torsdag 11. juli 2019

Samfunnslønn, borgarlønn, basisinntekt...

Kjært barn har mange namn, men i dette tilfellet er barnet ikkje så kjært sjølv om det har fleire namn. Men det merkelege er at interessa for basisinntekt er sterkt aukande bortsett frå i dei politiske partia. Basisinntekt, borgarlønn eller samfunnslønn (på engelsk "basic income") er ein radikal idé som får stadig meir tilslutning og som til slutt også vil komma på bordet for politikarane.

Eg skreiv også om denne saka i 2013 og den gangen plukka VG opp saka under aktuelle blogginnlegg, noko som førte til "all time high" interesse og diskusjon. Det spørst om eg klarer det denne gangen..

Guy Standing har arbeida for basisinntekt i fleire tiår og var med og starta BIEN - Basic Income Earth Network. Han er professor i utviklingsstudiar ved School of Oriental and African Studies (SOAS) ved University of London og aktiv i BIEN. Han har skrive boka "Basic Income: And How We Can Make It Happen" der han tek for seg kva som ligg i omgrepet Basic Income og der han går gjennom argumenta for og i mot.

BIEN Norge er den norske delen av organisasjonen og den vart stifta i 2012. Formålet er å informera om borgarlønn og få temaet på den politiske dagsordenen.

Kva er basisinntekt?
Basisinntekt, eller Basic Income, er kjenneteikna av følgjande eigenskapar:
"A modest amount of money paid unconditionally to individuals on a regular basis"
Stikkorda frå definisjonen er:
  •  moderat pengemengde
  • utbetalt til alle utan vilkår
  • faste utbetalingar (t.d. på månadsbasis)
Basic Income blir ofte kalla Universal Basis Income (UBI) for å understreka det universelle; at alle har rett til den. Dei første tankane om universell basisinntekt, i alle fall tankar som er skrivne ned, går heilt tilbake til Thomas More og boka Utopia som han ga ut i 1516. Men tankane om eit fast bidrag til alle, utan vilkår, går tilbake til grekarane lenge før vår tidsrekning. "Alle" var sjølvsagt på den tida ikkje alle, men dei som vart rekna som frie menn. Aristoteles hevda mellom anna at fridom frå "vanleg arbeid", dvs. kroppsarbeid, var nødvendig for å kunna delta i den politiske og filosofiske diskusjonen.

Organisasjonen BIEN vart starta i 1986. Då stod E-en for European, men vart seinare omdøypt til Earth for å femna heile verda. Guy Standing var som nemnt, ein av stiftarane og har sidan den gangen kjempa utrøytteleg for å få tankane på den politiske dagsordenen.

Kvifor basisinntekt?
Guy Standing grunngjev behovet for basisinntekt, eller universell basisinntekt, slik:

  1. Sosial rettferd ("Social Justice")
    GS lener seg på Thomas Paine (kjend frå frigjeringskampen i 1776 og ein tidleg talsmann for ei universell inntekt til alle) og hans "grunnrente"-argument. Me er alle avhengige av jorda me lever på, og ressursane tilhøyrer i utgangspunktet alle. Det er difor lett å tenkja seg at alle burde få del i avkastninga på desse ressursane, form av ein sosial dividende ("social dividende"), eller grunnrente om ein vil.
  2. Fridom
    Ei universell basisinntekt kan seiast å vera eit nødvendig tiltak for reell fridom. Det gjeld både fridom frå tvang og avgrensingar ("negative liberty") og fridom til å forfølgja eigne idéar så sant det ikkje skadar andre ("positive liberty"). Eit slikt syn er ofte kopla til utilitarismen; ein tanke om største muleg lykke for så mange som muleg ("the greatest happiness of the greatest number").
  3. Redusera fattigdom, ulikskap og usikkerheit
    Ei basisinntekt vil redusera fattigdom, ulikskap og usikkerheit. Ulikskap er kanskje det mest opplagde avviket i samfunnet vårt i dag, globalt sett. Alle snakka om det, men lite konkret blir gjort. Ei universell basisinntekt vil vera ei form for overføring frå dei rikaste til dei fattigaste.
Vanlege motargument
Guy Standing går gjennom dei vanlegaste motargumenta mot basisinntekt.

