onsdag 3. november 2010

Chick Corea og Trondheim Jazzorkester


Måndag 1. nov. hadde eg ei stor konsertoppleving i Oslo konserthus med Chick Corea og Trondheim Jazzorkester under leiing av Erlend Skomsvoll. Dei har hatt ein mini-turne som starta i Trondheim der CC også vart utnemnt til æresdoktor ved NTNU ("jazzlinja"). Turneen omfatta Molde og Stockholm før avslutninga i Oslo.

Samspelet mellom 69 år gamle (!) Armando Anthony "Chick" Corea og TJO starta i 2000 då CC var Artist in residence ved jazzfestivalen i Molde. Det spesielle med samarbeidet er nok likevel arrangementa Erlend Skomsvoll har laga av kjende Corea-låtar. Det blir meir enn vanlege arrangement, "Erlend's impressions" kalla Chick Corea det.

Konserten i Oslo var innhaldsrik og det var tydeleg at musikarane hadde det kjekt. Det var overskot heile vegen. Sjølv sette eg størst pris på dei to låtane med Mathias Eick som trompet-solist. Den siste var ekstranummeret "Spain", sjølve signaturlåta til Chick Corea. Elles markerte heile bandet seg med sterke solistar og eit forrykande komp der særleg trommeslagar Håkon Mjåset Johansen imponerte.

Terje Mosnes i Dagbladet var sjølvsagt storfornøyd med konserten og trilla 6-ar på terningen. Men det er også interessant å sjå kva svenske aviser seier om den tilsvarande konserten i Stockholm konserthus, sidan dei ikkje har noko forhold til dei norske musikarane og heller ikkje kjenner samarbeidet særleg. Svenska Dagbladet gir konserten fin omtale, og medan Dagens Nyheter er litt meir avmålte i omtalen og seier at "Men trots att materialet är något av det finaste Corea har skrivit blir resultatet märkligt upphackat och ofokuserat."

Eg kan vera litt einig i delar av SDs kritikk; det er mykje Kurt Weill-aktig over mange av arrangementa. Ofte fungerer det, men ikkje alltid. Men alt i alt er arrangementa til Erlend Skomsvoll imponerande.

5 kommentarer:

Unknown sa...

Kommentaren om "ofokuserad og opphackad" gjaldt vel spesielt arrangementet på "Childrens song"!?
Han verkar ganske so nøgd ellers..

Svein Ø sa...

Det har du rett i, når eg les omtalen på nytt ser eg at det spesielt gjeld "Children's song". Men det er suitene som blir framheva, og den eine får veldig bra kritikk, medan den andre får karakteristikken "upphackad och ofokuserat". Uavgjort på ein måte, sjølv om totalen også her vel heller til det positive.

Likevel interessante kommentarar samanlikna med dei norske omtalane som er fullstendig utan kritiske blikk.

Unknown sa...

Ja, der er eg heilt enig. Det gjeld både dansk og svensk jazzjournalistikk. Grundige, med god kjennskap til relevante referansar frå jazzhistorien. Norsk jazzkritikk er enten rein presentasjon eller subjektiv synsing utan gode referansar, à la "...minner om da jeg hørte Søyr på 80-tallet...".Har nok med ein journalistisk tradisjon å gjere, at jazzen har vore ein viktigare del av kulturbiletet i desse landa.

Ole K sa...

Har hørt på Molde-plata i noen år nå, og gledet meg til å få en live-versjon. Regnet ikke med noen blåkopi, men at et utvalg av høydepunktene ville dukke opp - i mer eller mindre ny drakt. Det var derfor komplett uforståelig at sistesporet på plata - Armandos rumba - av alle! - ble vraket. Jeg var ikke i Molde, men plata lyver ikke: Et makeløst fyrverkeri av en avslutning der også publikum går av skaftene - og det ikke av høflighet!
Etter konserten snakket jeg med flere som hadde savnet den.
Å utelate denne låta er etter min mening nærmest utilgivelig - særlig når man i ekstranummeret til overmål starter på Spanish intro, som jo innleder sistesporet på en nydelig måte.
Men jeg klappet høflig ...

Svein Ø sa...

Veldig einig i akkurat det. Eg sat også og venta på Armando's Rhumba på konserten 1. nov., men den kom dessverre aldri.