Tim O'Reilly har skrive ein innsiktsfull artikkel om kva som ligg i begrepet 'Web 2.0'.
Det er altså ikkje ei produktoppgradering som ligg bak namnet, men eit skifte av fokus frå ein måte å tenkja web og web-utvikling på, til ei anna. O'Reilly symboliserer generasjonsskiftet med slike eksempel:
Web 1.0 -> Web 2.0
----------------------------------------
DoubleClick -> Google AdSense
Britannica Online -> Wikipedia
Personlege websider -> Blogg
Sidevisingar -> 'Cost per click'
'Screen scraping' -> Web services
Directories -> Tagging ("folksonomies")
Google og Amazon blir haldne fram som eksempel på den nye bølgja som karakteriserer Web 2.0. Det er framfor alt brukarinvolvering som kjennerteiknar den. Brukarane blir med-utviklarar på tenestene og står for mykje av innhaldet. Hjå Google blir alle søka ein svært verdifull base, ikkje minst utnytta reklamemessig. Hjå Amazon blir brukarmønster utnytta til meir boksal og bokmeldingar blir ein viktig del av omtale og innhald.
AJAX er begrepet som teknisk sett blir kopla til Web 2.0. AJAX er ikkje ein spesiell teknologi, det er ei samling av ulike teknologiar, men med eit felles føremål: brukarane skal ha ei kjensle av direkte tilbakemelding utan unødig venting. Inntasting frå brukarane blir behandla på sparket, utan at det er nødvendig med 'Send', 'Utfør' eller liknande asynkrone opplegg. Sentrale element i AJAX er:
- standardar som XHTML og CSS
- dynamisk vising og interaksjon basert på DOM - Document Object Model
- datahandtering og -manipulering ved XML og XSLT
- asynkron datafangst ved bruk av XMLHttpRequest
- JavaScript som bind det heile saman
Men les Tim O'Reillys artikkel om Web 2.0 og finn ut sjølv...