tirsdag 3. juni 2014

E-bjøller

Sau med dobbelt sett bjøller (Foto: FindMySheep AS)
Dei teknologiske endringane i jordbruket er mange og det har vore ei veldig utvikling i lang tid. Sauenæringa har så langt hengt litt etter, men no kjem teknologien for fullt også her. I år er det elektroniske bjøller som gjeld, og 2014 blir truleg eit gjennombrotsår for e-bjølla.

Telespor og FindMySheep
Det er to leverandørar av e-bjøller for småfe her til lands; Telespor og FindMySheep.Dei to produsentane nyttar ulike teknologi. Telespor har satsa på mobilkommunikasjon for overføring av GPS-data, medan FindMySheep har satsa på satelittkommunikasjon. Grunnleggjarane av FindMySheep er sauehaldarar og dei har sauene i eit område med dårleg mobildekning. Dei fann ut at Telespor-bjøllene ikkje ville fungera godt og tok saka i eigne hender. Det er ei skikkeleg hacker-innstilling!
E-bjølla frå FindMySheep
(Foto: FindMySheep)

Saman med naboar og kollegaer har eg satsa på den e-bjøller frå FindMySheep. Mobildekninga i beiteområdet er for ujamn til at den løysinga kan satsast på.

Tungt for sauen!
E-bjøllene frå FindMySheep har to komponentar: sjølve bjølla og eit ladebrett. Ladebrettet er lurt å dela saman med andre sauehaldarar sidan det berre blir brukt ved påsetjing og avtaking av bjøllene. Dessverre må sauene ha både vanleg akustisk bjølle og e-bjølle, noko som gjer at samla vekt blir i høgste laget. E-bjølla veg ca. 350 g og ei vanleg bjølle 200 g - til saman rundt 550 g. Det er i grenseland for kva som er komfortabelt for sauen vil eg tru, men det er vanskeleg å få svar på. Om nokre år vil me sikkert sjå tilbake på dei første e-bjøllene omtrent som dei første berbare pc-ane.
5 e-bjøller til lading
E-bjølla i bruk
Før bruk må bjøllene ladast opp og programmerast. Det skjer ved bruk av ladestasjonen. Bjøllene kan setjast opp til å senda fleire meldingar i døgnet, men det vil føra til kortare batteri-levertid og det vil også kosta meir. I prisen for e-bjøllene er det inkludert 150 meldingar. Meldingar ut over det kostar 1,- kr pr. stk. Dersom beitesesongen er frå 15. mai til 30. september, vil det vera 135 dagar og med ei melding i døgnet vil ein ha 15 meldingar til gode. Det er særleg tida rundt sanking det er viktig med hyppigare oppdateringar for å letta arbeidet med å finna sauene.

Dårleg brukargrensesnitt
FindMySheep ser ut til å ha løyst det teknologiske på ein bra måte, sjølv om det er for tidleg å seia (ny rapport kjem til hausten når erfaringar med ein heil sesong er gjorde). Men dessverre er brukargrensesnittet under ein kvar kritikk. Klient-delen er programmert i Java og usability eller brukarvennlegheit er ord som ikkje førekjem i vokabularet. Det er synd, eit betre brukargrensesnitt hadde løfta systemet mykje. Berre brukarnamnet ('sysadm.s_olnes'), som ikkje er muleg å endra, seier ein del om prioriteringane av UX.. Det ville vore interessant å kopla folka bak FindMySheep med topp web-programmerarar, det kunne vorte ei løysing som ville hatt sjansar globalt.

Posisjonen til sauen med e-bjølle. Det er val mellom fleire typar kart,
her Statkart
App?
I klienten får ein opp oversikt over posisjonen til sauene med e-bjøller. I beite-sesongen er det ok å følgja med på pc-en, men i sanketida er det klart at ein bør ha mulegheit for å få GPS-posisjonen også på mobiltelefon. Det er noko FindMySheep jobbar med, men som ikkje ser ut til å vera klart enno.


Opne data?
Eg skulle nok ønskt eit meir ope system og håpar FindMySheep kan frigjera data på ein slik måte at dei kan brukast i andre samanhengar, som opne data. Då ville det til dømes vore relativt enkelt å laga eigne samanstillingar med bakgrunn i Open Street Map eller Google Maps, eller kartgrunnlag frå Kartverket som no er frigitt.

Ingen kommentarer: