lørdag 10. november 2012

Kvifor erobra ikkje kinesarane Europa?


I boka ”Guns, germs, and steel – A short history of everybody for the last 13,000 years” tek Jared Diamond for seg dei store utviklingstrekka etter siste istid og korleis miljømessige og geografiske tilhøve har lagt til rette for utvikling av jordbruk, forming av større samfunn og utvikling av skrift-kultur, teknologi og til slutt verdsherredømme for ”den kvite mann”.

Kvifor erobra ikkje kinesarane Europa?
Han skriv overbevisande om forhold som gjorde folka i Europa og Asia (EurAsia) i stand til å profittera på dei nemnde faktorane og leggja under seg land og folk på alle dei andre kontinenta. Men kva så innanfor EurAsia? Kvifor vart t.d. ikkje Europa erobra av kinesarane? I desse dagar med partikongress og val av ny president og nye medlemmer til politbyrået, er det særleg interessant.

2200 års dynasti
Kina delar mange av dei faktorane som låg til grunn for EurAsia sin framvekst. Dei kom litt seinare i gang med plantedyrking og husdyrhald basert på sau, geit og ku, men var først ute med domestisering av gris og kylling. Stabilitetsmessig har Kina vore alle andre land/regionar overlegne. Dei har hatt dynasti samanhengjande sidan 220 f. Kr., og også før den tid var det kinesiske folket relativt samla innan regionen.
Kinesarane har stått for ei rekkje gjennombrot i den teknologiske og kulturelle utviklinga. Dei fann opp skrivekunsten fleire hundre år før Europa, og oppfinningar som skriftspråk, krutt, papir og trykkekunst stammar alle frå Kina.

Utviklinga sett i revers
Diamond si forklaring er at dei faktorane som verkar positivt i eit dynasti som Kina, kan også verka i motsett retning. Det er særleg interessant i lys av dagens utvikling, der mange ser på Kina som eit land som om få år vil vera det dominerande i verda. På same måte som store dynasti kan få utviklinga til å gå fort i ei viss retning, kan dei også få dynastiet til å gå baklengs like fort. Det er eit fåtal personar som styrer utviklinga, i gamle dagar gjerne berre keisaren, og dersom denne, eller dei få (politbyrået?) gjer ”feil” vedtak, har dei same kraft til å gjennomføra dei som andre vedtak.

Diamond nemner eit eksempel på Kina som skipsnasjon. Kinesarane låg langt framfor Europa også på det området, men på 14-1500-talet stoppa utviklinga plutseleg opp. På grunn av fraksjons-verksemd innan leiinga, vart skipsbygging forbode (!), med det resultatet at Kina tapte alt dei hadde vunne i utviklinga som hadde vart i mange hundre år. Eit nyare eksempel er dei mange vanvittige vedtaka under Mao, og særleg Kulturrevolusjonen. Under den siste vart til dømes alle skulane stengde i 5 år! Liknande eksempel gir Diamond frå Japan der våpenteknologi var langt utvikla, men av omsyn til den stolte samuraitradisjonen der sverdet var det sentrale, vart det lagt lok på utvikling av andre våpen.

Fragmentert Europa ein fordel
Europa har aldri vorte samla på same måte som Kina. Det har vore fragmentering, ulike språk og mykje uro (det er vel ein omtale som også kan gjelda i dag). Diamond meiner at fragmenteringa har vore ein fordel for Europa fordi fleire måtar å tenkja på har fått utvikla seg og ein har kunna både konkurrert med kvarandre og lært av kvarandre. Han brukar Columbus som eksempel på fordelen med mange statar. Columbus prøvde å finansiera planane sine både i Italia, Portugal og Spania, og fekk napp først i femte forsøk!

Diamond er ikkje like stor statsvitar som etno-biolog, men både problemstillinga og hypotesen er interessante. Dersom det verkeleg er slik som han antydar, bør Europa skrinleggja dei mest ivrige unionsplanane, og Kina vurdera andre modellar enn den sentralstyrte for vidare utvikling.

Ingen kommentarer: