Pengeoverføring mellom privatpersonar i ulike land, såkalla "remittances", vart tidleg peika ut som Bitcoins "killer app". For kor vanskeleg kunne det eigentleg vera å ta rotta på Western Union og MoneyGram med eit system med nær null i gebyr? Ganske vanskeleg, skulle det visa seg. Louis Buenaventura er filippinsk Bitcoin-gründer og har vore med på dette nesten sidan starten. I boka "Reinventing Remittances with Bitcoin - The Bootstrapper's Guide to Bitcoin Remittances" fortel han om problema og mulegheitene med slik forretning.
Last mile
Vanskane som møtte Bitcoin-entusiastane kan kort summerast som "last mile"-problem. Den lettaste delen er å overføra bitcoin mellom to land, t.d. Hong Kong og Filippinane, men problemet er å få pengane fram til mottakaren. Mottakaren er gjerne ein fattig familie langt ute i periferien, utan Internett og utan telefon. Akkurat det siste stemmer kanskje ikkje, dei aller fleste har no mobil-telefonar. Men problemet med å nå fram til mottakaren er like reelt.
Bloom
Louis Buenaventura var med og starta rebit.ph, ei bedrift som skulle overføra pengar til Filippinane frå gjestearbeidarar primært i Hong Kong. Seinare har han gått over til Bloom Solutions, ei bedrift som også driv i pengeoverførings-bransjen.
Bloom har løyst det ved å konsentrera forretningsidéen om nettopp "last mile". Dei tek i mot bitcoin i avsendar-landet (NB! Dei vekslar ikkje), og levererer ut lokal valuta i mottakarlandet Filippinane. Det gjer dei ved å samarbeida med dei mange pante-lånarane i landet. På Filippinane er det nettverket av pantelånarar ("pawn shops") som er ryggrada i finansstrukturen, ikkje bankar. Bloom tilbyr eit API for bedrifter som tek seg av "first mile", og tilbyr eit nettverk for ruting av betalingar til "last mile".
Bloom tilbyr ei laus tilknyting til the Bloom Network for alle som er interesserte. Litt spøkefullt kallar dei konseptet Eastern Union.. Men i motsetnad til dei gamle monopolistiske systema som Western Union og andre representerer, ønskjer Bloom å byggja eit ope nettverk for pengeoverførings-aktørar.
Pengeroverføring/Remittances
Pengeoverføring, som i "remittance", har eit stort volum på verdsbasis. Det er større enn summen av naudhjelp og andre støtteordningar, og er slik sett noko av den viktigaste inntekta for fattige land. Filippinane er nummer tre på lista over dei største mottakarane av slike pengeoverføringar, etter Kina og India. Nokre overføringskorridorar er viktigare enn andre.
På verdsbasis er det rekna med at nær US $600 mrd. blir overførte frå personar i rikare land, til familie og venner i fattigare land. Dei største mottakarlanda er India, Kina, Filippinane og Mexico. Dei viktigaste korridorane, dvs. dei to landa det blir sendt pengar mellom, er USA - Mexico, UAE - India, og USA - Kina.
Fordeler med Bitcoin
Mange av fordelane med bruk av Bitcoin til denne typen overføringar, er opplagde:

- rask overføring (nær sanntid)
- mottakar slepp å ha store reserar av dollar eller andre typar kontantar
- går utanom alle dei vanlege betalingskanalane og -aktørane (som alle skal ha sin del av kaka!)
og kanskje ikkje så opplagt:
- mykje av overføringane skjer "off-chain" og avstemminga skjer ved ei stor Bitcoin-overføring i staden for fleire hundre små (viktig i desse dagar der gebyra har begynt å bli relativt store)
Ulemper med Bitcoin
- dårleg utvikla marknad for sal av bitcoin i mottakarlandet (dårleg likviditet)
- på grunn av det ineffektive ordinære finanssystemet må utbetalingskontora ha eit lager/buffer med lokal valuta, og Bloom i dette tilfellet, må ta ansvar for dette (dette er det same problemet som trad. overføringsaktørar som Western Union har og som gjer pengeoverføringar dyre)
- i tider med fallande bitcoin-kurs er bitcoin som ei gloheit potet du må kvitta deg med fortast muleg - og det kan vera vanskeleg
BitPesa
I Kenya har mobil-betalinga MPesa hatt eventyrleg suksess og står no for xx av all betaling internt i landet. BitPesa starta pengeoverføring frå andre land, først Storbritannia, og integrerte så bitcoin-overføringa med MPesa-systemet. Etter kvart kjede Safari.com, mobil-selskapet som eig MPesa, seg trua og stengde BitPesa ute. Saka gjekk til domstolane og Safari.com fekk medhald. Det viser problemet med private pengeoverføringssystem, men er ikkje noko annleis enn t.d. systema i Norge. Å få eit bitcoin-basert overføringssystem integrert med Vipps ville heller ikkje bli lett..
Bitspark
Bitspark er ei bedrift som driv pengeoverføring med bitcoin frå Hong Kong og primært til Filippinane og Indonesia. Gjestearbeidarar i Hong Kong sender meir enn $ 800 mill. i løpet av eit år til desse to heimlanda. Sidan målgruppa både for "first" og "last" mile stort sett er lite utdanna personar med lite teknologisk kompetanse, måtte bitcoin gøymast så godt som muleg. Bitspark utvikla difor eit cash-in og cash-out-system der bitcoin berre vart brukt som transportmedium. Dei utvikla også tidleg ein pre-fund-modell der dei berre gjorde bitcoin-avstemming ein gang om dagen. Det skulle visa seg å vera lurt etter kvart som gebyra for bitcoin-transaksjonar steig.
Abra
Abra kallar seg "the Uber of remittances" med ei klar målestjing om disrupsjon. På same måten som alle bileigarar i prinsippet kan bli Uber-sjåførar, kan også alle personar med likviditet til overs, bli Abra-formidlarar.
Abra sin forretningsmodell består av "tellers", dvs. personar som tek i mot kontantar i ein ende av systemet og betalar ut kontantar i den andre enden. Det er eit slags digitalt Hawala-system. På denne måten har Abra unngått godkjenning som betalingsformidlar, dei er berre formidlarar av betalingsformidlarar (!).
Men det ironiske er at Abra har vorte avhengig av lokale, tradisjonelle pengeoverførings-bedrifter, dei som dei i utgangspunktet skulle konkurrera ut!
OKCoin og OKLink
OKCoin er ein av dei største Bitcoin-vekslingstenestene (den største?) og dei ønskjer å bruka US $100 mill. på å subsidiera gebyr for å bruka deira nettverk for pengeoverføring. Dei ønskjer å bli eit nav for alle pengeoverførings-bedriftene i verda og er villege til å "kjøpa" kundane som skal til for å etablera nettverket. OKCoins forretningsmodell er som eit slags SWIFT for pengeoverføring. Det er bitcoin som skal brukast til avstemming av overføringar mellom land.
Western Union
Korleis møter så Western Union og andre tradisjonelle betalingsformidlarar den nye bitcoin-baserte konkurransen? WU har integrert betalingssystemet med chat-verktøy som WeChat og Viber. Men gebyra er framleis høgare enn for bitcoin-transaksjonar. Gamle synder er vanskelege å bli kvitt, og tung og dyr infrastruktur er også vanskeleg å bli kvitt.
Status for Bitcoin og pengeoverføring
Etter ein første euforisk fase har Bitcoin-industrien på dette området fått bakkekontakt, særleg med "last mile", og har bedriftene har utvikla forretningsmodellar som på ulike måtar prøver å møta desse utfordringane. Bitcoin-baserte pengeformidlarar tek gradvis større marknadsandeler, og for betlingsoverføringar til Filippinane reknar Louis Buenaventura med at dei no har 20-30 % av den totale overføringa.
Bitcoin og kryptovaluta er framtida for pengeoverføring mellom land. Det tek berre litt lenger tid enn første tenkt.