mandag 8. september 2014

Stoner

Boka er like fengslande som
omslagsbiletet..
Stoner er ein nydeleg roman om kjærleiken til faget; det som oldefaren min kalla "idealet attom yrket". Den er ein hyllest til alle som er fornøyde med å vera på den plassen dei er og som ikkje strevar etter å komma seg til topps. Men likevel tykkjer eg ikkje forfattaren John Edward Williams (1922 - 1994) har lykkast på eit avgjerande punkt; ei truverdig formidling av gleda over faget.

Dette er ikkje ei ny bok, den kom ut i 1965 og vart godt motteken i USA. Den vart likevel ikkje kjend ut over ein relativt liten lesarkrins. Den vart gitt ut på nytt i USA i 2003 og nådde då eit langt større publikum. Det store europeiske gjennombrotet kom med den franske oversetjinga (av Anna Gavalda) og boka har toppa bestseljarlistene både i Frankrike, Storbritannia og Nederland. Den fortener å gjera det i Norge også.

Vise-professor?
Eg vart merksam på boka gjennom ein nett-reklame og klikka for å lesa litt om boka. Det er sjeldan eg kjøper bøker på den måten, men denne fungerte. Annonsen, som var for den norske ut¨gåva av boka, overbeviste meg også om å kjøpa boka på originalspråket. Når "associated professor" blir oversett til "vise-professor", veit alle i akademia at oversetjaren er på bærtur. Det heiter førsteamanuensis i Norge, ikkje vise-professor. Sidan handlinga så å seia utelukkande føregår på eit universitet og i eit universitetsmiljø, er slike ting vikige. Så kjøp boka, men kjøp den på engelsk!

Biografisk stil
Boka er ein slags biografi over William Stoner, fødd i Missouri i 1891. Den er likevel fiksjon. William Stoner har aldri eksistert, likevel finst det svært mange "William Stoners", både mannlege og kvinnelege, og det er dei John Williams skriv om.

"Idealet attom yrket"
Hovudideen i boka er på mange måtar ganske uamerikansk: den er ei hylling av verdiar og kjærleik til faget gjennom ein mann som gir absolutt blaffen i karriere. Stoner har null ambisjonar karrieremessig, men store ambisjonar for studentane han underviser for. Romanen er også ein hyllest til læraren, den som ser som si einaste oppgåve å formidla gleda over innsikt i eit fag. Det er jo også eit aktuelt tema om dagen..

Svakt punkt
Eg skreiv innleiingsvis at forfattaren ikkje er heilt truverdig på det avgjerande punktet å formidla korleis William Stoner utvikla kjærleiken til bøker og litteraturfaget. Stoner starta opprinneleg på ei landbruksutdanning, men hoppa etter eit stund over til litteratur. Akkurat denne overgangen er eit kritisk punkt i boka og eg saknar ei betre formidling av kva som vekte litteraturinteressa hos Stoner. Eg tykkjer ikkje dette er skildra overbevisande.

Det er merkeleg sidan forfattaren John Williams sjølv var professor i engelsk litteratur. Men for all del, la ikkje det stoppa deg frå å lesa boka - den er som sagt veldig bra. Og du treng heller ikkje ha kunnskapar eller erfaringar frå akademia og universitetsmiljø for å nyta den.

Ingen kommentarer: