Bitcoin og pengemakt
Dag og Tid har på
nytt ein kritisk og einsidig artikkel om Bitcoin og brukar Alex de Vries som
hovudkjelde. Avisa skuldar å gjera lesarane merksame på at de Vries på ingen
måte er ei nøytral kjelde i dette spørsmålet. Han er tilsett i den nederlandske
sentralbanken og er også støtta av konsulent-firmaet PwC, eigd av IBM, og har
ytra seg aktivt mot Bitcoin sidan han starta bloggen Digiconomist i 2014. For
ei meir truverdig kjelde bør Dag og Tid heller bruka Cambridge Centre for
Alternative Finance ved Cambridge University. Der er det forskarar som reknar
på Bitcoin sin energibruk og som har eit nøytralt utgangspunkt i motsetnad til
de Vries.
Den vakne lesaren,
som Dag og Tid har mange av, såg kanskje at det var ei kopling, om enn truleg
utilsikta, mellom Jan Inge Sørbø sin artikkel «Totalitær pengemakt» og
artikkelen om Bitcoin. For dei som ikkje såg det, oppmodar eg om å lesa Sørbø
sine gode artikkel på nytt, men denne gangen med Bitcoin i minnet. Den
totalitære pengemakta Sørbø skriv om, blir halden oppe av dagens finanssystem.
Det er eit system som er grunnleggjande urettferdig der dei største aktørane
får dei største fordelane, og der dei svakaste ikkje får tilgang i det heile.
Det har vorte svært synleg etter finanskrisa i 2008 og no under pandemien.. Gründeren Naval Ravikant i Silicon
Valley har forklart Bitcoin på denne måten:
“Bitcoin is a tool for
freeing humanity from oligarchs and tyrants, dressed up as a get-rich-quick
scheme.”
Bitcoin er eit
alternativ til dagens urettferdige finanssystem og utfordrar pengemakta Sørbø
omtalar. Når det er sagt, vil eg leggja til at eg ikkje trur Bitcoin som valuta
vil erstatta dagens pengar, men vera eit viktig alternativ og korrektiv.
Samstundes kan Bitcoin bli eit viktig alternativ for alle dei som ikkje har
tilgang til banktenester i dag. Afrika er alt det kontinentet der Bitcoin har
kraftigast vekst, og det er neppe berre på grunn av spekulasjon.
Ja, Bitcoin brukar
mykje elektrisk kraft og det er det som gjer systemet til det sikraste, opne
datasystemet i verda. Energibruken er for å sikra blokkjeda mot forfalsking og
svindel, og ikkje for å «grava» fram nye myntar. Her er artikkelen i Dag og Tid
villeiande. Nye bitcoin blir tildelte den gravaren som først finn svaret på ei
matematisk oppgåve, som godtgjersle for utført arbeid. Dette er den moderne
varianten av Aasmund Olavsson Vinje sitt velkjende svar på spørsmålet om kva
pengar er: «Pengar er storkna mannesveitte». I vår tid er denne sveitten bytt
ut med datamaskiner, men prinsippet er det same: pengane er uløyseleg knytte til
arbeidet som blir sett inn. På dataspråket heiter det «proof of work»; bevis på
utført arbeid.
Eg håpar Dag og Tid
vil skriva meir om dette, men då utan skylappane som stengjer for vidsynet.