søndag 14. februar 2021

Det merkelege kryptouniverset

" I kryptoland, der kan alt gå an". Ja, det er eit skikkeleg bakvendtland, som Prøysen sang om. Det er ein ting som ikkje er merkeleg, det er Bitcoin. Med unnatak av nokre få andre kryptovalutaer, er det meste uforståeleg, og eg skal gi nokre eksempel.

I dagens euforiske kryptomarknad, stig kursane på så å seia alle kryptovalutaer, og prosentvis stig dei mykje meir på ein del altcoins enn Bitcoin. Er det då betre investeringar? Dette minner veldig om 2017, der Bitcoin også løfta alle andre. Men den som investerte ein god del i altcoin i 2017, veit i dag at det var ein tabbe. Det er berre å sjå på kursane på slutten av 2017 og samanlikna med i dag. Med unnatak av Ethereum, er det ingen som har komme tilbake til dei høgdene dei opplevde for tre år sidan.

Som eksempel på kryptovalutaer med uforklarleg kursauke den siste tida, har eg valt Ripple, IOTA,  Ethereum Classic og Dogecoin. Det er litt tilfeldig, det kunne ha vore mange andre også.

Ripple/XRP

Ripple har lenge vore ein av kryptovalutaene med høgst verdsetjing, og var ei stund nummer to bak Bitcoin. Men då det vart kjent at SEC (The Security and Exchange Commission) i USA starta gransking av valutaen, og avgjorde at XRP er eit verdipapir ("security"), gjekk kursen naturleg nok dramatisk ned. Saka er ikkje avgjort, men mykje talar for at Ripple ikkje kan halda fram med XRP som før, og dagens kursauke ser difor ut som å kjøpa aksjar i ei bedrift som med stor sannsynlegheit går konkurs.


IOTA
IOTA har eit spesielt fotfeste i Norge sidan ein av opphavspersonane, David Sønstebø, er norsk. Dei har i tillegg vore gode på marknadsføring og fått i gang mange prosjekt. IOTA er ikkje basert på typisk blokkjedeteknologi, men på det som heiter asyklisk graf (grafen har berre ein retning og kan ikkje peika tilbake). 

Som nesten alle altcoin, hevdar også IOTA at dei har løyst problema med Bitcoin (kapasitet og energibruk). Men som med alle andre altcoin blir den viktige eigenskapen desentralitet hoppa lett over. I februar i fjor vart heile IOTA-systemet stengt ned etter at det vart funne ein kritisk feil i den offisielle lommeboka Trinity, og nokon hadde utnytta feilen. Systemet var stengt i ein heil månad før det vart starta opp att. Går det an å stengja ned eit desentralisert nettverk? Sjølvsagt ikkje, og det viste med all tydelegheit at IOTA er eit sentralisert system. 

I tillegg har det vore ein del andre merkelege saker med IOTA. Då MIT avslørte svakheiter i den "heimesnekra" hash-løysinga for ei tid tilbake, vart dei møtte med aggressive skuldingar, i staden for å bli takka for å prøva å gjera systemet meir sikkert. Også andre forskarar har vorte møtte med liknande skuldingar. På toppen har det vore mykje bråk i IOTA Foundation mellom oppstartspersonane. Første vart Sergey Ivancheglo kasta ut, og i desember i fjor vart det klar at også David Sønstebø komme på kant med stiftelsen og har vorte kasta ut.

Trass i alt dette, aukar kursen på IOTA for tida (men den er likevel berre verdt i underkant av 25 % av toppnoteringa i 2017..).

Ethereum Classic
Det siste eksempelet er Ethereum Classic (etc), greina av Ethereum som heldt fast på mantraet om uforanderlegheit og nekta å rulla tilbake etter The DAO-skandalen sommaren 2016. Akkurat det tener kryptovalutaen til ære. Eg var sjølv ein av dei som tenkte at å rulla tilbake historikken ville vera heilt øydeleggjande for Ethereum, og fjerna all tillit til systemet. Men i kryptoland, der kan alt gå an..

Ethereum Classic har levd i skuggen av Ethereum (eth) og har aldri klart å etablera seg som eit alternativ til hovudgreina. Ein liten valuta basert på proof of work, har store utfordringar med sikkerheit. Det var difor ikkje merkeleg at det skjedde angrep på valuten ved såkalla dobbel-bruk (double spending). Ikkje berre ein gang, men tre ganger skjedde det slike angrep i fjor. Det viser ein valuta som eigentleg er for svak til å stå i mot angrep, og som difor har store problem. 

Det merkelege var at kursen ikkje endra seg nemneverdig. Ein skulle tru at tre slike angrep på rappen ville ha køyrt kursen ned mot null, men slik vart det ikkje. Og no stig kursen på etc som på alle andre altcoin. Kryptouniverset er i sanning eit merkeleg univers der vanlege lover ser ut til å vera oppheva.



Dogecoin

Det siste eksempelet er Dogecoin. Den vart etablert i 2014 som ein vits, eigentleg for å visa kor enkelt det var å laga ein kryptovaluta og til og med skapa verdiar i den. Kryptovalutaen vart laga av Jackson Palmer (Australia) og Billy Markus (USA) og var frå første stund meint som ein vits. Dogecoin er i det minste ein ærleg vits, i motsetning til mange (dei fleste?) altcoin som er ein dårleg vits.

I tråd med spøken har Dogecoin-samfunnet gjort ein del herlege stunt. Dei sponsa bobsleigh-laget frå Jamaica (?!) som ikkje hadde råd til å reisa til OL i Russland i 2014. Dogecoin-stiftelsen har også finansiert humantitære tiltak i Afrika (Kenya).

Dogecoin fekk eit veldig løft då Elon Musk snakka kryptovalutaen opp tidlegare i vinter. Trass i at det knapt har vore utvikling i programkoden dei siste åra, har Dogecoin hatt ein enorm kursauke. Det er rett og slett ikkje til å forstå!


Ingen kommentarer: