Dette lesarinnlegget vart publisert i Dagens Næringsliv 1. november i år. No veit me at Trump vann presidentvalet og at Ross Ulbricht etter all sannsynlegheit vil bli ein fri mann etter 20. januar 2025, om Trump held det han lova. Me har lært at Trump ikkje er å stola på, men akkurat denne lovnaden trur eg han er nøydd til å innfri.
Faksimile frå DN 1. nov. 2024 |
Presidentval på liv og død
For Ross Ulbricht er tysdagens presidentval i USA meir spennande enn for dei fleste. Utfallet vil anten bety at han blir ein fri mann eller endar livet i fengsel.
Ross Ulbricht har sona meir enn ti år av ein dom på to gonger livstid pluss 40 år. I USA er betyr livstid livet ut, og Ross Ulbricht har brukt opp alle ankemulegheiter. Det einaste som kan redda han frå å bli verande livet ut i fengsel, er at ein president benådar han.
Det er nettopp det presidentkandidat Donald Trump har sagt han vil gjera, på dag ein av presidentgjerninga si. Kvifor han har valt ut Ulbricht er litt uklart, men det heng truleg saman med den nye kursen Trump har teke når det gjeld bitcoin. Ross Ulbricht har vorte eit viktig symbol på den urettferdige måten styresmaktene, og særleg demokratane, har behandla bitcoin på.
Trump er «som ein middelalderfyrste, sleip som faen», som rettshistorikar Jørn Øyrehagen Sunde karakteriserte han i denne avisa for ikkje lenge sidan. Ingen skal tvila på Trumps kynisme, men i den kraftige slagsida den amerikanske presidentvalkampen har i norske medier, kan det vera greitt med litt balanse der det er grunn til det, og utan at det må oppfattast som støtte til Trump generelt.
Kamala Harris har ikkje gjort til kjenne kva politikk ho vil føra på bitcoin- og kryptoområdet. Det lettaste for ho vil kanskje vera å vidareføra Biden-administrasjonen sin kamp mot kryptovaluta, men strategisk sett kan det også kosta ho ein god del stemmer. I vippestatane kan sjølv små endringar gi store utslag. Men Harris vil neppe finna på å setja fri Ross Ulbricht, hardtslåande statsadvokat som ho har vore.
Ross Ulbricht stod bak nett-tenesta Silk Road, ei slags Finn.no for både lovlege og ulovlege varer på det som ofte blir kalla det «mørke» nettet. Det var dei ulovlege varene som var mest etterspurde, særleg narkotika. Tenesta brukte bitcoin som betalingsmiddel og var i perioden 2011–2013 ein viktig drivar for bitcoins vekst. Hausten 2013 vart 29 år gamle Ulbricht avslørt som mannen bak Silk Road, og i rettssaka året etter vart han dømd til den før nemnde brutalt harde dommen.
Tiltalepunkta han vart dømd for, var engasjement i ei pågåande kriminell verksemd, sal og distribusjon av narkotika, kvitvasking av pengar, dokumentfalsk og datahacking. Dommen skulle statuera eit eksempel og skremma andre frå å engasjera seg i kriminell bruk av bitcoin. Kanskje låg det også eit håp om å kunna stoppa bitcoin i seg sjølv.
Den delen av bitcoin som blir brukt til kriminelle aktivitetar, har gått kraftig ned sidan 2013. Men om det skuldast dommen mot Ross Ulbricht, er tvilsamt. Det er meir sannsynleg at bitcoin har vorte omfamna av stadig nye brukargrupper, i tillegg til at kriminelle har funne ut at bitcoin trass alt er sporbart.
Presidentvalet 5. november vil bli følgt med spente auge både i USA og resten av verda. Men mest nervepirrande vil det bli for innsett nr. 18870111 i US Penitentiary, Tucson, Ross Ulbricht.