1. Det blir for dyrt
Dette er det vanlegaste argumentet. Mange tenkjer automatisk på basisinntekt som ei "normalinntekt", men i definisjonen av omgrepet heiter det at basisinnteka skal vera "moderat". Kva "moderat" betyr, er sjølvsagt ikkje heilt konkret, men det er i alle fall ein god del mindre enn ei normalinntekt.

Ofte blir innføring av basisinntekt kopla til utfasing av velferdsgoder. Det er ei feilaktig kopling meiner forfattaren. Alle velferdsordningar skal ikkje takast bort fordi om ein innfører BI. Forfattaren ønskjer også at ein tenkjer meir i retning av sosial dividende, eller grunnrente, enn erstatning av velferdsordningar.

Eit enkelt rekneeksempel presentert av professor Greg Mankiw ved Harvard illustrer den ofte feilaktige slutninga me gjer i val mellom ulike modellar:

Utgangspunktet er eit samfunn med eit gjennomsnittsinntekt på $50.000, men med mykje ulikskap. For å sikra eit sosialt sikkerheitsnett er to alternativ aktuelle:

  1. Ei universell inntekt på $10.000 til alle, saman med ein flat inntektsskatt på 20 %.
  2. Ei behovsprøvd overføring på $10.000 til dei som ikkje har inntekt. Denne overføringa blir så gradvis redusert ved at ein mistar 20 cent for kvar dollar ein tener. Det heile blir finansiert av ein skatt på 20 % på inntekt over $50.000.
Mange kommenterer alternativa med at alt. 1 er det reine vannvidd. Kvifor skal Bill Gates aller Warren Buffett få $10.000 i overføring?? Alternativ 2 framstår meir progressivt og minner om dagens politikk. Det er retta mot dei som verkeleg treng det, og blir finansiert av dei som tener mest.

Det geniale med eksempelet er at dei er heilt like med tanke på verknad. Alle kjem likt ut når det gjeld skatt minus overføring. Det er liten tvil om at alternativ 1 er det enklaste.

2. Utopisk
Eit ofte høyrt argument (eller heller berre ein påstand) er at ei universell basisinntekt er heilt utopisk, og det har aldri vorte prøvd før. Det faktum at det ikkje alt har vorte innført, er eit teikn på at det ikkje er noka god løysing (argument framført av The Economist). 

Eit motargument kan vera kvifor me skal gjera stadig meir av det som ikkje verkar.

3. Rasering av velferdsstaten
Mange ser universell basisinntekt som ein konkurrent til velferdsstaten, men slik treng det ikkje vera. Som tidlegare nemnt, er det viktig å understreka at UBI ikkje skal erstatta velfersordningar, men i stor grad supplera. Nokre ordningar kan med fordel avskaffast, men mange er nødvendige sjølv med UBI.

4. Undergrev arbeidslinja
Arbeidslinja er den offisielle arbeids- og velferdspolitikken i dei fleste land. Mange meiner at innføring av ei basisinntekt vil demotivera folk til å søkja arbeid. Men forsøk har vist at det ikkje er tilfelle. Og kva er eigentleg "arbeid"? Utan at det blir sagt direkte, er det lønna arbeid. Men som den engelske økonomen Arthur Cecil Pigou elegant viste for rundt 100 år sidan (til og med før innføringa av brutto nasjonalprodukt som måleeining for verdiskaping):
Dersom han tilsette ei hushjelp, ville BNP (han kalla det "national income") auka, det ville medføra økonomisk vekst og auke i sysselsetjinga og tilsvarande fall i arbeidsløyse. Dersom han derimot gifta seg med hushjelpa og det som då vart kona hans heldt fram med det same arbeidet [hugs at dette er meir enn 100 år sidan!], ville BNP bli redusert, økonomisk aktivitet redusert, sysselsetjingsgraden falla og arbeidsløysa auka - og det trass i at akkurat det same arbeidet vart utført!
5. Lønnene blir pressa ned
Ei universell basisinntekt vil senka lønnene og dei låglønte vil få endå dårlegare lønn. Dette er eit viktig argument for fagforeiningar som i stor grad er i mot UBI. Men argumentet kan gjerne motseiast med at UBI vil føra til større valfridom og folk treng ikkje lenger ta dei dårlegast betalte jobbane, som gjerne også er dei verste. Det vil tvert om bidra til å pressa lønnene opp for denne typen jobbar.

6. Det er idiotisk å gi pengar til dei som alt har mykje
UBI krev at alle får den same overføringa, uansett om dei har mykje eller lite frå før. Det kan verka som ein dårleg idé, for dei rike har jo ikkje bruk for endå meir. Men poenget er å gjera det enkelt, i tillegg til at dei rike må betala meir i skatt enn dei får att i overføring. Det er såleis ei overføring frå dei rike til dei fattige.

Dersom ein begynner å rota med den enkle idéen om ei fast, vilkårslaus overføring til alle, aukar byråkratiet fort og ein vil gå i den same fella som dagens politikk: Eit forsøk på millimeter-rettferd som verken er rettferdig eller effektivt, men som skaper eit enormt byråkrati og eit villniss av lover og reglar.

7. Lediggang er rota til alt vondt!
Skal folk få betaling utan å gjera nokon ting? Svaret er JA. Forsøk har vist at folk ikkje blir liggjande på sofaen og venta på utbetaling. Men om så var, ville det kanskje vera bra for den globale utviklinga og klimatrusselen?

Den moralske indignasjonen er sterk og det er kanskje denne delen som er den mest radikale. At folk skal få betalt utan at det blir krevd noko tilbake, verkar framandt for dei fleste. Men dette er kjernen i UBI. Det skal ikkje krevjast noko for å få inntekta; det skal ikkje søkjast og det skal ikkje rapporterast. Folk kan gjera akkurat kva dei vil med pengane dei får.

8. Vil føra til sløsing og dårlege vanar
Dette er ein del av dei moralske, for ikkje å seia moralistiske, argumenta. Folk kjem til å bruka pengane på "dårlege" ting; rusproblema vil auka. For det første viser forsøk at det ikkje skjer, men igjen: er det berre "overklassen" som skal ha rett til å sløsa pengar på "unyttige" og "dårlege" ting?

Det er også ei typisk paternalistisk haldning, som dessverre ligg til grunn for dagens politikk: Staten veit kva som er best for folk og vil "dytta" dei i "rett" retning.

9. Universell basisinntekt vil føra til større innvandring
Det vil vera freistande for mange å få del i ei vilkårslaus utbetalingsordning. Men her må ein hugsa på at "vilkårslaus" likevel ikkje er 100 % utan vilkår. Det bør til dømes setjast som krav at ordninga gjeld for statsborgarar i landet, og det tek som kjent lang tid å opparbeida ein slik rett.

Forsøk med UBI
Universell basisinntekt er prøvd ut i fleire land, i avgrensa målestokk. Dei fleste forsøka er utførte i utviklingsland, blant fattige. Resultata er eintydig positive:

  • Fattigdommen vart redusert
  • Dei fleste brukte pengane fornuftig 
  • Det vart ei større utjamning innan familiane (kvinner fekk like mykje utbetalt som menn; det var ikkje ei utbetaling til familien)
  • Folk arbeidde meir, ikkje mindre
  • Dei einaste som arbeida mindre var barn som brukte meir tid på skulen

Resultata burde føra til at det meste av uhjelp vart gitt på denne måten. Men her er problemet at uhjelp har vorte ein eigen industri med store hjelpeorganisasjonar og ordningar som også skal tena givarlandet.

Det er færre forsøk i vestlege land eller andre industrialiserte land. Eit anna problem er at ein del av forsøka som er utførte, ikkje kan kallast ekte basisinntekt.

I Alaska er det oppretta eit fond for ein del av oljeinntektene (ikkje alle) som følgje av oljeutvinninga. The Alaska Permanent Fund vart oppretta i 1977 og har vakse til $55 milliardar i 2015. Dei årlege avkastaningane blir brukte til inflasjonsjustering, administrasjon og årleg utdeling til innbyggjarane (Permanent Fund Dividend).

Dividenden blir utbetalt til alle som har budd i Alaska det siste fulle kalenderåret. Om du flytta til staten 2. januar må du venta eit heilt år før oppteningsperioden din startar. Utbetalingane tek utgangspunkt i eit gjennomsnitt av dei fem siste åra og har variert frå $331 i 1984 til $2.072 i 2015. Dei tre siste åra (2016-2018) har utbetalingane vorte reduserte på grunn av politiske vedtak. Ordninga kvalifiserer ikkje som ekte UBI sidan det ikkje er utbetaling av ein fast sum og heller ikkje månadlege utbetalingar.

Finland prøvde ut ei slags basisinntekt for ei gruppe arbeidsledige i 2017. Ei fast, månadleg utbetaling på €560 vart gitt til ei utvald gruppe på 2000 unge, arbeidsledige personar. På same tida vart ei anna gruppe på 2000 arbeidsledige valde ut som kontrollgruppe.

Professor Heikki Hiilamo ved universitetet i Helsinki karakteriserer dei første erfaringane frå forsøket som mislykka. Det førte ikkje til nemneverdig reduksjon i arbeidsløyse og sjølv om tilbakemeldingane frå dei som mottok støtta var positive, blir denne delen av resultata karakterisert som usikker. Det finske forsøket kvalifiserer ikkje som universell basisinntekt sidan støtta berre vart gitt til eit utval personar. Men forsøket er interessant sidan det vart lagt opp som eit ekte forskingsprosjekt.

Hovudmålet med prosjektet var å sjå om denne typen vilkårslaus støtte ville gi betre effekt på arbeidssituasjonen til dei involverte, altså at fleire kom i arbeid. Enkelt sagt ville finnane finna ut om gulrot fungerte betre enn pisk. Men det kan stillast spørsmål om det blir feil å konkludera med at UBI ikkje fungerer, når målsetjinga var slik den var. Hovudmålsetjinga for UBI er ikkje fleire folk i arbeid, men sosial rettferd, redusert fattigdom og redusert ulikskap, og samla sett å styrka sjølvkjensla til dei svakaste i samfunnet. Ut frå dette kan det hevdast at finnane konkluderer feil. Ja, forsøket viste at det ikkje vart fleire som kom i arbeid, men ut frå det å konkludera at UBI ikkje fungerer, blir feil.

Ein annan ting som forstyrra forsøket, var at det vart innført ein ny stimuleringspolitikk i prosjektperioden. Kontrollgruppa vart dermed "forstyrra" og forskingsmessig må prosjektet karakteriserast som mislykka.

Scott Santens, ivrig tilhengjar av universell basisinntekt, har ei meir reflektert, og naturleg nok positiv , oppsummering av forsøket i Finland.

Sveits gjennomførte ei folkeavrøysting i 2016 om innføring av universell basisinntekt. 23 % stemde for forslaget og frammøteprosenten var 46,4. Sjølv om resultatet vart negativt, var det mykje positivt å henta frå avstemminga. Saka fekk stor merksemd, også utanfor Sveits. Det var ein lite finansiert tilhengjarkampanje, og det må også takast med i vurderinga av avstemmingsresultatet. Det blir også sagt at dei fleste endringane i Sveits ikkje går gjennom i første forsøk, men må ha fleire avstemmingar. Saka om UBI er ikkje ferdig i Sveits, den har berre såvidt begynt.

Kva no?
Sjølv om både Sveits og Finland sine erfaringar kan verka som tilbakeslag for innføring av UBI, er det truleg meir rett å vurdera dei som interessante, første tilnærmingar til noko som med ganske stor sikkerheit vil føra til ordningar med basisinntekt eller sosial dividende.

Guy Standing argumenterer for fleire og betre forsøk med UBI og gir også ei oppskrift på korleis slike forsøk bør organiserast og gjennomførast. Det som kan synast utenkjeleg akkurat no, blir om ei tid sett på som utenkjeleg at det ikkje vart gjennomført tidlegare. Som økonom og Nobelpris-vinnar Milton Friedman formulerte det:
"Our basic function is to develop alternatives to existing policy, keep them alive and available until the politically impossible become the politically inevitable"

2 kommentarer:

נורית אבוטבול sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av en bloggadministrator.
Safa Sadat sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av en bloggadministrator.