onsdag 2. januar 2019

Blokkjede til besvær

Blogginnlegget er også publisert på nettstaden Kryptofinans
Dette innlegget vart sendt til Dagens Næringsliv, men har (enno) ikkje stått på trykk.

Blokkjede til besvær 

Bitcoin introduserte noko nytt for 10 år sidan: ei samansmelting av økonomi og Internett-teknologi i eit desentralisert system der autoriteten i midten var fjerna. Dette er vanskeleg å forstå, og sjølv 10 år etter innovasjonen har dei fleste problem med å sjå kva dette inneber og kva blokkjede-teknologien faktisk går ut på.

Skattedirektoratet er berre ein av mange som framstiller Bitcoin og kryptovaluta feil. Dessverre har det fått til følgje at regjeringa no har vedteke å ta kryptovaluta ut av ordninga med redusert el-avgift for datasenter. I utgreiinga frå Skattedirektoratet er det ordet «utvinning» som går igjen, og energi­bruken som blir brukt til å generera nye digitale myntar.

Dette er feil. Energibruken har eigentleg ikkje noko å gjera med frigjeving av nye bitcoin, eller andre kryptovalutaer baserte på «proof of work»-metoden. Energibruken må til for å sikra det opne systemet. Som lønn for strevet (energiinnsatsen) får aktørane ein bonus i form av nye bitcoin eller annan kryptovaluta. Men det er ikkje frigjevinga av nye bitcoin som treng all energiinnsatsen; det kunne vore gjort nesten utan bruk av energi. Arbeidsinnsatsen som sikrar nettverket mot forfalsking er den verkelege innovasjonen i Bitcoin, slik den vart sett i system av Satoshi Nakamoto.

Når Skattedirektoratet forsikrar oss om at dei ikkje har noko mot blokkjedeteknologien, og at blokk­kjeder som ikkje brukar energi til «utvinning» framleis kan få redusert el-avgift, er det som eit ekko av Internett-diskusjonen for 30 år sidan. Også den gangen var styresmaktene skeptiske til opne system, og valde OSI-modellen (Open Systems Interconnection) som teleselskapa stod bak, som den globale standarden som skulle satsast på. Dei valde bort Internett-teknologien fordi den ikkje hadde ein klar organisasjon som kontrollerte den.

Men Internett tok innersvingen på teleselskapa og OSI-modellen fordi teknologien var open og utviklinga difor gjekk mykje raskare. Internett kunne levera løysingar som berre var på planstadiet for OSI sin del.

Når styresmaktene no seier at blokkjedeteknologien er lovande, berre den blir kontrollert av selskap og organisasjonar, er det ein klar parallell til feilgrepa for 30 år sidan. Er det ingen som lenger hugsar teknologi­historia? Kontrollerte blokkjeder vil vera nyttige i enkelte avgrensa samanhengar, men vil ikkje vera den teknologien som gjer radikale endringar i dagens Internett. Det har stadig fleire oppdaga og dermed er entusiasmen rundt teknologien i ferd med å avta. Den har tvert om ein god del ulemper samanlikna med moderne databaseteknologi.

Både offentlege og private aktørar si tilnærming til blokkjedeteknologien kan samanliknast med tilnærminga til Internett og web-en: Internett-teknologi i kontrollerte former gjennom eit Intranett er bra, det opne Internettet er farleg å satsa på. Det tok nokre år før dei skjønte at det var det opne Internettet som var det store framsteget.

Den dalande interessa for blokkjedeteknologi kan tyda på at teknologien har vore for oppskrytt? På kort sikt har den nok det, men på lenger sikt vil den truleg få enorm betydning for utviklinga av Internett. Men først må me læra oss å handtera økonomi som ein del av teknologien, og det er ikkje lett. Enkelt sagt forstår ikkje teknologar økonomi, og økonomar forstår ikkje teknologi. I open blokkjedeteknologi er ikkje omgrepet «tverrfagleg» berre pynt utan djupare meining, men heilt sentralt for å forstå og for å lukkast. Dei utdanningsinstitusjonane som forstår det, vil få eit godt forsprang på konkurrentane. 

Universiteta var sentrale i utviklinga av Internett, men likevel trege med å ta teknologien inn i utdanninga. Det same ser me med blokkjedeteknologi. Ei bacheloroppgåve ved Høgskulen på Vestlandet frå i år, viste at ingen av økonomiutdanningane ved universiteta og høgskulane her i landet hadde planar om å ta inn kryptovaluta og blokkjedeteknologi anna enn å nemna det i eksisterande kurs. Også her ser historia ut til å gjenta seg.

2 kommentarer:

Lars-Petter sa...

Hei Svein. Hvorfor avslutter du med "Ei bacheloroppgåve ved Høgskulen på Vestlandet frå i år, viste at ingen av økonomiutdanningane ved universiteta og høgskulane her i landet hadde planar om å ta inn kryptovaluta og blokkjedeteknologi anna enn å nemna det i eksisterande kurs." Du har jo vitterlig gjennomført et slikt kurs hos oss i høst !?!
Lars-Petter

Svein Ø sa...

Det stemmer. Det burde stått i oppgåva at kurset var under planlegging for Høgskulen på Vestlandet.