tirsdag 7. juni 2016

Betalingsløysingar - bruk og kostnader

Bård Bjerkholt har ein interessant artikkel om mobile betalingsløysingar i fredagens DN (03.06.16), men det manglar etter mitt syn noko. For å ta konklusjonen hans først: "For de fleste bankkunder er saken enkel. De velger det enkleste og billigste alternativet". Nei, dei gjer jo ikkje det, som Bjerkholt sjølv skriv. Dei vel det enklaste, men dyraste alternativet.

Norges Banks oversikt over betalingsløysingar
Norges Bank utarbeider kvart år oversikt over dei ulike betalingssystema i bruk. Dei tek opp ulike tema kvart år og i rapporten for 2015 er det omfang av ulike betalingsløysingar som er via mest merksemd. Tala for 2015 viser at den generelle trenden med auka kortbruk held fram og at det er bruken av kredittkort som aukar mest. Det er to hovudtypar betalingskort: debet-kort og kredittkort. Debet-korta er ein del av det norske BankAxept-systemet og kortet er direkte knytt til ein bankkonto, oftast ein lønnskonto. Debet betyr at betalinga blir trekt av konto med det same. Det vanlegaste er at BankAxept-kortet også er knytt til eit internasjonalt debet-kort, med Visa, Mastercard m.fl. som kortsystem.

Finurleg kredittkort-system
Kredittkortet fungerer på ein annan måte. Det ligg i namnet at det er kreditt, dvs. eit (kortvarig) lån. Kortet er som regel knytt til ein av dei store internasjonale finansaktørane (Visa, Mastercard o.l.), men avtalen er med den lokale banken din. Kredittkort-systemet er eit finurleg parallell-system med eit utstedar-system (issuer) og eit akkvisisjonssystem (acquirer) med bankane er involvert på begge sider, som figuren under viser:

Fig. 1: Partane involverte i kreditt-kortsystemet
(Figur henta frå Richard G. Browns blogg)
Bankane har både forbrukar og leverandør som kunde, på kvar side av betalingsstraumen. I midten ("Switch") sit "edderkoppen", kredittkort-selskapet, som eigentleg berre låner ut namnet som merkevare. Det er altså Visa og Mastercard m.fl.

BankAxept ned, kredittkort opp
I 2015 stod BankAxept-betalingar for 57 % av alle betalingar og internasjonale betalingskort (vesentleg kredittkort) stod for 18 %. Men som figuren under viser, er biletet eit heilt anna når me ser på verdien av alle betalingar:

Fig. 2: Bruken av ulike betalingsinstrument; transaksjonar og verdi

Trass i at kortbetalingar stod for 75 % av alle betalingar, utgjer desse berre 4 % av totalverdien. Direkte debiteringar er avtalar som Autogiro, Avtalegiro og Brevgiro. Her er det dei to første som aukar (kombinert med e-faktura) og brevgiro som naturleg nok minkar.

BankAxept billeg, kredittkort dyrt
Betalingar med BankAxept er framleis suverent størst, men denne betalingstypen taper terreng i høve kredittkort, som vist i figuren under. Det er litt merkeleg for BankAxept er den suverent billegaste betalingsløysinga av dei to. I følgje Norges Bank kosta ei BankAxept-betaling kr

Fig. 3: Utvikling i bruk av BankAxept (debetkort) og kredittkort


For å finna kostnaden med bruken av BankAxept og kredittkort må me gå til 2014-tala frå Norges Bank. Der skriv dei i rapporten "Kostnader i det norske betalingssystemet" at ei BankAxept-betaling kosta kr 2,93 pr. betaling og ei kredittkort-betaling kosta kr 12,90 pr. transaksjon!

Denne figuren, henta frå Richard G. Browns blogg, forklarer korleis kostnadene med eit typisk kredittkort-betaling fordeler seg:

Fig. 4: Kostnadsfordeling i ei typisk kredittkort-betaling (Richard G. Brown)
Når ein kunde kjøper ei vare for kr 1.000,- kjem altså ca. kr 978,- fram til betalingsmottakaren. 2-3 % "forsvinn" ned i ulike lommer på vegen. Figuren over gir også ei god forklaring på kvifor bankane er ivrigare på å tilby kredittkort enn BankAxept.

Kvifor velja det dyraste alternativet?
Det naturlege spørsmålet er kvifor me vel det langt dyrare kredittkort-systemet framfor det nasjonale BankAxept-systemet som er mykje billegare. Her er nokre av forklaringane:


  1. Kostnadene er skjulte for forbrukarane. Det er me som må betala "moroa" til slutt, men det er vanskeleg å finna ut kor mykje det faktisk kostar.
  2. Bankane tenar meir på at kundane brukar internasjonale kredittkort enn det norske BankAxept-systemet dei sjølve har vore med å byggja opp!
  3. BankAxept (utvikla og drive av BBS og seinare Nets) har sove i timen når det gjeld nett-betalingar (betaling for varer og tenester på nettet, ikkje nettbank).

Ingen kommentarer: