? Eller kanskje til og med Fafo + Vestlandsforsking?
5 kommentarer:
Har du vurdert å skrive mer om hvitløkens rolle i samfunnet, gjerne med scenarier mot 2025.
Rapporten virker (etter skumlesning) som en ok bachelor eller mastergradsoppgave i statsvitenskap eller næringsutvikling. Den egner seg sikkert til å formulere noen av utfordringene IT-politikken på "løvebakkendialekt". Vanskelig å spore nytenkning.
Espen Andersen på BI gjorde en bedre oppsummering av IT-politikk på én side, enn denne rapporten klarer på 80
ECON gjorde det samme med bibliotekscenariene i 2005 ...
Scenarier uten strategier
Econ har etter min mening ingen god track-record når det gjelder IKT-scenarioer. Her er min kommentar til deres forsøk på å si noe om kostandene ved at det offentlige tar i bruk det åpne dokumentformatet ODF: Formater til besvær.
Problem: hvem av disse bidragsyterne til denne rapporten har egentlig noen som helst vitenskapelig track record innen feltet? Dette er stort sett oppkok fra konferansebransjen! OG Econ driver IKKE forskning, det er konsulentutredninger, i starten på knallbra nivå, men etterhvert er det blitt helt begredelig.
Legg inn en kommentar